Hopp til innhold

Frp-festen er over

Frp hadde fest på meiningsmålingane rett etter at dei gjekk ut av regjering. No har jubelen lagt seg. Og hos regjeringspartiet Venstre er veljarkrisa framleis djup.

Frp regjeringskrise Frexit

På marsmålinga er Frp nede på 13,2 prosent. Det er om lag på nivå med det dei hadde før dei gjekk ut av regjering.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

– Vi hadde nok forventa at vi ville få ein korreksjon på målingane, seier Frp-leiar Siv Jensen til NRK.

Frp markerte seg raskt som opposisjonsparti etter at dei gjekk ut av regjeringa i slutten av januar. Jensen har kritisert Erna Solbergs klimapolitikk, og partiet har kome med fleire forslag om å stramme inn på innvandringspolitikken.

– Eit riktig val

På målingane i februar var Frp vinnaren. Partiet var om lag jamstort med Høgre og Senterpartiet litt bak Arbeidarpartiet.

Men på marsmålinga som Norstat har gjort for NRK og Aftenposten er festen over. Frp er nede på 13,2 prosent, noko som er svakare enn ved førre stortingsval og om lag på nivå med det dei hadde før dei gjekk ut av regjering.

Men Jensen blir ikkje slått i bakken av den grunn.

– Entusiasmen i partiet er god. Valet med å gå ut av regjering var heilt riktig. Det store bildet no er at det har skjedd ei ny utvikling i norsk politikk. Ein skal vere veldig forsiktig med å spå korleis dette utviklar seg fram mot stortingsvalet i 2021, seier Jensen, som meiner den nye situasjonen gir Frp stort handlingsrom.

Partibarometer mars 2020

Periode 24/2–1/3. 948 intervjuer. Feilmarginer fra 1,1–3,2 pp.
R
4,6 %
−0,4
SV
8,4 %
+2,3
AP
23,7 %
+0,5
SP
16,4 %
−0,9
MDG
4,9 %
+0,6
KRF
4,1 %
−0,3
V
2,7 %
−0,6
H
19,9 %
+1,6
FRP
13,2 %
−2,8
FNB
0,0 %
+0,0
Andre
2,1 %
+0,1
Kilde: Norstat

– Håpar på denne regjeringa

Også hos dei attverande regjeringspartia var det optimisme og håp om framgang då Frp gjekk ut.

Ei regjering som er samansett av Høgre, Venstre og KrF var jo akkurat det dei to småpartia hadde håpa på.

KrF klarer så vidt å få over 4 prosent andre månad på rad.

Men i Venstre er det ingen grunn til å avblåse krisa. Snarare tvert om. Partiet får 2,7 prosent.

Det er såpass ille at partileiar Trine Skei Grande eller andre i leiartrioen ikkje prioriterer å kommentere målinga til NRK.

Stortingsrepresentant og sentralstyremedlem Solveig Schytz håpar i det lengste at målinga ikkje gir eit riktig bilde.

– Vi ser iallfall at denne målinga viser ein anna trend enn dei andre målingane, seier ho.

– Den regjeringa som sit no er den vi gjekk til val på i 2013 og 2017. Vi har tru på at den skal lukkast og vil jobbe for det. Vi håpar det skal løne seg for alle tre partia.

Forklaring av hvordan Regjeringen kan få flertall for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikke lengre ha flertallet i Stortinget bak seg.

Forklaring av hvordan Regjeringen kan få flertall for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikke lengre ha flertallet i Stortinget bak seg.

– Ein kjempesjanse

På SVs morgonmøte på Stortinget er stemninga god når NRK slepp inn på tampen av møtet. Industripolitikk og CO₂-fangst og -lagring er tema rundt bordet.

– Då har vi ein plan for dagen. Køyr på! seier ein offensiv SV-leiar Audun Lysbakken før han sender stortingsrepresentantane ut i den daglege politiske striden.

Lysbakken meiner målinga beviser at hans side i politikken bør klare å gripe makta etter neste stortingsval.

– Vi har ein kjempesjanse til å kaste regjeringa og få eit nytt fleirtal der SV kan få betydeleg makt, seier han.

Audun Lysbakken

SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Terje Pedersen

Målinga viser at SV ligg an til å få 14 stortingsrepresentantar. I dag har dei 11. Samla sett ville Jens Stoltenberg sin allianse, Ap, Senterpartiet og SV, fått 86 mandat om denne målinga var val. Det betyr at den gamle raudgrøne regjeringsalliansen kunne danna fleirtalsregjering igjen. I tillegg får Raudt og MDG åtte mandat kvar i målinga.

– SV ønskjer at vi skal lage ein raudgrøn allianse der alle dei fem raudgrøne opposisjonspartia finn saman om flest mogleg felles saker før valet slik at vi kan vise at det er mogleg med kursending når det gjeld ulikskap, klima og sentralisering.

Svak Høgre-betring hjelper lite

Meiningsmålingane i februar i år viste i gjennomsnitt den svakaste oppslutninga om Høgre på ti år.

I slutten av månaden fekk partiet fiskeriministerens etterløn og dobbeltløn i fanget. Men det bryr ikkje veljarane seg om. Høgre går nemleg litt fram igjen på denne målinga. Men 19,9 prosent er meir enn fem prosentpoeng dårlegare enn valet i 2017.

Erna Solbergs dagar som statsminister er over dersom neste valresultat er i nærleiken av dette.

AKTUELT NÅ