NRK Meny
Normal

Kasta maling på Nick Clegg

Ein mann er arrestert i Glasgow etter å ha kasta maling på visestatsministeren i Storbritannia, Nick Clegg.

Nick Clegg
Foto: HO / REUTERS

Clegg var angripen når han skulle møte partiaktivistar i Glasgow.

– Nick Clegg vil ikkje la litt maling stoppe han i å prate til Liberalarane i Glasgow. Det ville ha vore latterleg, sa talsmannen til Clegg til BBC.

Malekastaren, som skal vere i 20-åra, blei arrestert for brot på fred og orden.

– Slike ting skjer. Det er ingen stor greie, sa Nick Glegg om hendinga til Real Radio Scotland.

Det kome mykje folk som hjalp Clegg med å tørke vekk malinga frå ansiktet, men det var framleis spor av blåmaling på kleda. Han skal ha haldt fram med den planlagte timeplanen like etter hendinga.

Ifølgje nettavisa Indymedia Skotland skal aktivisten ha ropt «ingen sjokkdoktrine for Skottland!» då han kasta malinga på Clegg. Dette var truleg ein referanse til boka «Sjokkdoktrinen» av Naomi Klein, der nedskjæringar i offentleg sektor vert kraftig kritisert.

Førebels finst det ikkje bildebevis av hendinga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger