Fleirtal for fritt behandlingsval

STORTINGET (NRK): Høgre, Frp, KrF og Venste står saman om innføring av fritt behandlingsval. Det kom fram på ein pressekonferanse i dag.

Pressekonferanse om fritt behandlingsvalg
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Dei fire partia har i dag blitt samde, noko som gjer at forslaget om fritt behandlingsval har fleirtal i Stortinget.

Fleire pasientgrupper skal kunne velje private helsetilbud framfor offentlege tilbod - på staten si regning.

– I dag er det berre dei med tjukk lommebok som kan velje andre tilbod. No skal alle kunne gjere det, seier dei helsepolitiske talspersonane i dei fire partia.

Fritt behandlingsval innan rusbehandling, psykisk helsevern og nokre andre fagområdet kan bli innført allereie i 2015. Frå 2016 skal omfanget gradvis utvidast til å gjelde også anna sjukehusbehandling.

SISTE NYTT

Siste meldinger