Hopp til innhold

Her ler justisministeren av Senterpartiet

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) seier at han ikkje klarer å ta Senterpartiet seriøst.

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) sier at han ikke klarer å ta Senterpartiet seriøst.

– Diskusjonen om struktur og lokalisering er det regjeringa som har stått for, seier parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Senterpartiet.

Det var svaret hennar i forbindelse med at polititopp Grete Lien Metlid gjekk ut og etterlyste ein politidebatt som handlar meir om kvalitet og etterforsking, i staden for lensmannskontor og lokalisering.

– Eg har vanskar med å ta dette seriøst, rett og slett. Senterpartiet har ingen alternativ når det kjem til politireforma. Det einaste alternativet eg har registrert frå Senterpartiet er nei, nei, nei, seier Amundsen.

Han meiner spørsmåla Metlid reiser er bra, og seier han er heilt einig med henne.

– Senterpartiet har eit romantisk forhold til fortida. Vi må ha eit politi som er tilpassa det 21. århundre. Det er det politireforma handlar om. Det handlar ikkje om tomme lensmannskontor, seier han.

Sp: – Regjeringa er opptekne av struktur

Senterpartiet sitt svar på kritikken frå Metlid er at det er regjeringa som har vore opptekne av lensmannskontor og struktur, ikkje dei.

– Eg meiner det må vere rom for begge deler i politiet, utan å setje det eine opp mot det andre, seier Arnstad.

– Så ja takk, begge deler?

Marit Arnstad

Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, seier dei ikkje har vore for opptekne av lokalisering og lensmannskontor i debatten om Nærpolitireforma.

Foto: Audun Torsdalen / NRK

– Nei, det er regjeringa som har sett i verk ein strukturreform som stort sett berre handlar om struktur. Vi meiner debatten i større grad må handle om oppgåver, og mindre om byråkrati i Oslo.

– Har dokker vore for opptekne av debatten om lensmannskontor og lokalisering?

– Nei, vi har vore opptekne av å ha eit lokalt politi som varetek dei viktige oppgåvene med førebygging og kvardagskriminalitet. Men vi er også opptekne av etterforskingsmiljøa. Vi har sett fingeren på at Politidirektoratet har dobla sitt driftsbudsjett dei siste åra, og det må vere rom for å tenkje ressursfordeling frå direktorat og ned til operativ verksemd.

Amundsen: – Uforståeleg

Då justisministeren fekk sjå intervjuet med Arnstad byrja han å le og riste på hovudet.

– Eg meiner dette er heilt uforståeleg. Eg klarer ikkje å forstå dette, seier Amundsen til NRK.

– Det einaste Senterpartiet snakkar om er struktur. Eg vil gjerne snakke om andre ting. Det er det politireforma handlar om. Den handlar om innhald. Senterpartiet er utan alternativ, og er berre opptekne av tomme lensmannskontor, seier Amundsen.

Grete Lien Metlid

– Eg forstår at folk er opptekne av lokalisering og kor lensmannskontora skal liggje, men no er det på høg tid at vi får meir debatt om kvaliteten på etterforskinga, seier politiinspektør Grete Lien Metlid.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Brennpunkt er med inn i avhøyrsrommet når politiet i Oslo etterforskar eit nytt drap. Går drapsetterforskarane feil fram kan det øydeleggje saka. Norske avhøyrsmetodar vekkjer internasjonal merksemd, men framleis skjer det grove feil i norske avhøyrsrom.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren «Avhøyret».

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger