Hopp til innhold

Fersking i naturen? Dette må du tenke på

Da utanlandsferien vart avlyst, valde fleire å utforske sitt eige land. For å hjelpe dei som har vorte «dytta ut» i friluftslivet, har turistforeininga laga eit digitalt krasjkurs.

Katharina Fritz på fjelltur med syster si

FRILUFTSKURS: No som fleire vel å feriere i Noreg har Den Norske Turistforening delt smarte tips og kunnskap om friluftsliv gjennom eit digitalt kurs.

Foto: Katharina Fritz

Mange har hatt sitt første møte med friluftslivet i år. Den Norske Turistforening (DNT) har derfor laga digitale ferskingkurs for å senke terskelen for å komme seg ut i naturen.

Tanken bak det digitale kurset er å gjere det enkelt for folk å drive med friluftsliv i sommar, fortel Tina Skare, rådgjevar kurs og kompetanse i DNT.

Tina Skare i Den Norske Turistforening på fjellet

DYTTA UT: Rådgjevar i DNT, Tina Skare, har laga det digitale ferskingkurset. Ho trur mange har vorte dytta ut i friluftslivet i år og at kurset kan gjere turane betre.

Foto: Ida Angeltveit / DNT

Rett bruk av naturen

– Vi får mange spørsmål om utstyr, og om det er vanskeleg eller farleg å begynne med friluftsliv, så det er tydeleg at folk kanskje trur det er ein høgare terskel enn det faktisk er for å komme seg ut, seier Skare.

– Vi vil prøve å senke terskelen litt, og gjere informasjonen tilgjengeleg for alle som vil.

DNT forventar at fleire vel fjelltur i sommar samanlikna med tidlegare år. Likevel vil ikkje nordmenn klare å dekkje opp for fråfallet av utanlandske turistar, så om ein drøymer om å gå ein av klassikarane som Besseggen, Preikestolen eller Trolltunga, må ein ta sjansen i år.

På digitalt friluftskurs lærer ein turplanlegging, korleis pakke sekken og sove ute i telt eller hengekøye. Ein får og tips til utstyr og kledning, og lærer om allemannsretten og sporlaus ferdsel.

– Kurset fortel korleis ein kan bruke naturen, og kva som er rettane våre, men også pliktene våre når vi er ute på tur. Folk må rydde opp etter seg, understrekar Skare.

Betre turoppleving

Jenny Lønn Barvik er ein av dei som har hatt utbytte av kurset. Ho tar nokon turar i året på fjellet eller i marka, og synest lågterskeltilbodet har hjelpt henne å få ei betre turoppleving.

Jenny Lønn Barvik på tur i Ryfylkeheiane

GODE TIPS: Jenny Lønn Barvik går på tur ein gong i blant. Ho meiner lavterskelkurset vil gi henne ei betre turoppleving.

Foto: Privat

– Eg har gått på nokon «pakkesmeller» tidlegare, så eg skal pakke litt smartare neste gong. Det blir ei mykje betre turoppleving når ein har pakka det ein faktisk treng og ikkje meir, så ein slepp unødig vekt, seier Barvik.

Sjølv om ho har vore på tur før, var kurset mellom anna ei nyttig påminning om allemannsretten. Det er retten som gir oss rett til å ferdast og opphalde oss i utmark i Noreg. Alle kan gå på tur og overnatte så lenge ein viser omsyn til naturen, bebuarar og landbruket.

– Vi er heldige i Noreg som har så mykje fin natur lett tilgjengeleg for alle, sjølv i bynære område her i Oslo, seier Barvik.

Turtipsa for nybegynnarar

Før ein nyttar naturen for første gong, bør ein tenke gjennom kva ein vil ha ut av turen, og kva ein må gjere om noko går gale.

Leder i landsråd hjelpekorps i Røde Kors, Kjersti Løvik

VÊRAVHENGIG: Godt vêr gjer at fleire er på tur, som fører til fleire redningsoppdrag for Røde Kors, seier Kjersti Løvik, leiar i landsråd Hjelpekorps i Røde Kors.

Foto: Roar Dalmo Moltubak / Røde Kors

Røde Kors sine hjelpekorps var ute på fleire redningsoppdrag i juni. Leiar i landsråd Hjelpekorps, Kjersti Løvik, trur det kan bli mange fleire om turvêret blir godt.

– Godt vêr gjer at fleire er ute og går, så reint statistisk blir det fleire oppdrag når det er fleire menneske ute, seier Løvik.

Dette er hennar og DNT sine ti viktigaste turtips:

  • Følg alltid fjellvettreglane, dei er oppskrifta på ein tur.
  • På sjøen, følg sjøvettreglane.
  • Planlegg turen på kartet.
  • Start med å gå tur i godt vêr, da får du meir lyst til å gå igjen.
  • Gjer det enkelt, bruk utstyret du har.
  • Begynn i det små, gå gjerne i nærområdet.
  • Sett mål for turen din, og hugs at dei kan vere forskjellige for barn og vaksne. For barna er det ikkje sikkert det er toppen av fjellet som er viktig, men heller kakao og pølser.
  • Pakk mat, drikke, førstehjelpsutstyr og varm jakke.
  • Unngå å fryse.
  • Du må ikkje gå langt for å få fantastiske opplevingar.

– Det er ikkje så høg terskel for å drive friluftsliv i nærområdet, dei fleste bur ved ein sti eller turområde. For mange er det meir enn bra nok å berre vere ute i skogen eller langs kysten. Ein treng ikkje legge ut på ein lang ekspedisjon for at det skal vere ekte friluftsliv, meiner Skare.

AKTUELT NÅ