Hopp til innhold

Kjemper vidare for gebyr på fem kroner

NHO-foreininga Abelia gir seg ikkje i kampen for å behalda ein 5-kroning i gebyr for betaling på legekontoret, og kjører helseministeren si forskriftsendring inn for Sivilombodsmannen.

Håkon Haugli

Administrerende direktør i Abelia, Håkon Haugli.

Foto: Heidi Widerøe

I helga jubla Oslo-mannen Dag Otto Øgle for å ha innkassert sigeren etter to års kamp mot gebyret, og fekk også fullt medhald av helseministeren. Men dette fekk NHO-foreininga Abelia til å reagera. Der er dei ikkje glade for helseministeren si forskrift som frå 1.januar i år forbyr legekontora å ta gebyr når pasientane betaler med kort.

Bent Høie

Helse- og omsorgsminister Bent Høie har innført ei forskrift som forbyr gebyr på kortbetaling på legekontor.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Helsetenesta må få lov til å ta i bruk ny teknologi, og forskrifta som blei innført ved årsskiftet hindrar innføring og bruk av ny velferdsteknologi, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Abelia.

Handlar om meir enn fem kroner

Det handlar ikkje berre om denne 5'eren, ifølgje Abelia-direktøren.

– Først utvikla leverandøren ei betalingsløysning som var frivilleg for pasientane. Den innebar eit gebyr på fem kroner for ein korttransaksjon. Alternativet er å betala kontant utan gebyr. Etter mi vurdering var det ei forbetring av pasientanes sitt servicetilbod, seier Haugli.

– Men betyr det at 5'aren er fullstendig øydeleggjande for den nye teknologien?

Ikkje 5'aren isolert sett, men denne 5'aren riv i alle fall bort grunnlaget for denne type tekniske løysninger. Og alle er samde om at vi skal bruka ny teknologi i helsesektoren. Denne forskrifta set opp ein innovasjonsbarriere og hindrar alterative tilbod.

– Meiner du eigabetalinga må aukast for å kome vidare reint teknologisk?

– Ikkje generelt sett, men eg trur mange vil synest det er rimeleg å betala fem kroner i gebyr for å gjera opp med kort på eit legekontor, akkurat som det ikkje er rimeleg at ein betaler meir i gebyr for å gjera opp for seg med ein giro. Poenget er at forskrifter og lovverk må vera tilpassa teknologiutviklinga. Vi må auke sjansane for å løyse oppgåvene, og ikkje redusera handlingsrommet for pasientar eller helsetenestene, seier Haugli.

Øgle gir seg ikkje

Dag Otto Øgle

Dag Otto Øgle kjempa i to år for å få bort gebyret. No møter han motstand hos Abelia.

Foto: NRK

Den engasjerte 70-åringen Dag Otto Øgle, nikkar anerkjennande til tankane om innovasjon og nye teknolgiske løysninger i helsevesenet.

Men det kan ikkje vera vi pasientar som skal betala dette!
– Du gir deg ikkje i denne saka?
– Eg gir meg aldri, om eg så skal til retten og dunka dei i hovudet.
– Og dersom Sivilombodsmannen endar opp på eit annea standpunkt, går du då tilbake til kontantbetaling?
Då skal eg veksla inn så mykje eg kan i einkronestykker dersom dei framleis eksisterer!

AKTUELT NÅ