Halvorsen startar i det nye vervet ved årsskiftet, 1. januar 2014, fortel NHM i ei pressemelding.
– Dette gler vi oss til, seier museumsdirektør Arne Bjørlykke.
– Alle kjenner Kristin Halvorsen og kvalifikasjonane hennar, og ho vil bli ein viktig bidragsytar når NHMs utviklingsplanar skal realiserast. Som tidlegare kunnskapsminister kjenner ho sektoren godt, og med dei investeringsbehova museet har, så skader det ikkje med bakgrunn som finansminister heller, seier
Bjørlykke.
Halvorsen var finansminister i den raudgrøne regjeringa frå 2005 til 2009 og kunnskapsminister frå 2009 til 2013. Ho var også partileiar i SV frå 1997 til 2012.