Hopp til innhold

– Fleire kvinner får problem med pengespel

– Det er framleis unge menn som dominerer, men vi ser fleire og fleire kvinner som treng behandling fordi dei er avhengig av pengespel, seier sosionom Carina Flatnes.

Poker

RISIKOSPELARAR: 122.000 nordmenn (3,2 %) av befolkninga er moderate risikospelarar eller problemspelarar, viser ei befolkningsundersøking frå 2016.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Ho peiker på at det er fleire nettsider som retter seg mot kvinner, men seier det er vanskeleg å vite kor omfattande det er.

– Ein må nesten må rekne med at dei færraste søker hjelp.

Eg trur kvinnene etter kvart vil komme etter, og spele meir og meir

Carina Flatnes, sosionom
Carina Flatnes

TABU: Carina Flatnes er sosionom ved Ålesund behandlingssenter. Ho trur mørketala er store, fordi folk ventar lenge med å søke hjelp.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Blå Kors kjenner seg igjen i påstanden, men presiserer at delen kvinner ikkje nødvendigvis går markant opp.

– Blå Kors opplever ei generell auke av personar som søker hjelp fordi dei er avhengig av pengespel. Det betyr at vi også ser ei auke i talet på kvinner, seier kommunikasjonsrådgjevar Anders Blixhavn

Tidlegare utgjorde dei avhengige av pengespel omtrent 30 prosent av dei som fekk hjelp ved Blå Kors Poliklinikk. No nærmar talet seg 50 prosent, ifølge dei sjølve.

– Fleire familiar søker hjelp

– I media blir det ofte framstilt slik at det stort sett er einslege menn i 30-åra som slit mest med spel. Men det er ikkje heile sanninga.

Blixhavn seier det er viktig at ein får fram nyansane, og viser at dette ikkje er noko som berre rammar menn.

– Vi opplever at fleire og fleire familiar søker hjelp hos oss. Dette som ei følge av at mor eller far har spilt bort mange av familien sine pengar og dermed har sett familien i eit økonomisk uføre, seier Blixhavn.

Anders Blixhavn

MERKER AUKE: Anders Blixhavn i Blå Kors seier dei får fleire folk til poliklinikken sin som treng hjelp fordi dei er avhengig av pengespel.

Foto: Blå Kors

Mange reklamemillionar

Det er fleire tal som aukar. Nær halvparten av dei som speler på utanlandske nettkasino er risiko- og problemspelarar. I 2013 var det ein tredjepart, ifølge ei befolkningsundersøking frå 2016.

I 2017 brukte utanlandske selskap 866 millionar kroner på reklame. Talet har auka med over 100 millionar kvart år dei siste åra.

Tilbyr hjelp

Ålesund behandlingssenter har nettopp arrangert ein open temakveld for å informere om avhenge av pengespel. Det er eitt av fleire tiltak som blir gjort rundt om i landet.

Universitetssjukehuset i Nord-Norge har også lansert eit lågterskeltilbod på nett. Det skulle eigentleg vere retta mot avhenge av «gaming», men dei innsåg fort at det også måtte rette seg mot pengespel.

– Dette er eit aukande problem i samfunnet vårt. Omtrent 3,2 prosent er risiko- eller problemspelarar. Det er veldig tabubelagt og vi ønsker å nå ut til dei som er råka, seier Flatnes.