Hopp til innhold

Halvparten av oss er uroa over alkoholforbruket til våre næraste

Halvparten av dei spurte i ei ny undersøking, gjort for alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, er uroa for at ein ven, kollega eller eit familiemedlem drikk for mykje.

Over halvparten av dei spurte i ei ny undersøking seier at dei er uroa for alkoholforbruket til sine næraste.

SJÅ SAKA: Mange er uroa for våre nære sitt alkoholforbruk, viser ei ny undersøking.

IPSOS MMI stilte spørsmålet til nordmenn over 18 år, og halvparten svarte at dei er uroa, medan 46 prosent svarte at dei ikkje er det.

– Dette er eit høgt tal som viser at det å drikke for mykje, kanskje særleg i krevjande periodar av livet, er eit utbreidd problem, seier dagleg leiar i AV-OG-TIL, Kari Randen.

Ho meiner det er på tide å bryte tabuet og få meir openheit rundt denne problematikken.

Kvinner uroar seg mest

Halvparten av dei spurte i den landsrepresentative undersøkinga seier i den nye undersøkinga at dei har vore, eller er, uroa for at ein ven, ein kollega eller eit familiemedlem drikk for mykje. Kvinner står for over halvparten av uroa, men det kan vere vanskeleg å snakke om.

Kari Randen

Kari Randen i AV-OG-TIL seier organisasjonen er overraska over det høge talet på folk som er uroa for andre sine alkoholvanar.

Foto: Irene Sandved Lunde/Bård Gundersen

– Det er heilt vanleg og heilt forståeleg at ein er redd for å ta opp temaet. Også når det gjeld dei vi er mest glade i, seier Randen.

Ho trur at det ofte vert oppfatta som tabu å snakke om alkohol, særleg om det er alkoholbruk utanfor det som vert sett på som greitt.

– Eg trur at vi alle har eit problem med å sjå vårt eige alkoholforbruk utanfrå, seier Randen, som legg til at organisasjonen er svært overraska over at talet er så høgt som det er.

– Har alltid kontroll

NRK har tatt turen til Aker Brygge, der drikkeglade menneske fyller opp uteserveringane. Men der er det ikkje mange som trur at deira næraste er uroa.

– Kor ofte drikk du?

– No på sommaren blir det kvar dag, seier ei kvinne som sit blant venninnegjengen på ein av Aker Brygge sine mange uteserveringar.

– Trur du at det er nokon nær deg som meiner du drikk for mykje?

– Nei det trur eg ikkje, fordi eg har alltid kontroll, svarer kvinna.

Svekker psykisk helse

Ofte heng eit høgt alkoholbruk saman med at vi går gjennom ein vanskeleg periode i livet, seier alkovettorganisasjonen.

Å ty til alkohol når det buttar i mot, er ein velkjend og utbreidd strategi.

– Det er dessverre slik at alkohol kan føre til at ei livskrise vert verre. Alkovett handlar om å ikkje fylle på med meir når det allereie er for mykje, seier Randen.

Mann drikker øl

Ein fuktig ferie kan føre til at det er vanskeleg å få eit meir nøkternt alkoholinntak når kvardagen kjem, seier AV-OG-TIL.

Foto: Thomas Bjørnflaten / NTB scanpix

Fuktig ferie kan vere starten

AV-OG-TIL trur at dersom ein har lagt om alkoholvanane i sommarmånadene så kan det vere vanskeleg å kome tilbake til eit meir nøktern forbruk når kvardagen startar igjen.

Ein fuktig ferie kan vere starten på eit problematisk forhold til alkoholen, meiner dei.

– Snakk med personen det gjeld, fortel kvifor vedkomande si drikking uroar deg. Ikkje vent deg at du får personen «på rett kjøl» med ein gong, men å vise at du bryr deg kan bidra til at vedkomande vert medviten på sin eigen situasjon og ikkje brukar alkohol som eit «hjelpemiddel» i vanskelege situasjonar, seier Randen.

AKTUELT NÅ