Hopp til innhold

Fekk ei bot på halvparten av månadsinntekta for å sjekka mobilen

Elisabeth (27) fekk 7450 kroner i bot for å sjekka mobilen medan ho køyrde. Åleinemora reagerer på at bøtene er like for alle, uansett inntekt.

Elisabeth fekk sjølv ei bot ho ikkje kunne betala, og kritiserer regjeringa si auke av trafikkbøtene.

Elisabeth fekk sjølv ei bot ho ikkje kunne betala, og kritiserer regjeringa si auke av trafikkbøtene.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

I september i fjor var Elisabeth (27) i bilen på veg for å henta foreldra som hadde fått motorstopp.

Ho kjende ikkje vegen frå før, og hadde derfor leita fram retninga på mobilen som låg i passasjersetet.

Framfor ho var køen nesten stilleståande, ifølge Elisabeth.

– Så var eg så syndig at eg tappa mobilskjermen for sjå kvar eg skulle køyra av, seier ho.

Ifølge kvinna var det alt. Ho løfta ikkje ein gong mobilen opp, hevdar ho.

10 minutt og 15 meter seinare, ifølge 27-åringen, kom politiet med blålys og sirener.

Ho fekk då ein bot på 7450 kroner, noko ho ikkje hadde råd til å betala.

Syntest du sjølv du fortente bota?

– Nei, det synest eg ikkje. Eg er for at ein ikkje skal bruka mobil når ein køyrer bil, men me stod tilnærma stilleståande, fortel ho.

Regjeringen vedtok å øke bøtenivået og hevdet de hadde lyttet til fagekspertene. Men hadde de det?

Regjeringa vedtok å auka bøtenivået og hevda dei hadde lytta til fagekspertane. Men hadde dei det?

– Får ringverknader

Med ei månadleg inntekt på 18.780 kroner hadde studenten og åleinemora ikkje moglegheit til å betala heile bota på ein gong.

I staden har ho betalt litt over 700 kroner i månaden, samtidig som rentene har auka bota til totalt 9134 kroner.

Det ho meiner er feil her, er at bota ikkje var justert etter inntekta hennar.

– Når det er sett ein sats som er lik for alle vil det svi mykje meir for ein person som må betala halve månadsinntekta si for bota, seier Elisabeth.

Elisabeth

Elisabeth synest summen på 7450 kroner i haust var dyrt.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Samtidig som prisane på mat, drivstoff og energi aukar, aukar ikkje inntekta til Elisabeth, fortel ho.

– Det får ringverknader, seier ho, og legg til at det går mest ut over dei som har minst frå før.

Ho seier ho var heldig som fekk bota før bøtesatsane blei auka 1. februar.

Skjerper du deg i trafikken med høyere bøter?

Mykje kritikk

Endringa i trafikkbøter frå 1. februar har fått kritikk frå fleire hald.

– Eg meiner grunngjevinga, som skal vera betre trafikksikkerheit, ikkje er påvist, seier advokat Brynjar Østgård.

NRK forklarer

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Fartsoverskridelse

  • Dersom fartsgrensen er 70km/t eller høyere.
  • Til og med 30 km/t over grensen:
  • 12 100 kroner


Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Fartsoverskridelse

  • Dersom fartsgrensen er 60km/t eller lavere
  • Til og med 20km/t over grensen:
  • 7800 kroner
Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Ulovlig forbikjøring med motorvogn

9700 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

For kort avstand til forankjørende

9700 kroner.


Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Kjøring med motorvogn i strid med trafikkskiltene

7800 kroner.



Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Forbud mot bruk av elektronisk utstyr i motorvogn

9700 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Fører av motorvogn som ikke har overholdt vikeplikt

9700 kroner.


Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Kjøring på rødt lys

Fra 7 250 til 9 700 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Brudd på skilting

Fra 5 850 til 7 800 kroner.

(Påbudt kjøreretning, påbudt kjørefelt, kollektivfelt, envegskjøring, gågate)

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

På eller over gul eller hvit sperrelinje

Fra 4 450 til 5 900 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Brudd på vikeplikten

Fra 7 250 til 9 700 kroner.

(Overfor trafikk fra høyre, gående i gangfelt, ved utkjøring fra parkeringsplass, holdeplass, torg, eiendom eller lignede område).

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Blinklys

Fra 2 750 til 3 700 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Bruk av mobil

Fra kr 5000 til 9.700 kroner.

Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Fellesbot

Fra 19 700 til 26 250 kroner.

Dilemma: Du har kjørt i 72 km/t i 60-sonen. Hvilken straff velger du?

Bot på 3000 kroner.
75%
3 dager i fengsel.
25%

10 441 stemmer

Han meiner auken i trafikkbøtene bryt prinsippet i straffeloven om at straffa skal vera rimeleg i forhold til forbrytinga.

Ordninga med forenkla førelegg i trafikksaker blei innført i 1972. Østgård meiner det er klare fordelar med ein forenkla prosess, men at det også har ei stor minusside.

Han seier satsane etter 1972 har auka i takt med pris- og lønnsutviklinga, men at dei sidan 2004 har gjort eit hopp.

Konsumprisindeksen frå 2004 til 2022 har auka med drygt 51 prosent. Bøtesatsane har frå 2004 til 2023 grovt sett auka atskilleg meir, nemleg med 140 prosent, seier Østgård.

Les også Ville ikke ha de nye trafikkbøtene: – Handler om å få et budsjett til å gå opp

Utrykningspolitiet på kontroll

Fleire tiltak for folk som slit

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Geir Indrefjord (Sp), har stor forståing for at auken i trafikkbøtene blir merka.

– Men me har fleire tiltak for personar som slit med økonomien. Omfordeling er ein viktig del av regjeringa sin økonomiske politikk, seier Indrefjord.

Dokument advokat Østgård har fått innsyn i, tyder på at regjeringa tok avgjerda om bøtestatsnivået på eit budsjettmøte i august, sjølv om forslaget låg opent for innspel fram til desember.

Østgård meiner det ut frå dokumenta verkar som den auka bøtesatsen skal gje staten fleire milliardar i inntekter framover i tid.

Var det av omsyn til budsjettet at dette blei innført?

– Nei, dette var eit svar på auken i trafikkdødstal, som me såg steig mykje sist sommar, svarer statssekretæren.

Under høyringsrunden kom fleire med innspel om at denne auka truleg ikkje ville auka trafikksikkerheita.

– Nokon meiner det har effekt, andre meiner det ikkje har det, men me veit at økonomiske incentiv i dei aller fleste tilfelle har effekt, seier Indrefjord.

Sjå heile debatten om bøtesatsane her:

Les også Politiet vegrer seg for å skrive ut skyhøye bøter

Aleksander Naley

Etter ei redaksjonell vurdering har NRK fjerna etternamnet til kvinna etter at saka blei publisert.

AKTUELT NÅ