Hopp til innhold

Kommunar slår alarm om busetjing av nesten 1500 kvoteflyktningar

Fleire kommunar etterlyser ei sentral løysing for å handtere kvoteflyktningar som må i karantene ved innreise. Då Bergen tok imot ein familie den 12. mars, møtte dei på fleire utfordringar.

Grethe Baldersheim, Bergen kommune

BEKYMRA: Grethe Baldersheim er leiar for introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune.

Foto: Karoline Finnema / NRK

– Dei følte nok at vi tok imot dei på ein svært kjølig måte, seier Grethe Baldersheim, som er leiar for introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune.

Dei tilsette kunne ikkje handhelse på familien då dei landa på Flesland. Dei måtte halde to meters avstand og maten vart sett på trappa.

– Det var ein kaotisk situasjon for alle, seier Baldersheim.

Når ein nett har kome til landet og alt er nytt, er det mykje ein må sette seg inn i.

Då familien kom til Bergen, måtte dei rett i karantene, i eigen bustad. Å følgje opp familien som kom den 12. mars, og lære dei det mest grunnleggjande, opplevde kommunen som vanskeleg med koronarestriksjonar.

I tillegg var dei bekymra for sikkerheita til familien med tanke på brann og sjukdom.

– Dei skal mellom anna få opplæring i komfyr, vatn, straum og brannsikkerheit.

– Her måtte vi gjere alt medan vi heldt avstand. Vi stod i døra og peikte. Det var ekstra krevjande.

Opnar for mottak av flyktningar

Frå midten av august opnar Noreg for å busette kvoteflyktningar att, etter eit opphald på fleire månadar grunna korona.

I dag er det 1451 kvoteflyktningar med innreiseløyve som ventar på å få kome til Noreg utover hausten.

Som alle andre som har oppheldt seg i sokalla «raude» land, må kvoteflyktningane i karantene i ti dagar. I midten av august kjem dei fyrste kvoteflyktningane til Bergen, etter koronapandemien starta. Det er ein syrisk familie på fem. Men mykje er framleis uklart.

Bergen kommune er ikkje dei einaste som er bekymra for utfordringane busettinga vil føre med seg. Kommunar landet over engstar seg no for å ta imot kvoteflyktningar som må rett i karantene.

Bekymringsmeldingar

Kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon i Noreg (KS), har teke imot bekymringsmeldingar frå fleire av dei 67 kommunane som har sagt seg villige til å ta imot kvoteflyktningar no.

Dei meiner at Justis -og beredskapsdepartementet (JD) og Kunnskapsdepartementet (KUD) burde hatt ein dialog med kommunane før dei tok avgjersla om at kvoteflyktningane skal ha karantene i eigne bustadar.

Portrett av Helge Eide, direktør for interessepolitikk, KS

ØNSKJER EIN DIALOG: Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

Foto: Johnny Syversen

– Vi ønskjer å snakke med JD og KUD, og ikkje berre få tredd ned ei ferdig løysing over hovudet slik som no, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

– Akkurat no, so føler vi at dei legg det på kommunane utan å sjå dei utfordringane som vi faktisk står overfor, fortel Baldersheim.

No kjempar dei for ei sentralisert løysing på karantenetida for kvoteflyktningane.

KS har på vegner av kommunane sendt eit brev til JD der dei legg fram bekymringane og kjem med ei alternativ løysing på problemet. Forslaget er å nytte eit sentralt innreisesenter eller mottak, for å vareta kvoteflyktningane til dei er ferdige med karantenetida.

– Det vert meir ressurskrevjande å følgje opp den enkelte familie i karantenetida. Med tanke på butrening, kontakt med tolk, kontakt med politi og so vidare. Difor er det behov for ei meir sentralisert løysing i karantenetida, seier Eide.

Han påpeiker at dette verkeleg kan verte eit stort problem når talet på kvoteflyktningar aukar seinare i haust. Baldersheim er også positiv til denne løysinga.

– Mottaka er vane med å ta imot større grupper som kjem direkte frå utlandet, dei er meir førebudde på den typen jobbar. Dei er betre trente i smittevern enn det kommunane er.

Ankomstsenter Østfold i Råde

MOGELEG LØYSING: KS og fleire norske kommunar foreslår å nytte det nasjonale innreisesenteret i Råde kommune, for å ivareta kvoteflyktningane i karantenetida.

Foto: Lotte Olsen / NRK

I brevet skriv KS vidare at ein kan nytte det nasjonale innreisesenteret i Råde kommune, som står tomt og kan romme opp til 1000 personar.

Gir ikkje etter

Avgjerda om at kvoteflyktningane skal ha karantene i eigen bustad, er det Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har tatt etter rådføring frå UDI.

Tanken er at busettinga skal verte mest mogeleg normal, opplyser UDI i ein e-post til NRK.

Justis- og beredskapsdepartementet gir ikkje etter for bekymringsmeldingane frå KS og kommunane.

– Det er slik systemet er i dag. Vi har ikkje gitt kommunane noko anna ansvar enn det dei har til vanleg, svarar statssekretær i Justis -og beredskapsdepartementet, Lars Jacob Hiim.

Lars Jacob Hiim

GIR IKKJE ETTER: Statssekretær Lars Jacob Hiim svarar for Justis -og beredskapsdepartementet

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Vidare viser han til at dei fleste har fått god kompetanse på smittevern no, og at kommunane ikkje er noko unntak. Han meiner også at det gir meining at flyktningane har karantene i eigen bustad:

– For på mottak har ein til dømes felles kantine og felles bad, som kan føre til utfordringar når ein sit i karantene.

– Mottaket på Råde er dessutan under ombygging, so der er det berre plass til 300 personar no.

KS og Baldersheim gir ikkje opp kampen om ei sentralisert løysing.

– Om det er mogeleg å sjå på saka på nytt, so hadde vi sett pris på det.

Men Baldersheim understreker at dei gler seg til å endeleg ta imot flyktningar att, og at dei arbeider for å finne gode løysingar for å ta imot dei som kjem.

AKTUELT NÅ