Frp går ned 2,1 prosentpoeng til 12,3 prosent.
Det er den største tilbakegangen på novembermålinga, men alle endringane – bortsett frå Raudt – er innanfor feilmarginen.
– På målinga sist låg me høgt, men når det er sagt, er det berre å halde fram å jobbe, seier nestleiar Sylvi Listhaug som ikkje er nøgd med tala.
Låge tal på målingane er ikkje godt nytt for partiet om kort tid skal inn i krevjande budsjettforhandlingane med regjeringspartia.
– Har de no mindre å ta med inn i budsjettforhandlingane med regjeringspartia?
– Vi kjem til å ta med i bøtter og lass med saker som vi skal ha gjennomslag for, seier Listhaug.
Frp har kome med ei rekke krav dei vil ha gjennom i forhandlingane som truleg startar i slutten av neste veke eller veka etter.
Støre slepp MDG og Raudt
Første gong i haust viser tala på målinga at Jonas Gahr Støre har fleirtal saman med SV og Sp. Tidlegare har han vore avhengig av MDG og/eller Raudt for å få fleirtal.
– Dette er eit godt teikn. At det er fleirtal for skifte er det viktigaste, men at desse tre partia ville fått fleirtal ville vore ekstra bra, seier Jonas Gahr Støre, leiar i Ap.
– Denne målinga viser at vi har alle sjansar til å vinne, seier leiar i SV, Audun Lysbakken.
Sp ikkje med
NRK ville samle dei tre partileiarane for Ap, Sp og SV i Stortinget i dag, men Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ønskte ikkje å vere med på ei fellesseanse.
Han har tidlegare nekta å svare på om han kan sitje i regjering med SV, og har heile tida gjentatt at han ynskjer ei Sp/Ap-basert regjering.
Sp-leiaren ville ikkje vere med då Audun Lysbakken (SV) og Jonas Gahr Støre (Ap) møtte NRK i dag.
Foto: Jon Petrusson / NRK– Støre, Sp ville ikkje stille opp her saman med dykk i dag, kva tenkjer du om det?
– Nei, eg sit ikkje på møteboka til Trygve, han er sikkert ein annan stad han brukar tida godt, seier Jonas Gahr Støre.
– Korleis skal det gå å regjere saman då, når han ikkje vil stille opp her?
– Der har me 8 år erfaring, der det var finanskrise og me tok vare på Noreg, så det skal me klare igjen, seier Støre.
Vedum har heller ikkje ville fortelje kven som er Senterpartiet sin statsministerkandidat.
Håpar trenden har snudd
Arbeidarpartiet får 23,5 prosent oppslutnad på målinga. Det er ein framgang på 1,8 prosentpoeng sidan sist måling.
– Eg syns nivået er for lågt, men eg er glad for framgangen, seier Jonas Gahr Støre.
– Tenkjer du at trenden med dårlege målingar no er snudd?
– Eg håpar det. Me ser no at me har hatt merksemd om politikk dei siste vekene, og bort frå det som ikkje handlar om politikk, då får me tillit tilbake, seier Støre.
Nedtur for Solberg
Høgre er landets største parti og går fram 1,1 prosentpoeng til 25,2 prosent på målinga. Likevel kan ikkje Erna Solberg juble.
For både Venstre og KrF ligg godt under sperregrensa og får begge 3,3 prosent oppslutnad kvar.
Dei fire borgarlege partia ligg no dårlegare an enn dei gjorde på same tid i 2016, altså før valet i 2017 der dei fekk fornya tillit.
Om både Venstre og KrF skulle mobilisere fleire usikre veljarar og begge kome over sperregrensa, viser eit utrekning NRK har gjort, at det likevel ikkje ville blitt fleirtal for dei fire borgarlege partia.