Hovudredningssentralen plukka opp mayday-meldinga som kom via Kystradio Nord klokka 10.42, og sende både kystvaktskipet «Farm», redningsskøyta «Odin» og eit Sea King-helikopter frå Bandak mot staden.
– Fiskebåten hadde fått sitt eige fiskebruk i propellen, og sånn sett mista moglegheita til å manøvrere og få framdrift, fortel vakthavande redningsleiar Finn Tore Sortland ved Hovudredningssentralen Nord-Noreg til NTB.
Fiskebåten kasta anker, men det tok tid før ankeret tok tak.
– Båten dreiv mot eit skjer og var ganske nær på eit tidspunkt. Det var liten nordleg kuling og ganske røft vêr.
Sidan det ville ta minst ein time før redningsskøyta og kystvaktskipet var framme, måtte Sea King-helikopteret ta i bruk kreative metodar for å hindre at fiskebåten gjekk på skjeret, forklarer Sortland.
– Redningshelikopteret går over på sidan og klarer å skyve båten i riktig retning ved hjelp av vinden frå rotoren, seier redningsleiaren, som legg til at han aldri har høyrt om at dette har vorte gjort før.
Redningsskøyta «Odin» kom etter kvart til staden og fekk slept fiskebåten i sikkerheit.
– Det var seks fiskarar om bord og det er bra med alle saman, forklarer Sortland.