Hopp til innhold

Høg beskyttar for TV-aksjonen

Kong Harald har sagt ja til å vere høg beskyttar for TV-aksjonen Blå Kors. Det er ti år sidan sist kong Harald var involvert i den årvisse innsamlingsaksjonen.

Kong Harald
Foto: NRK

- Kongen er med dette med på å løfte fram ei gruppe som sjeldan får ei stemme, nemleg barn og unge som lir på grunn av vaksne sitt rusmisbruk, seier Geir Gundersen, generalsekretær i Blå Kors.

Se i nett-tv: Ti år siden sist

Han er svært glad for at majesteten har sagt ja til å vere med på aksjonen.

Tapt barndom

Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til å hjelpe barn og unge som misser barndomen på grunn av rus.

Aksjonen støttar fleire prosjekt i Norge og i land som Ukraina, Brasil, India og Lesotho.

I fattige land forverrar rusproblema ein allereie vanskeleg kvardag. Felles for rusutsette barn uansett land er at dei ofte ikkje får tilstrekkeleg omsorg. I mange tilfelle må dei ta på seg dei vaksne sine oppgåver og ansvar.

- TV-aksjonen Blå Kors skal bidra til at desse barna får ein betre

oppvekst og eit betre utgangspunkt for vaksenlivet. Vårt håp er at årets aksjon vil bli eit felles løft for å gi fleire barn sjansen til å berre vere barn, seier Geir Gundersen i Blå Kors.

Kongefamilien alltid med

Det er tradisjon at ein frå kongefamilien er høg beskyttar for TV-aksjonen i NRK. I fjor var dronning Sonja beskyttar for innsamlinga til UNICEF og idretten. Ho reiste då på feltreise til slummen i Kenya for å møte dei som hjelpa då skulle gå til. Resultatet av dugnaden i fjor blei rekordstor, 238 millionar kroner.

Det er ti år sidan sist Hans Majestet var høg beskyttar for TV-aksjonen. Kongen skal besøke nokre av Blå Kors sine tiltak her i landet. Truleg får Kongen også ei sentral rolle på innsamlingsdagen.

Verdas største

TV-aksjon i NRK er verdas største innsamlingsaksjon i sitt slag, og er blitt ein årleg møteplass for dugnad og frivillig arbeid i Norge.

Årets aksjon går av stabelen 19. oktober.

AKTUELT NÅ