Hopp til innhold

Hadia Tajik ønsker å stå på stortingslista til Oslo Arbeidarparti

Fleire lokallag i Oslo ønsker å ha Hadia Tajik på lista til stortingsvalet neste haust. Tajik sjølv seier ho er motivert.

Hadia Tajik

Hadia Tajik stiller seg til disposisjon for Arbeidarpartiet i Oslo.

Foto: Mariam Eltervåg Cissé / NRK

Onsdag ettermiddag melde Tajik sjølv på Facebooksida si at ho ville takke ja til Oslo Ap.

Det skjer etter at fleire lokallag i hovudstaden dei siste månadane har teke kontakt med henne og spurd om dei kunne spele inn namnet hennar til nominasjonskomiteen.

– Og det kjende eg at eg hadde veldig lyst til, seier ho til NRK.

I mars takka Tajik nei til ein ny periode på Stortinget for Rogaland, men sette døra på gløtt for at ho kunne representere hovudstaden i staden.

I sommar melde ho seg inn i Oslo Ap. Tajik seier ho er takksam for at så mange ønsker henne på Stortinget for Oslo.

– Eg er veldig motivert for å ta tak i dei store oppgåvene vi har i Oslo.

Store oppgåver

I innlegget på Facebook skriv ho at ho vil kjempe for arbeidstakarar og kvinners rettar på Stortinget.

Når NRK møter henne i Oslo onsdag kveld, legg ho til to andre saker ho vil setje høgt på agendaen.

– Det eine er ungdomskriminaliteten, som har fått altfor stort omfang. Det andre er klimaendringane, der Oslo har vore ein by som går i front. Og der kjenner eg at eg har lyst til å bidra.

Les også Karianne Tung sier nei til plass på Stortingslista

Karianne Tung
Norges digitaliserings- og forvaltningsminister
Arendalsuka 2024.

Har blitt Oslo-buar

Det at ho no har vraka Rogaland til fordel for hovudstaden har med korleis livet hennar har blitt, forklarar Tajik.

Etter nesten eit halvt liv med studiar og politisk jobbing i Oslo, har Oslo blitt byen hennar.

– Eg har flytta frå Rogaland. Mannen min og barnet mitt bur i Oslo. Barnet mitt går i barnehage her, og skal i løpet av dei neste fire åra byrje på skule i Oslo. Og eg kjenner at eg vil bidra til at byen der ho skal vekse opp blir best mogeleg for dei neste generasjonane.

Les også Vestre vil på Stortinget: – Oslo er min by!

vestre-youngstorget-090424

ArbeideArbeidarpartietdag fire stortingsrepresentantar frå Oslo. Partileiar Jonas Gahr Støre toppa lista ved førre val, og gjer det truleg også til neste val. Det skal ei kvinne inn på 2.-plassen. I 2021 var det Kamzy Gunaratnam som hadde denne.

Tidlegare har utanriksminister Espen Barth Eide sagt at han ikkje tek attval, medan nestleiar og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre har signalisert at han vil inn på Stortinget.

AKTUELT NÅ