Hopp til innhold

Innrømmer feil i ventelistetal

Helsemyndigheitene innrømmer at ventetida ved norske sjukehus er mykje lenger enn det som er oppgitt. Den reelle ventetida på behandling er ein månad lenger.

Kreftbehandling (Illustrasjonsfoto)

Pasientar har rett til å få ein frist å forhalde seg til for når behandlinga kjem i gang. Elleve sjukehus bryt denne regelen.

Foto: colourbox.com

I går fortalte NRK om elleve sjukehus som bryt pasientrettigheitslova ved å sette ny startdato for behandlinga når ein pasient blir vist vidare til ei ny avdeling.

– Det tyder at dei offisielle ventelistetala blir feil, då ein har fleire fristar for same diagnose for same pasient, seier fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke.

Olav Valen Slåttebrekk

Olav Slåttebrekk, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Helsedirektoratet

No innrømmer helsemyndigheitene at det er avvik mellom ventetida som sjukehusa rapporterer og den reelle ventetida.

– Me erkjenner at det er feil i registreringa ute på sjukehusa, seier Olav Slåttebrekk i Helsedirektoratet.

Men kvifor det er slik, har han ikkje eit enkelt svar på.

– Det er eit til dels komplisert system, og det er ikkje så lett å kome med ein kokebokoppskrift på korleis ting skal registrerast. Det er skjønnsmessige vurderingar med i biletet frå behandlande instans, seier han.

Ein månad meir

Ifølgje statistikken må ein typisk pasient vente 68 dagar på behandling.

Dette sa helseminister Jonas Gahr Støre var gode nyheiter, og han sa også at me var på veg ned mot 65 dagar.

Men dette stemmer altså ikkje. Den reelle ventetida er nesten ein månad lenger, 96 dagar, ifølgje Riksrevisjonen.

Nokre sjukehus har meir enn hundre dagar lenger ventetid enn det dei oppgir på nokre behandlingar.

– Ikkje fritt sjukehusval

Jørgen Kosmo

Riksrevisor Jørgen Kosmo.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Når me har fritt sjukehusval er det alvorleg at pasientar som orienterar seg etter ventetid ikkje får korrekt informasjon, meiner riksrevisor Jørgen Kosmo.

– Når informasjonen som ligg i botn ikkje er god nok, så blir heller ikkje valmoglegheita reell, seier han.

Kosmo peikar også på at staten mister eit viktig styringsverkty for å handtere ventelistene, når desse ikkje representerer røynda.

– Det er ikkje stas å gå og vente når ein er alvorleg sjuk. Retten til fritt sjukehusval skulle vere med å kompensere for dette, og samstundes skjerpe sjukehusa, seier Kosmo.

– Kan stole på informasjonen

Sjølv om Helsedirektoratet innrømmer feil i rapporteringa meiner divisjonsdirektør Slåttebrekk at pasientar kan stole på ventetidsinformasjonen.

– Eg trur det er grunnlag for å stole på at det er godt skjønn som sjukehusa oppgir med tanke på kva ventetid som faktisk gjeld, seier han.

AKTUELT NÅ