Hopp til innhold

I Midtausten for første gong: Kongens første store oppdrag etter sjukemeldinga

AMMAN (NRK): Kongeparet er på plass i Jordans hovudstad, på det første statsbesøket sitt til eit land i Midtausten. Dette er òg det første store oppdraget deira etter den tunge tida.

Dronning Sonja og kong Harald er på statsbesøk i Jordan

Kong Harald og dronning Sonja er på plass i Jordans hovudstad Amman.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

I kveld er Kong Harald og dronning Sonja middagsgjester hos den norske ambassadøren i Amman i Jordan, der møter dei delegasjonen som skal følgje dei når statsbesøket startar måndag.

Statsbesøket er det første store oppdraget deira etter den tunge tida etter at tidlegare svigerson Ari Behn tok livet sitt 1. juledag.

Både kong Harald og dronning Sonja avlyste oppdrag etter dødsfallet. Kongehuset opga då det var «påkjenningane den siste tida» som var årsaka til avlysningene.

Kongen vart òg på nyåret innlagt på sjukehus og sjukemeldt på grunn av svimmelheit.

– Eg har veldig respekt for at dei faktisk gjer det, for det har vore ein usedvanleg tøff vinter for heile kongehuset. Og det betyr òg at vi er enormt takksame for at dei likevel gjennomfører besøket, som har vore planlagt i lang tid. Eg veit at dei har sett fram til dette besøket, òg fordi dei har nære relasjonar til kongeparet her, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide til NRK.

Statsbesøk nummer 50

Kong Harald og dronning Sonja har reist verda rundt for Noreg. Statsbesøket til Jordan er statsbesøket deira nummer 50 til utlandet.

I 1991 drog eit nybakt kongepar for fyrste gong ut i verda på vegner av nasjonen Noreg. Dei reiste då til naboane, til den nære kongeslekta i Danmark.

Året etter gjekk turen til Sverige – sidan har det gått slag i slag.

På statsbesøk er jobben å pleie forholdet til landet ein gjester.

Verdsleiarar har teke imot det norske statsoverhovudet etter tur: Nelson Mandela ønskte velkomen til Sør-Afrika etter fire år som president, Boris Jeltsin var vert i Kreml, medan Jiang Zemin leia den stramme seremonien på Himmelfredsplassen i Beijing.

Det er seremonielt og presist på statsbesøk. Bortsett frå i USA i 1995 – der vertskapet ikkje var klare då gjestene kom til Det kvite huset. At kong Harald og dronning Sonja måtte vente før president Bill Clinton og fru Hillary dukka opp vart toppsaka på CNN den kvelden.

Skal opne marknader

– Dette er eit lenge planlagt besøk, etter at det jordanske kongeparet var i Noreg i 2000. Kort tid etter blei et statsbesøk til Israel og Palestina avlyst på grunn av urolighetene i regionen. Kronprinsparet har derimot vore i regionen, og kongeparet har ei stor interesse for Midtausten. Kongeparet gjer alltid ein fantastisk innsats, eigentleg langt utover det vi kan forvente. Dei har ein genuin interesse og kunnskap for landa dei besøker, seier Søreide.

Kongeparet reiser på oppdrag frå den norske regjeringa. Dei skal opne marknader for norsk næringsliv og vise verda kva Noreg har å by på.

Reisa har fleire gongar gått til nasjonar som står ved vanskelege vegskilje, som Tyrkia, der ytringsfridom vart tema i ei tid då Erdogan stramma skruen for den frie pressa.

Eit anna døme er Myanmar, der kongen fyrst skrytte optimistisk av demokratiseringsprosessen, før han forstod at styremaktene jamna heimane til fattigfolk med jorda for å lage velkomstfest for han.

SISTE NYTT

Siste nytt