Hopp til innhold

Uroa over auken i dødsfall med syntetiske stoff

Det var 363 overdosedødsfall i Noreg i fjor, viser tal frå FHI. Det er det høgaste talet på over 20 år. Og det er særleg veksten i syntetiske stoff som uroar.

Fentanyl

AUKAR: Overdosedødsfall etter bruk av syntetiske opioid som fentanyl har auka i Noreg dei siste ti åra.

Foto: Lars Os / NRK

Talet på døde etter overdose i Noreg har vore jamt stigande dei siste ti åra, viser Dødsårsaksregisteret til Folkehelseinstituttet (FHI).

Men i løpet av denne tida har det vore tendens som uroar FHI.

Det har vore ein klar auke i dødsfall knytt til bruk av syntetiske opioid. I fjor var det 62 slike dødsfall, som er det høgaste registrerte nokosinne.

– Eg er overraska over auken i dødsfall etter bruk av syntetiske opioid. Det var 20 dødsfall av syntetiske opioid i 2013, medan det i 2023 var 62 slike dødsfall, seier seniorforskar Linn Gjersing i FHIs avdeling for rusmiddel og tobakk.

I tillegg var det 85 dødsfall som følge av andre opioid. 77 døydde etter overdose av heroin.

Tollbeslag av opioid i 2019

Opioid har blitt meir tilgjengeleg dei siste åra. Her frå eit tollbeslag i 2019.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Raske endringar

Gjersing meiner tilgangen på opioid kan vere ein viktig årsak til at vi ser ein auke i dødsfall etter slike stoff.

Linn Gjersing, seniorforsker ved Folkehelseinstituttet (FHI)

Seniorforskar Linn Gjersing ved FHI.

Foto: Folkehelseinstituttet

– Ein bruker det som er tilgjengeleg på marknaden. Og det har vore meir syntetiske opioid tilgjengeleg på marknaden i 2023 enn tidlegare.

Ho peikar også på at planar og tiltak ikkje har vore gode nok til å fange opp dei som er avhengige av opioid. Den nasjonale overdosestrategien frå 2014 fokuserte på dødsfall etter heroin, fordi det var mest vanleg då. No har dette endra seg.

– I 2016 blei plutseleg andre opioid, altså sterke smertestillande, den hyppigaste dødsårsaka. Og no ser vi ein kraftig auke i syntetiske opioid.

Gjersing meiner difor det er på tide med nye tiltak som rettar seg mot dei som er avhengige av sterke smertestillande og syntetiske opioid.

Veit ikkje kva grep som er best

Også direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, er uroa over utviklinga i overdosestatistikken.

Han seier dei jobbar for å bremse utviklinga, men at dette er eit vanskeleg arbeid når det kjem stadig nye og farlege syntetiske stoff på marknaden.

Bjørn Guldvog

Direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet.

Foto: Lars Os / NRK

– Det er store kriminelle organisasjonar som pusher dette inn i landet vårt. Og helsetenestene har avgrensa ressursar for å demme opp mot dette.

Les også Vil redde liv med overdoseapp

En hånd holder en mobil som viser et svart farevarsel.

Direktoratet samarbeider no med Senter for rus- og avhengigheitsforsking ved Universitetet i Oslo for å få eit betre kunnskap om dei nye stoffa.

Den raske utviklinga gjer at ein må tenke nytt i førebyggingsarbeidet, seier Guldvog.

– Vi veit eigentleg ikkje kva grep som er dei beste for å hindre at dette utviklar seg. Noko av det viktigaste er å få oversikt over feltet og kva slags typar stoff som kjem. Og etter kvart som kunnskapen endrar seg, må vi legge inn nye tiltak i arbeidet.

Les også Smertemedisin ulovlig markedsført: – Jeg mistet sju år av mitt liv

Anne Kari Neste holder opp pillebrett på badet sitt

AKTUELT NÅ