Hopp til innhold

Frivillige organisasjonar kan miste millionar i tippemidlar

Mange frivillige organisasjonar kan miste store pengebeløp frå Norsk Tipping. Etter speleautomatforbodet i 2007 skulle dei ti største organisasjonane få kompensasjon i ti år frå Norsk Tipping. Men no vil regjeringa kutte frå ti til tre organisasjonar.

Spilleautomat

Speleautomatane vart forbodne i 2007. Til i dag har dei ti organisasjonane som tente mest på dette vore sikra ein fast prosent frå Norsk Tipping.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Fram til no har det viktigaste kriteriet for å få tippemidlar vore at ein har drive med skadeleg automatverksemd i fortida, seier Grete Herlofson, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Grete Herlofson

Grete Herlofson sin organisasjon Sanitetskvinnene har til no greidd seg på det dei har tent på sal av blant anna fastelavnsris og lotteri.

Foto: Fotograf John Petter Reinertsen / NKS

Ho seier at nokre organisasjonar valde å ikkje gå inn i denne bransjen fordi dei såg skadane speleautomatane førte til.

– Det har gjort at veldig mange organisasjonar er blitt heldt utanfor å kunne søke på overskotet frå Norsk Tipping, så no håper eg fordelinga blir rettferdig, seier Herlofson, og viser til regjeringa si stortingsmelding om temaet som skal behandlast i dag.

Tippemidlar skulle kompensere

For fram til no har det viktigaste kriteriet for å få ein bit av overskotet til Norsk Tipping vore at ein tente pengar på speleautomatar før forbodet. Det har Sanitetskvinnene aldri drive med.

Då speleautomatane vart forbodne i 2007 skulle dei ti største frivillige organisasjonane som hadde store inntekter frå speleautomatane ha krav på 18 prosent av overskotet frå Norsk Tipping som kompensasjon. Dette skulle vere ein overgangsperiode på ti år, ifølgje Regjeringa.

Kuttar frå ti til tre

Dersom Regjeringa får det som dei vil i dag, skal dei ti organisasjonane som var sikra tippemidlane kuttast til å gjelde dei tre som driv med beredskap.

Dei tre er Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp. Desse er altså framleis sikra ein fast prosent av tippemidlane i den nye stortingsmeldinga.

I tillegg opnar regjeringa opp ein mindre pott for alle frivillige organisasjonar som oppfyller ei rekkje objektive krav. Krava er ikkje lenger tidlegare automatinntekter, så no kan fleire søke om å få dele på dei same pengane.

Millionær

Framover kan alle frivillige organisasjonar som innfrir krava få sin del av overskotet frå det eg og du måtte bruke på blant anna Lotto.

Foto: NORSK TIPPING

Arbeidarpartiet vil stemme i mot

– Framleis skal dei tre største organisasjonane som sikrar den frivillige beredskapen i Noreg ha ein eigen del av overskotet. Men det er svært mykje meir å hente for alle andre i forhold til før der berre ein liten prosent stod att for alle andre, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

– Arbeidarpartiet vil rett og slett skjerme organisasjonane som tente grovt på speleautomatar og som har tent godt på denne overgangsordninga, seier Helleland.

Linda Hofstad Helleland

Kulturminister Linda Hofstad Helleland meiner Ap vil skjerme dei som har tent pengar på speleautomatar.

Foto: Thomas Espevik / NRK

– Set organisasjonane opp mot kvarandre

Arbeidarpartiet meiner regjeringa set frivillige organisasjonar opp mot kvarandre og at fleire må kutte.

Arild Grande, Arbeiderpartiet

Arild Grande i Arbeidarpartiet meiner Regjeringa set frivillige organisasjonar opp imot kvarandre.

Foto: Stortinget

– Vi vil sikre dei ti store frivillige organisasjonane som før, også dei tre som driv med beredskap. Men vi vil også opne for at andre organisasjonar kan søke på midlane i ein eigen pott som er utanom dei ti organisasjonane sin, seier Arild Grande i Arbeidarpartiet.

Han meiner at ved å kutte til tre faste organisasjonar, vil dei sju som misser den store støtta dei har hatt tape mange millionar i året.

– Dette gjeld blant andre Kreftforeininga, som kan tape svært mange millionar kroner. Det går ut over det viktige arbeidet med kreftsjuke og familiane deira, og kreftforskinga, seier Grande.

Arbeidarpartiet foreslår å fryse støtta til dei ti store organisasjonane på 2015-nivå, slik at auken som kjem i spelemidlar framover vil kome dei nye organisasjonane som søker til gode.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger