Hopp til innhold

– Flaks at ikkje fleire har mista livet i trafikken

Dødstala i sommarmånadane har gått kraftig ned dei siste åra, men UP tar stadig fleire førarkort for høg fart.

Dødstala i sommarmånadane har gått kraftig ned dei siste åra, men UP tar stadig fleire førarkort for høg fart.

KLIKK FOR VIDEO: Bli med utrykningspolitiet på jakt etter fartsyndarar.

– Eg skulle berre rekke ein legetime.

Om det er ei ærleg forklaring eller ei dårleg unnskuldning spelar inga rolle. Når ein vert stoppa av Utrykningspolitiet for å ha køyrt fort er det lite ein kan gjere for å unngå eit førelegg.

40 sivile politibilar har i sommar vore ute på dei norske vegane og teke førarkortet frå fleire hundre bilførarar. Og sjølv om mykje går i riktig retning når det gjeld trafikktryggleik i landet, så er utviklinga negativ når det gjeld førarkortbeslag.

12 prosent auke

Talet på førarkortbeslag har totalt auka med 12 prosent dette halvåret samanlikna med i fjor. I førre halvår var talet 2324, mot 2643 i år.

Runar Karlsen

Runar Karlsen i utrykningspolitiet fortel at utviklinga går i feil retning.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sidan 2008 har talet på førarkortbeslag grunna råkøyring halde seg på godt over 5000 i året. I år har me 2600 ved første halvår, så det betyr at talet held seg høgt. Diverre, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Men dødstala i sommartrafikken er nær halvert dei siste to åra. UP-sjefen meiner likevel dette er rein flaks.

– Me har framleis ein høgrisikogruppe ute på vegen av unge førarar som manglar risikoforståing. Og av lovbrytarar og kriminelle som ikkje bryr seg om lova eller grensene på vegen

– Kva synest du om dette talet?

– Når me veit at fart står for hovudårsaka til 50 prosent av dødsulukkene, så er det viktigaste me kan gjere på vegane å redusere hastigheita.

– Folk flest køyrer ikkje dårleg. Men framleis er det alt for mange som er villige til å ta altfor høg risiko.

Enkelte grupper dominerer

91 prosent av dei som mister førarkortet er menn. I tillegg er dei yngre høgrisikopersonar. Av alle som blir tekne for råkøyring er heile 58 prosent tidlegare lovbrytarar.

Den gjennomsnittlege hastigheita har gått ned med ein kilometer frå i fjor til i år. Karlsen meiner dette er eit teikn på at fleirtalet av norske sjåførar er blitt flinkare dei seinare åra.

– På mange måtar har me fått flinkare sjåførar. Men på den andre sida har me like mange farlege førarar ute på vegane. Det ser me kvar dag, me som er på vegen.

Dødstala i sommarmånadane har gått kraftig ned dei siste åra, men UP tar stadig fleire førarkort for høg fart.

KLIKK FOR VIDEO: - Flaks at ikkje fleire har mista førarkortet, seier UP.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger