Frp må svelge bompengekamelar

Allereie første dag av Framstegspartiet si regjeringstid må det slukast kamelar til ein verdi av 50 milliardar kroner– finansiert av bompengar.

FRP bompenger

Framstegspartiet blir ikkje kvitt bomstasjonar, trass i at dei styrer Samferdselsdepartementet. I Østfold er det anbodsopning for nest siste del av nye E18 gjennom fylket.

Stortinget har allereie vedteke 26 vegprosjekt som skal setjast i gang under Framstegspartiet fram mot 2017.

Desse prosjekta skal finansierast med nær 50 milliardar i bompengar, trass i at det er Frp-profilane Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud som no styrer Samferdselsdepartementet.

– Ein må gi og ta

Eit tapt slag for partiet som har kalla det realistisk å fjerne alle bomstasjonar i løpet av dei 100 første dagane i regjering.

Ifølgje Statens Vegvesen sitt handlingsprogram, skal det brukast om lag 100 milliardar kroner på 33 nye vegprosjekt, samtidig som om lag 200 tunnelar skal rustast opp. Sjå lista over alle prosjekta som skal ferdigstillast og igangsetjast her.

På Framstegspartiet sitt landsmøte i 2009, vedtok partiet å seie nei til bompengar, og opna for å ha folkeavstemming før politikarane bestemmer seg for bompengeprosjekt.

Ketil Solvik-Olsen innrømmer at det er ein kamel som må svelgast.

– Frp er framleis imot bompengar, det er det ingen tvil om. Men når vi sit i regjering i samarbeid med andre, så må ein gi og ta, seier han.

Bomstasjonane vil fortsette å poppe opp

Solvik-Olsen meiner likevel at slaget ikkje er heilt tapt.

– Vi får gjennom mange endringar i måten å finansiere vegane på, både med finansieringsselskap og statlege garantiar, nettopp for å redusere bompengeandelen. Men vi blir ikkje kvitt det, det må vi innrømme, seier han.

Vegvesenet stadfestar at bomstasjonane vil halde fram å poppe opp, sjølv med Frp ved makta.

– Her har vi ein stortingsproposisjon som tilseier at vi skal ha ein bom, då set vi opp den. Kva som skjer framover er avhengig av nye vedtak, seier prosjektdirektør i Statens vegvesen, Svein Røed.

SJÅ VIDEO ØVERST I SAKA

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger