NRK Meny
Normal

Høgre om varslingssakene: – Vi har svikta grovt

Høgre og Unge Høgre har svikta i behandlinga av varslingssakene mot tidlegare Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise, slår partiet fast. Ungdomspartiet forbyr alkohol på eigne arrangement.

Høyre skal holde pressekonferanse om lederen for ungdomspartiet, Kristian Tonning Riise som trakk seg natt til i går.

– Det har kome inn opplysningar og varslingar det siste døgnet som er svært alvorlege, og vitnar om uakseptabel oppførsel, seier Høgre-leiar Erna Solberg om det som skal vere uønskt seksuell merksemd frå tidlegare Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Rise.

Tonning Riise melde onsdag på Facebook at han trekk seg som leiar for Unge Høgre. Blant anna skal sentralstyret i ungdomspartiet ha råda han til å gå av. Tonning Riise har ikkje svart på NRK sine henvendelsar.

I ei pressemelding frå Unge Høgre og Høgre fredag ettermiddag går partiet langt i å innrømme svikt i varslingssakene.

– Organisasjonen har svikta grovt i behandlinga og oppfølginga av tidlegare innkomne varslar. Dette beklagar vi på det sterkaste overfor varslarane, skriv dei.

Fleire bekymringsmeldingar vart ikkje tatt på alvor.

John-Ragnar Aarset

SVIKTA: På ei pressekonferanse hos Høgre seier generalsekretær i partiet, John-Ragnar Aarset, at dei har svikta varslarane.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Seinhausten 2017 tok Unge Høgre sin generalsekretær kontakt med Høgres generalsekretær med bekymringar om Tonning Riises oppførsel. Dette resulterte i fleire samtalar over tid med Tonning Riise, fortel generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, og generalsekretær i Unge Høgre, Maria Barstad Sanner.

Etter at Tonning Riise gjekk av har det kome sju varslingssaker.

Innrømmer å ikkje ha tatt meldingar på alvor

Torsdag morgon sa generalsekretær i Unge Høgre, Maria Barstad Sanner, i Politisk kvarter på NRK at det ikkje hadde fanst konkrete varslingssaker mot Tonning Riise. Men allereie då Tonning Riise hadde samtalar med dei to var både Sanner og Aarset kjent med bekymringsmeldingar mot Unge Høgre-leiaren.

– Da vi i denne saka gjorde eit skilje mellom bekymringsmeldingar og varslar, var det fordi vi hadde fått informasjon om Tonning Riises upassande oppførsel som var av generell karakter. Dette handla om alkohol, pågåande sjekking og relasjonar til jenter der det var vesentleg ubalanse i alder og posisjon. Generalsekretærane var ikkje kjent med konkrete varsel knytt til enkeltpersonar som hadde opplevd seksuell trakassering, seier Aarset.

Varslingssakene som Unge Høgre erkjenner ikkje å ha tatt på alvor er frå 2013 og 2014. Da var Christopher Amundsen Wand generalsekretær i ungdomspartiet, og hadde ansvaret for å følge opp slike saker. Han er sambuar med Sandra Bruflot, som har vore 1. nestleiar under Kristian Tonning Riise og no overtek som Unge Høgre-leiar.

Wand har ikkje svara på NRKs henvendelser.

Tiltak i ungdomspartiet

Unge Høgre lanserer fleire nye tiltak i ungdomspartiet:

  • Det vert utarbeidd ei dreiebok for handtering av varslar, som skal vere tilgjengeleg på nettsidene.
  • Det innførast totalforbod mot alkohol på UH-arrangement på ubestemt tid.
  • Det vert etablert to varslingskontaktar utanfor Unge Høgre sitt Landsforbund, slik at varslarar kan ta kontakt med andre enn tillitsvalde og generalsekretæren i Unge Høgre dersom dei ikkje er komfortable med det.
  • Det vert etablert ein varslingslogg med tidlegare saker som alle nye generalsekretærar får når dei tiltrer.
  • Det vert innført reglar om at moderpartiet alltid skal informerast om varslar i Unge Høgre.

– Når de no innfører forbod mot alkohol på Unge Høgre sine arrangement, betyr det at det har vore ein fyllekultur i Unge Høgre?

– Det er ei erkjenning av at det tidvis har vore for mykje alkohol, og at det er ugreitt særleg i ein organisasjon der veldig mange er under 18 år.

– Han var ikkje ærleg

I pressemeldinga skriv dei vidare at Tonning Riise ikkje har vore ærleg nok om sin eigen åtferd.

– Dessverre var han ikkje open og ærleg overfor oss frå starten av.

Dei seier at fleire, inkludert politisk leiing og generalsekretærar i Unge Høgre, under den tida Tonning Riise har hatt sentrale verv, har konfrontert han med oppførselen hans, men at det ikkje førte til ei nødvendig varig endring i åtferda hans.

Aarset seier det er behov for enda klarare retningslinjer og ein sterkare kultur for at personar som utviser uønskt oppførsel vert sett på plass, og at dette får konsekvensar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger