Hopp til innhold

Justisministeren trur auka politiressursar kan stoppe gjengkriminalitet

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) vil møte framveksten av kriminelle miljø i Oslo med meir ressursar til politiet og ein streng innvandringspolitikk. – Vi vil ikkje ha «svenske tilstandar» i Norge, seier han.

Røyking av marihuana.

Mange uformelle ungdomsgjengar sel hasj og driv med hærverk, tjuveri, ran, slåstkampar og trakasseringar, seier politikjelder NRK har snakka med.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Vi ser ei utvikling som vi tek på alvor og som vi må setje inn effektive tiltak mot, seier Per-Willy Amundsen.

Justisministeren kjende til at gjengkriminaliteten i delar av Oslo er verre enn på lenge allereie før NRK fortalde om det laurdag.

LES OGSÅ: Gjenger i Oslo: Ungdom har pistoler og barn selger hasj

Per-Willy Amundsen blir intervjuet.

Politiet informerte justisminister Per-Willy Amundsen om utviklinga i gjengkriminaliteten i Oslo aust for to veker sidan.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg hadde eit møte med Oslo politidistrikt for to veker sidan der vi gjekk gjennom dette. Eg er trygg på at politiet ser alvoret og at dei vil setje inn naudsynte tiltak for å handtere situasjonen, seier han.

– «Svenske tilstandar»

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, kalla i går utviklinga uakseptabel. Han er spesielt uroa over at enkelte gjengar har tette band til utanlandske gjengar, blant anna albansk mafia.

Justisministeren meiner det er viktig å setje inn tiltak no for å stoppe utviklinga før det går for langt.

– Vi skal ikkje få «svenske tilstandar» i Norge. Eg meiner vi kan sjå at Sverige for seint har diskutert dei reelle problema. Dermed har det fått utvikle seg på ein måte som Sverige ikkje er tent med, seier Amundsen.

Styrke politiet

Under intervjuet med NRK møter justisministeren lokalpolitikarar frå bydelar aust i Oslo som ifølgje blant andre politiet og ungdomsarbeidarar er prega av auka gjengkriminalitet.

– Kva synest du om det du såg på Dagsrevyen i går? spør bydelsutvalsleiar i Søndre Nordstrand, Shahbaz Tariq (Ap).

– Vi må setje inn meir ressursar, og det er nettopp det regjeringa gjer no. Vi styrker politiet i Oslo med fleire hundre millionar kroner samstundes som vi berre i år skal tilsetje fleire enn 100 nye politifolk, svarer Amundsen.

Sjå justisministerens møte med lokalpolitikarar i Oslo aust.

Justisminister Per-Willy Amundsen i samtale med lokale politikarar frå bydelar i Oslo aust.

Lokal politistasjon lagt ned

– Men er du klar over at Holmlia politistasjon er midlertidig stengt? spør lokalpolitikaren.

Han viser til at den lokale politistasjonen var ei god hjelp i då gjengkriminaliteten prega Holmlia på 90-talet, seier bydelen treng meir synleg politi.

– Det er eg einig i. Synleg politi hjelper godt og er god førebygging. Nettopp difor legg vi opp til at det skal vere meir politi ute, svarer justisministeren.

Men lovnad om ny politistasjon i området vil justisministeren ikkje gi.

– Har ikkje noko parallellsamfunn

– Eg kjenner meg ikkje att, seier bydelsutvalsleiar Rashid Nawas (Ap) frå Stovner om det som kom fram i NRK-reportasjen.

– Vi har ikkje det parallellsamfunnet reportasjen fortel om. Bildet som er teikna er einsidig. Men vi har ein del utfordringar som vi arbeider med dagleg, seier han.

Ungdomsarbeid

Leiaren i bydelsutvalet i Grorud, Mobashar Banaras (Ap) derimot, ser alvorleg på utviklinga. Men han meiner likevel det grunn til å framheve det positive som skjer i hans bydel.

– Groruddalen har eitt av Oslos beste ungdomstilbod med fire fritidsklubbar og 800 besøkande kvar veke. Det arbeidet skal vi halde fram med, seier Banaras.

Han meiner auka ressursar til politiet ikkje er det einaste som må til.

– Vi må sjå det langsiktige perspektivet. Det må meir ressursar også til barnevern og ungdomsarbeid, seier lokalpolitikaren.

I enkelte bydeler i hovedstaden er gjeng-situasjonen verre enn på mange år, ifølge kilder. – «Kidsa går med gønnere», bokstavelig talt, sier et gjengmedlem til NRK. Nå frykter foreldre og ungdommer «svenske tilstander» i Oslo øst.

Sjå heile reportasjen frå laurdagsrevyen her:

AKTUELT NÅ