Transportselskapet Litra Gass har over 100 tankbilar på vegen. Selskapet held til på Voss, men bilane køyrer over heile landet og fraktar ulike typar gass. I overkant av 30 av desse har klimavenleg biogass som drivstoff.
Uklare signal
Steinar Karlsen var svært nøgd med å ha bilar som går på biogass og stolt av å skulle vera med på det grøne skiftet. Men overgang til biogass for resten av bilparken er stoppa. Og det skjer etter uklare signal frå regjeringa, seier administrerenade direktør Steinar Karlsen.
– Det er ikkje oss det står på, og ikkje køyretøyleverandørane, men rett og slett utbygging av infrastruktur som ikkje har gått slik som ein kunna ha håpa på.
Han har har full støtte hos marknadsdirektør Kjell Olafsrud i Norsk Lastebileierforbund som saknar langsiktig politikk.
– Espen Barth Eide har gått ut og sagt at det finst billegare og betre løysingar enn biogass for å nå nullutslepp med tungtransporten. Det er eit spørsmål som heng i lufta og som vi sjølvsagt ventar og ønskjer svar på. Og då må han i alle fall koma og peika på kva som er billegare og betre enn biogass, seier Olafsrud.
Det var nettstaden biogassbransjen.no som siterte Barth Eide på dette. Han uttalte seinare at han generelt har stor tru på biogass, men ikkje i tungtransport.
Blir sparka krok på
– Vi hadde forventa å bli heia på og løfta fram og få hjelp, ikkje bli sparka krok på, seier Steinar Karlsen i Litra Gass om Barth Eide sine uttalelsar.
– Var det riktig det han sa, eller var det feil?
– Nei, eg mener det er grunnleggjande feil. Og eg skulle gjerne visst kva han sit på av info, og kva løysingar som er både billegare og betre. Vi ser ikkje dei i dag. Kva som er riktig om nokre år fram i tid, er ei anna sak. Men vi gjer våre investeringer i eit fem til ti års perspektiv, understrekar Karlsen.
Lastebileierforbundet viser til at Miljødirektoratet i juni kom med ein rapport med ein del tiltak som dei meiner går stikk imot det Barth Eide seier.
– Der peikar direktoratet på det å få tungtransporten over på biogass som det nest beste tiltaket ein kan gjera fram til 2030 for å redusere utslepp frå tungtransoporten. Dette gjer det veldig vanskeleg for ein lastebileiagar i dag å velja grønt, seier Olafsrud.
Etterlyser tydeleg tale
– Det er usikkerheit kvar sjette månad. Me har statsbudsjett og revidert budsjett. Då er eg passeleg nervøs, for ein veit aldri kva som skjer. Og våre investeringar er irreversible, slik at eit dårleg vedtak på Stortinget kan kan velta verksemda vår, seier Steinar Karlsen i Litra Gass.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide gjentar overfor NRK at biogass er bra, men at det i framtida truleg blir brukt andre stader enn i tungtransport på veg.
– Eg meiner biogass er ein veldig viktig del av energiomstillinga, men så har eg sagt at vi skal vera klar over at det no også skjer ei elektrifisering av tungtransporten. Og stadig fleire leverandørar kjem no med elektriske lastebilar. I det lange løp kan det kanskje bli at biogass i endå større grad blir brukt til skipsfart og industri.
Men det er slike uttalelsar som uroar lastebilnæringa, for dei meiner han med dette signaliserer at biogass kan vera på veg ut som prioritert drivstoff i tungtransport.
– Den dagen eg las dette, tenkte eg at biogassbilparken me hadde investert i sokk mange millionar i verdi. Den usikkerheita han skapar, blir lagt merke til, og det blir oppfatta som ein retning, sier Steinar Karlsen.
Han meiner det er rart at Miljødirektoratet, berre nokre dagar etter den uttalelsen, kom med ein rapport der det går tydeleg fram at biogass på lastebil er eitt av dei ti største klimatiltaka mot 2030,
At Litra Gass har skifta delar av bilparken og gått over til diesel, meiner klima- og miljøministeren er eit dårleg val.
– Eg skal ikkje uttala med om dette selskapet spesielt, men eg trur ikkje dette er ein hovudtrend. I det lange løp er det å låse seg inne i ei fossil løysing ikkje spesielt smart, for det som er heilt klart er at CO2-avgifta kjem til å halda fram med å auka, seier Barth Eide.