Hopp til innhold

Hva om Friele får det som han vil?

Kan vi ta Herman Friele på ordet, etablere Vestlandet som Europas nye stat og utnemne Lars Sponheim som president?

Friele om Vestland-stat

Herman Friele har lansert ideen om å skille ut den såkalte gullkysten som et eget land.

Foto: Faksimile

Dette nye landet, sett saman av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, er sjølvforsynt med mykje, ikkje minst el-kraft som er det store samtaleemnet om dagen, men også olje, gass og fisk.

Sjølvforsynt

Vestlandet er sjølvforsynt med presidentkandidatar også; Lars Sponheim peikar seg naturleg ut som framst blant likemenn. Bør han bli den nye statsleiaren i Europas ferskaste stat? Ikkje alle NRK spurde, er like begeistra. Sjå og høyr reaksjonane i Laurdagsrevyen.

Video UT-AV-NORGE-210810-DR1900_MXF_Innboks.MP4

Video: Hva hvis Vestlandet skulel bli et eget land?

Kanskje Erna Solberg bør hiva seg på Bergensbanen vestover? Kva med Herman Friele sjølv? Kvifor ikke Per Inge Torkildsen eller Kjell Inge Røkke? Klarar sogningar og fjordingar å samla seg om ein kandidat?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Statsvitar og rikssynsar Frank Aarebrot mener at han finn ein god kandidat på Austlandet; i kongefamilien!

Verdikrangel

Sommaren 2010 blei ikkje ordentleg varm før ein forskar ved SSB i juli påstod at Oslofolk skapar verdiane i Norge . Då kokte det både i nord og vest, og bergensarar og møringar slo hardt tilbake.

Tidlegare profilert ordførar i Bergen, Hermann Friele, avviste påstanden .

– Kva hadde Norge vore utan Vestlandet? Då hadde resten av landet vore fattig, sa han. Og han vil at vestlendingen skal bestemma sjølv, ikkje minst om master i Hardanger, den andre store saka i sommer.

– Hadde dette handla om kraftliner langs Oslofjorden hadde det vore ein helt annan diskusjon, sier Friele.

Energi

Vestlendingane meiner i alle fall at dei sit med gode kort på handa i sommarstriden om verdiskaping.

Dei tre største vasskraftanlegga i Noreg ligg i Suldal i Rogaland, Eidfjord i Hordaland og Aurland i Sogn og Fjordane, men er eigd av Statkraft og Oslo Lysverker. Mykje av denne krafta strøymer i dag mot Oslo.

Olje og gass

Olje- og gassfelta på den vestlandske kontinentalsokkelen skaper enorme verdiar; frå Ekofisk i sørvest til Statfjord, Oseberg og Gullfaks i vest og Ormen Lange utanfor Nordmøre. Den kan framleis selgjast til utlandet, også til rest-Norge.

Sjå Aftenbladets sokkelkart .

Offshoreindustrien og shipping langs heile vestlandskysten er også viktige aktørar.

Sunne matvanar

Vestlendingen har i alle år hatt sterk tru på sjølvberging: når han har vaska ansiktet i reint vann frå fjellet, står ein solid porsjon frukost med frukt og bær frå Sogn og Hardanger for tur.

Dei store oppdrettsanlegga er mange, og villfisk finst det også litt igjen av, nok til både lunsj og middag, med poteter frå Jæren.

Korn er det lite av på Vestlandet, og til ein slik påstand vil nok vestlendingen ganske enkelt svara; - men er korn eigentleg sunt? Kvifor ikkje kortreist mat som Grandiosa frå Stranda?

Frå IKEA til Ekornes

Vestlendingen treng ikkje IKEA, her er det kvalitet frå dei mange fabrikkene på Møre som sørgjer for møblerte heimar frå fjordarm til odde.

Navlebeskuelsen treng ikkje gå lenger enn til at TV-kanalen i Bergen påtar seg oppgåva med å skildra navlen endå nærmare.

«The comeback-kid»

Dagens verdiskapning i snitt i dei fire Vestlandsfylka, er i følge SSB på om lag 350.000 kr pr vestlending. Tar vi med oljefondet på 2.800 milliardar kroner fordelt på 1.2 millionar vestlendingar, bør det halde til å byggje nye vegar som er den største utfordringa vestpå.

Vestlendingane lar heilt sikkert Kjell Opseth gjera come-back, for han lagar lengre tunnelar og bruer enn nokon andre! Og lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid skal ikkje leggjst ned i ”nye” Vestlandet!

Drillos utan Huseklepp

Fotball samlar nasjonen, men når Drillo komponerer landslaget for rest-Norge, må han klara seg utan Hangeland, brødrene Riise, Grindheim og Huseklepp, dei er klare for landslagssjef Åge Hareides nye Vestlandslaget.

Sjå heile uttaket og kom med ditt forslag her!

Erik Huseklepp

Erik Huseklepp ville spilt en sentral rolle på 'Vestlands-landslaget'.

Foto: Stian Lysberg Solum

Separatisme - uansett

Men separatismetanken kan lett gå vidare. Kampen mellom sentrum og periferi er ein evig konflikt. Denne gongen var det Oslo, neste gong kan det bli opprør mot Vestlandets hovedstad, Bergen.

Hansa-borgaren har i alle år understreka dei viktigaste linjene i «Nystemten»; «Her kjøper, her selger, her handler hver mann».

Kan hende vil møringrn spørja: Men er ikkje kjøp og salg berre forvalting av verdiar? Verdiskapning? I Bergen? Skjer ikkje den på Møre, då?

Eigen stat der også?

Kart over vestlandet
Foto: Grafikk: Øyvind Pettersen / NRK

AKTUELT NÅ