Hopp til innhold

Forskar: – Rabiat og kortsiktig politikk

– Politikarane fattar vedtak stikk i strid med tilråding frå fagfolk, og lar kortsiktig økonomisk vinst slå ut langsiktig økologisk tenking.

Politikerne fatter vedtak stikk i strid med rådene fra fagfolk og lar kortsiktig økonomisk gevinst slå ut langsiktig økologisk tenkning. Flere natur- og miljøforskere reagerer med sinne og frustrasjon over at politikerne neglisjerer kunnskap.

HØYRER IKKJE: Bjørn P. Kaltenborn meiner politikarar frå både høgre- og venstresida gong etter gong fattar vedtak stikk i strid med tilrådingane frå fagfolk.

Seniorforskar Bjørn P. Kaltenborn ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) er provosert av politikarar frå både høgre- og venstresida som gong etter gong fattar vedtak stikk i strid med tilrådingane frå fagfolk, og særleg natur- og miljøforskarane.

– Kortsiktig økonomisk vinst slår ut den langsiktige økologiske vinninga, seier han, og får støtte av fleire andre natur- og miljøforskarar som er urolege over at kunnskapsbasert forsking ikkje blir tatt på alvor.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og seniorforskar Bjørn P. Kaltenborn ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) i debatt i Politisk kvarter.

Blyhagl og snøskuter

– Sjølv om forskarane er samstemte om at både blyhagl, snøskuterkøyring og nye kilometer skogsbilvegar er ein trussel mot miljøet, kjem dette ikkje til uttrykk i den vedtatte politikken, seier Kaltenborn.

På Norges Miljø- og Biovitskaplege Universitet på Ås legg professor Anne Sverdrup-Thygeson fram ny dokumentasjon på det biologiske mangfaldet i villmarksprega skog. Skog som ligg meir enn fem kilometer frå veg.

Men torsdag fastsette landbruksminister Sylvi Listhaug nye forskrifter for landbruksvegar , og gir støtte til vegbygging i urørte område.

Kakepynt

– Vi slit framleis med at nokon ser på miljøomsyn som ein slags kakepynt, seier Sverdrup-Thygeson.

Vedtaket om å sleppa endå meir snøskutertrafikk ut i naturen provoserer seniorforskar Kaltenborn:

– Dette er det vi kallar eit paradigmeskifte i utmarksforvaltinga. Det er ein «før og etter»-milepæl. Det grensar til galskap i forhold ti det kunnskapen seier.

Seniorforskaren ved NINA er endå meir opprørt over det breie politiske forliket om å oppheva forbodet mot blyhagl i småviltjakt.

– Vi oppfører oss stakkarsleg når det gjeld å bruke den kunnskapen som det er vitskapeleg konsensus om. Bly er så eit svært farleg stoff, og dette er klart dokumentert. Det er vanskeleg å skjøna korleis Stortinget kunne finne på å gå med på noko slikt, seier forskaren.

Leveområde forsvinn

Bernt-Erik Sæther er professor i biologi ved NTNU. Også han ser med uro på det som skjer i naturforvaltninga.

– Vi ser ein del skremmande trekk. Alle seier dei er opptatt av klimaendringane, men klimaendringane blir endå meir alvorlege av anna press på naturen når til dømes viktige leveområde forsvinn. Dette er ei utvikling vi ikkje ser konsekvensane av.

Han konstaterer også at økonomi trumfar økologi i politikken.

– Det vi er opptatt av, er verdiar det ikkje er mogeleg å gi ei økonomisk verdsetting av.

Politikarane neglisjerer kunnskap

Bjørn Kaltenborn meiner politikarane rett og slett neglisjerer kunnskap.

– Kunnskap på miljøsektoren blir marginalisert. Sjølv om vi også veit at politikarane skal ta andre omsyn i prosessane, ser vi nokre ganske rabiate utslag av korleis kunnskap blir bruk og korleis han ikkje blir brukt, seier Kaltenborn.

– Forsking og politikk har to forskjellige roller. Politikken skal også avvege forskjellige omsyn mot kvarandre, svarte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) da spørsmålet vart debattert i Politisk kvarter på NRK i dag tidleg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger