Hopp til innhold

Inkluderingssjef og koselister: – Her har storbyrussen noko å læra

Russefeiringa er ekskluderande, seier kunnskapsministeren. På Voss går årets russ motstraums.

Sunniva Norheim og Synva Osa Haugo på Voss gymnas

Koseansvarleg Sunniva Norheim og russepresident Synva Osa Haugo på Voss gymnas i skiklede på Afterski-dag. Forfattaren på bilete har òg hatt ein eigen temadag.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Me må ha meir fokus på læring og trivsel i skulen, og mindre på ekskludering slik russefeiringa har blitt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun til NRK.

På Voss gymnas har ungdommen tatt saka i eigne hender.

For første gong sit det to inkluderingssjefar og ein koseansvarleg i russestyret. Oppgåva deira er å få alle til å kjenna seg velkomne.

– Inkludering er ein veldig viktig del av russetida vår, seier inkluderingssjef Ella Jane Sylvester (18).

Ella Jane Sylvester, inkluderingssjef på Voss gymnas

Inkludering burde vera hovudtema for russetida, meiner inkluderingssjef på Voss gymnas Ella Jane Sylvester.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

På Voss er det ikkje busskultur som i byane. Målet er at alle skal med, anten dei har van eller ikkje har bil i det heile tatt.

Afterski og Jon Fosse

Gjennom hausten og våren arrangerer russestyret temadagar på skulen.

I desember feira dei Jon Fosse. Kleskoden var silkeskjerf, svarte klede, hestehale og paraply.

I dag er det afterski-tema. Det betyr Mesternes Mester-øvingar og leikar i matpausen.

Om elevane ikkje følger temaet på temadagen, får dei ei «straff». Det kan vera ei skei kaviar eller tabasco-saus, fortel kosesjefen.

Budsjett på 15.000 kroner

Russepresident Synva Osa Haugo (18) meiner russetida er fin på Voss. Ho trur ein kjenner seg trygg fordi Voss ikkje er så stort.

– Men den største forskjellen frå byane er heilt klart det store pengepresset og busskulturen.

Synva Osa Haugo er russepresident på Voss gymnas

Synva Osa Haugo er russepresident på Voss gymnas.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Me er ikkje så opptatte av status og grupper som dei er byane. Me brukar ikkje så mykje pengar, seier medelev Andrea Hovland (18).

Kva kan dei i byane læra av dykk?

– Ein treng ikkje bruka hundre tusen kroner på russetida, den kan vera like kjekk sjølv om ein bruker mindre, meiner russepresident Synva.

Sjølv fortel ho at budsjettet for russetida er om lag femten til tjue tusen kroner.

Jorid Rekve Østlie på Voss gymnas

Jorid Rekve Østlie (18) er elev ved idrettslina. Ho trur ikkje Vossarussen opplever det same presset som russ i byane.– Her er det ikkje sånn at ein ikkje får lov til å bli med på bussen, for eksempel, seier ho.

Henrik Magnusson Lydvo på Voss gymnas

Henrik Magnusson Lydvo (18) gruar seg litt til å sitta på skulebenken etter å ha vore ute og festa. – Men russetida er berre ein gong i livet, seier han.

Andrea Hovland og Eva Armentano på Voss gymnas

Sunniva Norheim (18) og Eva Armentano (18) trur ikkje at dei er like opptatte av status og grupper som russen i byane. – Det viktigaste er at alle har det kjekt og trygt i lag.

Stipendiat i sosiologi ved NTNU, Marius G. Vigen har forska på ungdomsliv og fellesskap. Han synest det verkar som at russen på Voss henger seg på en trend der man tenker nytt og annleis om russetiden.

Marius G. Vigen

Byrussen kan læra av bygderussen, trur forskar Marius G. Vigen.

Foto: Samfundet

– Dei viser at russetida ikkje berre er det vi høyrer om frå Oslo. Russetida kan faktisk gjerast på ein meir inkluderande måte. Her har storbyrussen noko å lære av bygda, seier han.

– Rett og slett idiotisk

Russepresident Synva synest det er synd at russen får mykje negativ omtale. Ho trur likevel at ein alltid vil ha eit litt negativt bilete av russen.

– Det er dei som markerer seg og gjer dumme val ein hugsar, seier ho.

Elever på Voss gymnas

Russekulturen på Voss er ikkje slik som i storbyane, meiner russen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Russepresidenten synest ikkje noko om bussane som har fått mykje merksemd for sexistiske måleri.

– Det er ikkje så mykje anna å seia enn at det rett og slett er idiotisk. Ein sånn kultur har me ikkje på Voss.

Tenk på andre

Elevane NRK har snakka med fortel om godt samhald blant russen på Voss.

– Inkludering burde vera hovudtema for russetida, seier inkluderingssjef Ella. Ho meiner alle vidaregåande skular og russestyre burde prioritera inkluderingssjefar.

Koseansvarlig Sunniva Norheim på Voss gymnas

Kosesjef Sunniva Norheim (18) leier leikane i matpausen. – Eg vil at folk skal få lyst til å komma på skulen og ha det kjekt, seier ho.

Elever på Voss gymnas

Elevane konkurrerer i Mesternes Mester-øvingar i kantina på Voss gymnas.

Elever på Voss gymnas

Temaet for dagen er afterski.

Innsatsen til russen på Voss kan vera med å snu oppfattinga ein har av russefeiringa, meiner sosiolog Marius G. Vigen.

– Inkluderingssjefar kan visa at russen går motstraums, og gjer opprør mot det dei opplever som ei ekstrem feiring.

For inkluderingssjef Ella er det særleg ein ting som er viktig når russen går russefeiringa i møte.

– Det er å tenka litt utover seg sjølv, det er ikkje berre du som skal kosa deg, men alle andre rundt deg òg.

AKTUELT NÅ