Hopp til innhold

Klistra jødestjerne på veggen til Schibsted-trykkeri

I forbindelse med Krystallnatta blei det klistra opp fleire gule davidsstjerner utanfor trykkeriet til Schibsted i Bergen.

Rester etter gul stjerne

Måndag føremiddag er stjernene fjerna frå skiltet utanfor trykkeriet. På bakken ligg det igjen restar etter det som er skrapa bort.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

I helga blei det rapportert om aksjonar der det blei klistra opp gule jødestjerner, som var merket jødar måtte bere under andre verdskrigen, fleire stader i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Både privatbustadar, synagogar, bankar og medieverksemder blei ramma, ifølgje Filter Nyheter.

Hendingane skjer i forbindelse med Krystallnatta. Den markerte starten på opptrappinga av jødeforfølginga i Tysland, som få år seinare utvikla seg til Holocaust. Natta mellom 9. og 10. november 1938 blei synagoger, jødiske forretningar og bustader øydelagde av hærverk og brannar.

Meldt til politiet for antisemittisme

I Bergen skal det ha blitt limt fleire stjerner på eit skilt utanfor trykkeriet til Schibsted. Då NRK kom til trykkeriet måndag føremiddag, er stjernene fjerna, men det er framleis mogleg å sjå omrisset av dei.

– For jødane er dette veldig ubehageleg. Og dei som gjer dette har ein agenda, drive av jødehat, seier forstandar i Det Mosaiske Trossamfund og nestleiar for Antirasistisk Senter, Ervin Kohn til NRK.

Skilt med merker etter davidsstjerne utenfor Schibsteds trykkeri i Bergen.

HATKRIMINALITET? Fleire gule davidsstjerner blei hengt utanfor trykkeriet til Schibsted i Bergen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Han hevdar at det er Den nordiske motstandsbevegelsen som står bak hærverket i Bergen, og at dei har meldt organisasjonen og nettstaden deira til politiet for antisemittisme. Men han tvilar på at nokon blir straffa for det som har skjedd.

– Det verkar som om det framleis er ein angst for å ta i det antisemittiske i Noreg, og erkjenne at det er det det er, seier Kohn.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med verken Schibsted eller Den nordiske motstandsbevegelsen i forbindelse med saka.

Politiet: – Vi skal sjå nærmare på saka

– Det at det blir gjort ulike handlingar i løpet av krystallnatta er ikkje noko nytt fenomen. Det er ikkje ukjent at det skjer markeringar frå høgreekstreme om natta frå 9. til 10. november, seier Pål Tore Haga, radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt.

Han fortel at dei kontinuerleg jobbar med å hindre at folk bli radikalisert.

– Eg har ikkje vore inne og sett om det har kome nokre politimelding på dette, men det skal eg sjølvsagt gjere for å sjå nærare på denne saka. Det er interessant å sjå i kva grad den eventuelt kan bli råka av paragraf 185 i straffelova for hatefulle ytringar, seier Haga.

Han presiserer at det er påtaleansvarleg som må vurdere forholdet opp mot avgjerda i straffelova.

Pål Tore Haga, Vest politidistrikt

PRIORITERT: Pål Tore Haga i Vest politidistrikt fortel at hatkriminalitet er en prioritet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Men dersom det er å rekne som hatefull ytring og hatkriminalitet, er riksadvokaten klar på at det er eit prioritert område for politiet.

Hærverk fleire stader

I Danmark er både private heimar og gravplassar i fem byar blitt utsette for hærverk, skriv Danmarks Radio.

– Vi har fått meldingar om fleire episodar, der det har blitt klistra eller mala davidsstjerner forskjellige stader, seier Henri Goldstein, formann i Dansk Mosaisk Samfund, til DR.

Ekteparet Ella og Henrik Chievitz vakna laurdag morgon opp til at det var klistra ei gul davidsstjerne med påskrifta «jøde» på postkassa.

– Det fekk meg til å tenke på Tyskland i 1930-åra. Eg blei oppriktig lei meg, eg var skaka, seier Henrik Chievitz.

Det er også meldt om hendingar i Sverige og Finland, der blant anna synagoger er utsette for hærverk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger