Hopp til innhold

Jublar for lønsstøtte – trekker tilbake alle permitteringane

Den nye lønsstøtteordninga gjer at hotelleigaren no har trekt tilbake varselet om permittering for 80 tilsette på Hotel Alexandra i Loen.

Richard Grov

TREKKER VARSEL: Richard Grov har vanlegvis fulle hus på Hotel Alexandra i Loen på denne tida av året. No skal dei tilsette tilbake i jobb og blant anna gjere førefallande arbeid.

– Eg er veldig glad for at dette er konkretisert i ei lønsstøtteordning og veldig glad for å kunne sende ei siste julehelsing til våre permitterte tilsette om at dette er historie, seier Richard Grov til NRK.

Hotelleigaren går derimot mot straumen og lovar arbeid til alle, sjølv om hotellet framleis er stengt på grunn av dei strenge koronatiltaka.

Han rosar regjeringspartia og SV som no har landa fleirtal for ei ordning som er fleksibel.

– Vi skal finne arbeidsoppgåver til alle. Det er alltid ting som kan prioriterast fram, flyttast på, ting vi ynskjer å gjort. Det kan til dømes gjelde etterutdanning og opplæring, seier Grov.

Aukar maksgrensa

Regjeringspartia og SV blei måndag ettermiddag samde om eit forslag til lønsstøtte med tilbakeverkande kraft frå 1. desember.

I tillegg blir minimumsbeløpet heva per tilsett ved omsetningsfall på 20 prosent frå 3000 kroner til 4000 kr.

– Det viktigaste for SV er at flest mogleg behaldar jobben. Derfor har vi fått heva beløpa bedriftene får per tilsett, både ved høg- og låg omsetningssvikt, seier Kari Elisabeth Kaski, finanspolitisk talsperson i SV.

Hotelleigaren i Loen meiner at det som kjem fram i fleirtalsforslaget vil hjelpe mange i utsette næringar.

– Det er ei grei avklaring at det er enten alle eller ingen, og at det er fleksibilitet til oppgåver sjølv om verksemder er stengde. Det signaliserer også ei framtidstru og håp om at vi nærmar oss raskare ein normalsituasjon, seier Grov.

Jørn Lie. Gamle Raadhus Restaurant. Lønsstøtteordning.

SEL FISK: Jørn Lie i arbeid på restauranten Gamle Raadhus måndag. For å minske tapet sette i han i gang med å vakuumpakke rakfisk og selje dette utanom restaurantdrifta.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Sel unna julemat

Men om hotelleigaren i Nordfjord er nøgd, så er tonen ein annan hos restauranteigaren Jørn Lie i Oslo.

Han meiner det er lite realistisk å hente tilbake mange av dei 75 han har permittert på dei tre restaurantane han eig. For i botnen av lønsstøtteordninga ligg det og eit prinsipp om alle eller ingen.

Det vil i praksis seie at dei som permitterer ikkje får lønsstøtte og fleirtalet på Stortinget forventar at arbeidsgjevarane no skal ta tilbake dei tilsette i jobb.

– No har vi alt begynt å få dei første rekningane på husleige for første kvartal neste år, vi har akkurat betalt moms for ei drøy veke sidan. Vi veit det også kjem ei momsrekning i byrjinga av februar, seier Lie.

I dag brukte den kjende restauranteigaren tida på å vakuumpakke pinnekjøt, rakfisk og anna julemat.

– Vi har heldigvis vener på Facebook som kjøper, slik at vi kan minske tapet.

At regjeringa i dag la fram ei revidert lønsstøtteordning saman med SV.

Partia er samde om at maksbeløpet blir auka til 40 000 kroner i månaden per tilsett, avgrensa til maks 80 prosent av bruttolønna til den tilsette.

– Ikkje perfekt

SV er tydeleg på at fleirtalet no meiner at denne ordninga vil hjelpe bedriftene, både dei som har store og mindre fall i omsetninga no på grunn av koronatiltaka.

– Lønsstøtteordninga er ikkje perfekt, difor viktig at regjeringa no skal reviderte den og kome tilbake i januar med ein oppdatert versjon for januar og februar, seier SV sin finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, til NRK.

Men for Jørn Lie handlar det ikkje berre om lønsutgiftene no før jul. I byrjinga av februar kjem ei ny, stor momsrekning til staten.

– Men du trur ikkje at du vil få utsett denne rekninga då?

– Det kjem jo heilt sikkert det, men eg likar ikkje å tisse i buksa. Det blir varmt med ein gong, men det kjem til å bli kaldt ganske fort. Vi likar å vere à jour. Om du byggjer eit tårn framfor deg heile tida, så kjem tårnet til å rase, seier Lie.

Lønnstøtte

FLEIRTAL: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jan Christian Vestre (Ap) har no fleirtal i Stortinget for ei lønsstøtteordning.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Ordninga treff betre

Arbeidsgjevarorganisasjonane Virke og NHO er ikkje nøgde med at «alle eller ingen»-prinsippet blir med vidare. Men dei meiner også at ordninga er langt betre no enn det første forslaget om blei lagt fram.

– No treff denne ordninga betre og det blir mogleg for fleire verksemder å nytte lønsstøtte. Det er bra at regjeringa og SV kom i mål i dag, slik at fleire verksemder får avklart situasjonen før jul.

Det seier toppsjef i Virke, Ivar Horneland Kristensen.

Han reagerer likevel på at «Alle eller ingen»-kriteriet blir ståande. Dette kriteriet stenger for ein kombinasjon av permittering og lønsstøtte.

– Vi meiner det betyr fleire permitteringar og oppseiinga enn naudsynt, seier Horneland Kristensen.

Anniken Hauglie i NHO, er glad for at regjeringa og SV har lytta til NHO og at dei har vore i dialog med ESA.

– Med desse justeringane, håpar og trur vi enda fleire bedrifter vil bruke lønsstøtteordninga, seier Hauglie.

– Gir ekstra tid

Ap, Sp og SV gir òg bedriftene forlengd frist på å ta tilbake permitterte tilsette, slik at dei heller kan gå over til lønnsstøtteordninga. Fristen blir frå endra 21. til 23. desember.

– For Arbeidarpartiet er det viktig at fellesskapet stiller opp. No gir vi bedriftene ekstra tid til å hente tilbake allereie permitterte tilsette. Ingen skal føle at dei står åleine i krisa, seier Eigil Knutsen, Aps finanspolitisk talsperson.

Partia er samde om at 500 millionar av regjeringas varsla ein milliard til kommunal kompensasjonsordning blir løyvde i nysalderinga for 2021.

At det no blir ei semje og eit krav om at ingen kan permittere om dei vil ha lønsstøtte, er bra, meiner hotelleigar Richard Grov.

– Eg likte ikkje på nokon måte å permitterte tilsette. Lønsstøtteordninga gir oss forutsigbarheita vi ber om, seier han.

AKTUELT NÅ