Hopp til innhold

Homofile tør ikkje stå fram på jobb

Media skapar trøbbel for homofile på arbeidsplassen, meiner Mr. Gay Norway, ein lesbisk stortingspolitikar og Adam frå Homsepatruljen.

Kai Thomas Ryen Larsen og Anette Trettebergstuen diskuterer homofili i Ukeslutt

Kai Thomas Ryen Larsen og Anette Trettebergstuen diskuterer homofili i Ukeslutt.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Dei stilte til debatt i Ukeslutt på NRK P1 og P2 .

Diskriminert i Se og Hør

Ein journalist i Se og Hør sa nyleg at han hadde fått beskjed om å opptre mindre homofilt i jobbsamanheng. Dette fekk Likestillings- og diskrimineringsombodet til å opprette sak.

Stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen i Ukeslutt

Anette Trettebergstuen opplever ingen problem med å vere lesbisk stortingspolitikar.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Lesbiske Anette Trettbergstuen, som er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er glad for at journalisten gjekk ut med historia si.

- Mange opplever å bli mobba på arbeidsplassen på grunn av legninga si, og nokre opplever å forbigått ved forfremmingar. Det viktig å setje søkelys på dette, seier ho.

Ei undersøking frå i fjor, gjort av Nova på oppdrag for LO, viser at arbeidsplassen er ein stad der mange lesbiske og homofile møter diskriminering.

4 av 10 homofile meiner sjølv at legninga deira er til hinder for karrieren. Dermed vel dei å ikkje stå fram.

- Homofile kan ta stor plass

Adam Schjølberg er kjent frå tv-serien Homepatruljen. Han forstår at enkelte homofile kan ta litt mykje plass i kontorlandskapet, men han meiner det har med personlegdom å gjere og ikkje seksuell legning.

Mr. Gay Norway Kai Thomas Ryen Larsen i Ukeslutt

Kai Thomas Ryen Larsen har vore i Budapest og opplevd kor store problem homofile kan møte på der.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

- Det kan vere slitsamt å ha folk på jobb som gjer veldig mykje av seg i arbeida, men det har ingen ting med homoar å gjere, det gjeld folk med alle slags legningar, seier han.

Kai Thomas Ryen Larsen synes det er synd at mange er redde for å vere opne om legninga si. Samtidig opplever han at homofile har det godt i Noreg.

Sjølv vart han kåra til Mr. Gay Norway og har vore i Budapest i samband med dette.

- Då eg såg korleis dei homofile hadde det der, forsto eg vi har det bra i Noreg. Kanskje ein opplever litt diskriminering på jobben, men vi får ikkje bombetruslar og slepp å vere livredde for å stå fram som homofile, påpeikar han.

"Skrullehomsen"

Heile 83 prosent av dei som har stått fram som homofile på arbeidsplassen har opplevd dette som positivt. Frykta for å stå fram er større en den burde vere, meiner Trettebergstuen.

- Det har samanheng med at media stort sett berre skriv om dei problematiske og sprøe historiene når dei lagar saker om homofile, seier ho.

I Homsepatruljen fekk Schjølberg i oppgåve å spele ”skrullehomsen”. Han stal dermed det meste av showet.

- Dei fire andre fekk mindre fokus. Minst merksemd fekk han som alltid gjekk med joggebukse og aldri børsta håret. Media byggjer i stor grad opp om stereotypiar, stadfestar han.

Larsen er samd i at media skapar eit feil bilete av homofile.

- Media skriv om det spektakulære, og skapar frykt for det ukjente. Folk forstår ikkje at vi er heilt vanlege folk, seier han.

Homofili i skulen

Trettebergstuen opplever ingen problem med å vere lesbisk stortingspolitikar. Ho meiner det blir viktig å setje fokus på homofili i skulen.

- "Homo" er framleis det mest bruke skjellsordet i skulegarden. Skulene og arbeidsplassane blir ein viktig kamparena framover, seier ho.

- Vi har ein lang veg for å få aksept. Ein bør lære meir om homofili i skulen. Då vil frykta bli broten ned mykje raskare, seier Schjølberg.

AKTUELT NÅ