Hopp til innhold

Ber folk førebu seg på gebyrsjokk

No aukar mange kommunar gebyra for vatn og avløp kraftig. – Mange kjem til å få eit ordentleg gebyr-sjokk, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseierne.

Springvann

PRISEN AUKAR: Mange må betale mykje meir i gebyr for vatn i springen i år enn i fjor.

Foto: Pål Tegnander / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Meyer meiner lokalpolitikarane alt for lenge har utsett naudsynt vedlikehald av vassrøyr og investeringar i reinseanlegg.

– Difor kjem desse kjemperekningane til oss hushalda no, seier han.

Organisasjonen har henta inn tal frå 14 folkerike kommunane i Noreg. Dei fleste har auka gebyra mykje meir enn prisane har stige elles i samfunnet det siste året.

Utvikling i vann og avløp-gebyrene for en standard enebolig på 120 m2

Kommune

Gebyr 2022

Gebyr 2023

Økning i kr

Økning i %

Sarpsborg

10.190

14.675

4.485

44 %

Skien

8.237

11.072

2.835

34 %

Porsgrunn

9500

12.628

3.128

33 %

Fredrikstad

8.142

10.639

2.497

31 %

Bodø

8.028

10.475

2.447

30 %

Trondheim

7.101

8.563

1.462

21 %

Bærum

7.354

8.825

1.471

20 %

Drammen

11.414

13.556

2.142

19 %

Tromsø

7.643

9.023

1.380

18 %

Kristiansand

7.986

9.401

1.415

18 %

Oslo

7.070

8.272

1.202

17 %

Stavanger

7.440

8.654

1.214

16 %

Sandnes

5.670

6.577

907

16 %

Bergen

6.106

6.655

549

9 %

Ekspander/minimer faktaboks

Kilde: Huseierne

Gebyrauke på fleire tusen

I Sarpsborg i Østfold aukar gebyra for vatn og avløp med 44 prosent frå i fjor til i år.

For ein einebustad på 120 kvadratmeter stig gebyra frå 10.190 til 14.675 kroner, ein auke på 4.585 kroner på eit år.

Generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseierne foran huset sitt.

Mange bustadeigarar må førebu seg på å betale mykje meir for vatn og avløp i år. – Kommunanene må drive dette så effektivt som mogleg for å bremse gebyrauken, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseiernes Landsforbund.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Det er jo veldig kraftig auke, fleire tusenlappar i året, seier Rolf Thoreby.

Han bor i ein einebustad på 110 kvadratmeter i Sarpsborg.

– Eg synst ikkje det er noko særleg, men vi må jo få reinsa opp Oslofjorden, seier kameraten Hans-Petter Ranum, og viser til at opprensinga kjem til å koste mykje.

Ranum bur i leilegheit i byen, og kjem til å merke gebyrauken på husleiga.

Sarpsborg-ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap) skriv i ein e-post at orsaka til at gebyrene aukar er lovpålagde krav om utskifting av avløpsnettet og nytt reinseanlegg».

Les også Krever rådyre renseanlegg over hele Østlandet for å stoppe algene

Ålegress som angrepet av trådalgen lurv.

Råkar uavhengig av inntekt

– Desse gebyra råkar jo likt for alle hushaldningar, uavhengig av kva slags inntekt dei har. Og det råkar særleg hardt i distrikts-Noreg, som har dei høgaste gebyra frå før, og som får den kraftigaste auken no, seier Morten Andreas Meyer i Huseierne.

Det er kanskje ikkje unaturleg at det kostar meir per innbyggjar der det er langt mellom husa og færre å dele kostnadane på.

– Men i mange kommunar vil dei heller ikkje samarbeide med nabokommunen om vatn og avløp. Det gjør at tenestene blir både dårlegare og dyrare enn nødvendig, meiner Meyer.

Gebyra skal berre dekkje kommunen sine faktiske kostnader til drift, investeringar og vedlikehald av vatn- og avløpsnettet.

– Fordi kommunane her har monopol, må staten stille strengare krav enn i dag til at dette skjer så effektivt som mogleg, seier Meyer.

Brudd på vannledning.

Gamle vassrøyr eller kloakkrøyr som spring lekk blir fort kostbart.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Kraftig auke i gebyra i mange år

Ifølge Bukostnadsindeksen laga av Samfunnsøkonomisk Analyse for Huseierne, auka vassgebyra med 46 prosent og avløpsgebyra med 44 prosent frå 2010 til 2021.

I dei same åra har prisane elles stige med 26 prosent.

Ifølge Rådgivende Ingeniørers Forening er det samla investeringsbehovet innan vatn og avløp på 570 milliardar kroner.

– Gebyra kjem til å auke i åra framover. Difor er det så viktig at kommunane nå organiserer dette meir effektivt så dei ikkje aukar meir enn strengt nødvendig, seier Meyer.

Vann- og avløpsgebyr øker. Skilt som varsler utbedring av vann- og avløpsledninger i Sarpsborg.

Sarpsborg kommune skal bygge nytt reinseanlegg og byte ut avløpsleidningar for 1,2 milliardar kroner. Gebyra folk i byen må betale aukar kraftig.

Foto: NRK Lars Håkon Pedersen

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger