NRK Meny
Normal

Her er alt du treng å vite om zika-viruset

Smittar Zika-viruset gjennom blod? Korleis vert ein sjuk? Kan viruset bli med i bagasjen heim? Smittar det seksuelt? Kven er mest utsette? Vi har samla alt du treng å vite om Zikaviruset.

Zika Brasil

ALVORLEG: Gravide bør frykte zika-viruset meiner Folkehelseinstituttet. Alvorlege fødselsskadar på barn av mødrer som har vore smitta av zika-viruset aukar fort, som her i Brasil.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

Alvorleg hjerneskade, augeskade, unaturleg form på hovudet til nyfødde og skadar på nervar er nokre av konsekvensane av det frykta zika-viruset. I Brasil er frykta så stor at forskarar, advokatar og aktivistar krev at myndigheitene tillèt gravide kvinner som fryktar at dei er smitta viruset abort.

Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over kva dette viruset er, og kva konsekvensar det får om du vert smitta.

Korleis oppdagar du det?

Symptoma minner mykje om influensa, og dei er milde, og liknar veldig på andre sjukdomar mygg bidreg med, som denguefeberen og chikungunyafeber. Difor er det også

Tone Bruun, overlege, avdeling for infeksjonsovervåkning

RÅD: – Smør deg inn med myggmiddel, sov under myggnett, så går det fint å reise på tur. Eg ville reist til område med zikafeber, seier Tone Bruun, overlege på avdeling for infeksjonsovervaking | Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Foto: Folkehelseinstituttet

vanskeleg å finne ut av om det er zika-viruset som er i kroppen.

– Er det farleg å bli smitta?

– Opptil 80 prosent av dei som vert smitta vil ikkje merke at dei har viruset. Dei som vert sjuke får vanlegvis milde symptom som lett feber, utslett, leddsmerter i opptil ei veke. Det er gravide som bør frykte viruset, fordi det ser ut til å kunne overføre viruset til fosteret. Vi har ikkje medisin eller vaksine mot dette, seier Tone Bruun, overlege på avdeling for infeksjonsovervaking | Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Berre ein person har fått påvist zika-viruset i Noreg. Det var ein som hadde vore på Tahiti då dei hadde utbrot der. Elles er det ingen teikn på at andre har hatt viruset her i Noreg.

– Bør folk frykte dette viruset og kor stor er sjansen for at vi blir smitta?

Er du i Noreg treng du ikkje å frykte dette viruset. Men er du i område som har utbrot no, risikerer du å bli smitta, spesielt i område med mykje mygg, seier Bruun.

Viruset oppstod langt frå norskegrensa. Og vi må heilt tilbake til 1947, og ein ape nær Victoria-sjøen i Uganda. Der ligg Zika-skogen, og dermed var namnet sett. Apen var nemleg den første som nokosinne har hatt viruset.

Men så spreidde det seg over fleire område.

Sidan 60-talet har det vore påvist smitte i fleire afrikanske og asiatiske land. I 2013 og i 2014 var det eit større utbrot i Franske Polynesia. Frå 2015 starta utbrotet som no er i Sør og Mellom-Amerika.

Aedes aegypti får skulda

Viruset vert spreidd til menneske gjennom stikk frå mygg. Og det er Aedes aegypti som har hovudansvaret. Det er same myggen som spreier denguefeber og

Brasil Zika

SKADE: Eit barn med tydelege teikn på skade etter at mor har hatt zikafeber. I Brasil har det vore ei massiv auke i talet på barn med skadar på grunn av viruset, og no ropar fleire varsku.

Foto: Felipe Dana / Ap

gulfeber. Den stikk ikkje berre etter solnedgang, men held det gåande gjennom dagen og.

Det er sterke teikn på at gravide som får viruset kan overføre det til fosteret. Det finst også eit tilfelle der legane mistenkte seksuell smitte.

– Gravide er mest utsette, kva med små barn?

– Så langt vi veit er det ikkje farlegare for barn enn vaksne.

Det er forska på om fødselsskaden mikrokefali kan koplast til zikafeber i Brasil. Skjer det, vert barnet født med eit lite hovud fordi hjernen har utvikla seg unormalt under graviditeten.

Spedbarn som vert råka har også ofte nedsett levealder. Etter at det vart fokus på zika-viruset i Brasil, har talet mikrokefali auka.

Der vart det oppdaga 150 nyfødde med mikrokefali i 2014. Og berre sidan oktober i fjor haust kom det nye 4000 nye tilfelle av viruset. Fire land i regionen oppmodar kvinner om å la vere å bli gravide på grunn av utbrotet.

Ei kvinne som har fått viruset, før ho vart gravid, kan ikkje smitte fosteret. For viruset vert i blodet eit par dagar til ei veke, og om ein då vert gravid etter at infeksjonen er over, er også faren over for barnet.

Ikkje uro deg om du er i Noreg

Folkehelseinstitutt kan ikkje seie kva konsekvensar som skjer om ei kvinne vert gravid medan ho er infisert.

Det er førebels ingen klar samanheng mellom smitte og alvorlege

Zika mygg

FÅR SKULDA: Denne vesle krabaten får skulda for at zika-viruset spreier seg. Og arten spreier seg fort over fleire område.

Foto: Andre Penner / Ap

komplikasjonar hos kvinner som ikkje er gravide. Men myggstikket frå myggen kan føre til Guillain-Barré syndrom, ein nervesjukdom som fører til redusert funksjonsevne.

Dei fleste meiner mygg er irriterande, men i Noreg er ikkje den spesielt farleg, for vi har ikkje denne myggtypen som spreier zika-viruset.

Det vil ikkje seie at vi aldri vil ha det i Noreg. Personar som har vore på reise i område med myggen, kan vere sjuke då dei kjem heim. Folkehelseinstituttet er ikkje uroa over spreiing av viruset i Noreg.

Men våre naboland Danmark og Sverige har begge notert kvart sitt tilfelle.

Sidan vi ikkje har for vane å ha zika-viruset i Noreg, finst det heller ikkje testar som kan finne ut om du er smitta her. Då må prøven sendast til næraste naboland Sverige og Folkhälsomyndigheten der.

Det finst heller ingen vaksine mot myggen og stikket, så rådet er å bu seg mot zika-viruset med førebyggande tiltak som myggspray, myggstift, kvitlauk, luktelys og myggnetting, eller du kan la vere å reise dit myggen lever.

Har du immunsvikt eller alvorlege kroniske sjukdomar er du meir utsett enn andre, og bør ta forholdsreglar oppmodar Folkehelseinstituttet.

Eiga nettside for viruset

Sit du med reiseplanar og lurer på om du vil møte på denne myggen på reisa, kan du

En mann sprøyter et hjem i El Salvador mot myggen som sprer zikaviruset

KAMP: Myndigheitene i Brasil prøver etter beste evne å få færre mygg ved hjelp av å spraye ned område med myggmiddel.

Foto: Marvin RECINOS / Afp

oppdatere deg på nettsida Zika Virus Infection (Pan American Health Organization) Der legg dei ut fortløpande informasjon.

– Bør vi la vere å reise på tur til stader som har zikafeber?

– Om du reiser må du beskytte deg med middel mot myggstikk. Også andre enn gravide.

– Ville du reist sjølv?

– Ja, eg er ikkje gravid eller har planar om å bli, men eg ville vore ekstra merksam på mygg, og vore flink til å bruke myggmidlar døgnet rundt og sove under myggnett. PÅ hotellrom med aircondition og myggnett framføre vindauga vil det vere liten risiko for å bli biten av myggen.

Verdens Helseorganisasjon (WHO) har førebels ikkje kome med konkrete reiseråd, heller ikkje for gravide.

Folkehelseinstituttet rår gravide som skal reise til område som er råka, til å ta kontakt med lege, og vurdere å utsetje reisa. Spesielt om turen skal gå til område med utbrot eller aukande tilfelle av zikafeber.

Folkehelseinstituttet har fleire råd og informasjon om zika-feberen på sine nettsider.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger