Hopp til innhold

Ingvild Bryn får Kringkastingssjefens språkpris

Kringkastingssjefens språkpris for 2021 går til programleiar i Dagsrevyen, Ingvild Bryn. Ho får prisen for å bruke eit enkelt og forståeleg språk i formidlinga av nyheiter.

Ingvild Bryn vant NRKs språkpris. 06

PRIS: Programleiar i Dagsrevyen, Ingvild Bryn, får Kringkastingssjefens språkpris for 2021.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Ingvild Bryn starta NRK-karrieren i 1984 i NRK Hordaland. Etter det har ho blant anna jobba i Dagsnytt og vore korrespondent for NRK i Stockholm og Washington. I 1992 leia ho si første sending av Dagsrevyen.

– Språk er ein lidenskap for meg. Eg jobbar med det eg brenn for, nemleg språk, sa Bryn då ho fekk prisen.

I grunngjevinga for prisen legg juryen vekt på at Bryn brukar eit enkelt og forståeleg språk i nyheitsarbeidet.

Ingvild Bryn, Thor Gjermund Eriksen og Vibeke Fürst Haugen

KRINGKASTINGSSJEF: Ingvild Bryn saman med avtroppande kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og påtroppande Vibeke Fürst Haugen.

Foto: Øyvind Werner Øfsti / NRK

«Prisvinnaren bruker eit enkelt språk og jobbar dagleg aktivt for at språket skal vere forståeleg for folk flest, og ho når slik ut til publikum i alle kanalar. Eit heilt eige engasjement for det norske språket generelt og nynorsk spesielt har alltid vore der, både på jobb og privat. For vinnaren er det viktigaste at publikum skal forstå det ho formidla».

Ho brenn også for å betre NRK-språket, og kjem ofte med råd til kollegaer om språk og formidling.

– Det er viktig at NRK held eit høgt språkleg nivå, og ser ein språkfeil, må ein seie ifrå. Vi har alle eit ansvar for språket, seier ho.

Prisen er ein pris til eldsjelene for godt språkarbeid i NRK. Prisen blei delt ut av kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen for siste gong, før han går av som sjef.

Ingvild Bryn vant NRKs språkpris. 02

SPRÅK: Bryn fekk prisen frå Thor Gjermund Eriksen. Ho fekk og kunstverket «Vestland» av Geir Nymark.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Innhaldsrik karriere

Bryn har også hatt andre programleiaroppgåver for NRK. I 1996 var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum saman med Morten Harket.

I 2001 var ho den første kvinna som leia NRK si sending på valkvelden. Ho har også leia sendingar om USA-valet og NRKs skulesendingar om stortingsvalet.

Ingvild Bryn og Morten Harket

EUROVISION: I 1996 var Ingvild Bryn programleiar for Eurovision saman med Morten Harket.

Foto: NRK

Ho har også vikariert som språksjef i NRK.

Ho har også tidlegare fått fleire prisar for engasjementet ho har vist for språket, og då særleg nynorsk. I 1998 fekk ho Kringkastingsprisen og Alf Helleviks mediemålpris i 2004.

Og i 2012 blei ho, saman med Arill Riise i TV 2, kåra til Årets nynorskbrukar for å bruke normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk. Same år fekk ho også Storegutprisen, som blir gjeven til nokon som bruker levande og ledig nynorsk.

Som vinnar av Kringkastingssjefens språkpris, får Bryn kunstverket «Vestland» av kunstnaren Geir Nymark som kjem frå Bergen, men bur på Voss, heimstaden til Ingvild Bryn.

Det kom inn 26 nominasjonar, fordelt på 17 kandidatar til prisen for 2021. Prisvinnaren fekk seks ulike nominasjonar.

AKTUELT NÅ