Hopp til innhold

Færre tjukke born i Noreg

Vektauken blant norske born kan ha snudd. Det er i dag færre overvektige tredjeklassingar på norske skular enn for to år sidan.

Vektauken blant norske born kan ha snudd. Det er i dag færre overvektige tredjeklassingar på norske skular enn for to år sidan.

VIDEO: Se en video-reportasje om overvekt hos norske born.

Kvar sjette åtteåring er overvektig i dag. Nivået er dermed tilbake på 2008-nivå, etter å ha auka til kvar femte i 2010.

Det går fram av den nye Barnevekststudien som Folkehelseinstituttet gjennomførde blant 3500 norske ungar i haust. Resultatet frå undersøkinga blir presentert i dag.

– Viktig med sunn mat og moro

Sondre slettemark

Sondre Slettemark går i 3. klasse på Sørli skule i Nittedal, Akershus. Han har funne oppskrifta på eit sunt og godt liv.

Foto: Geirr larsen / NRK

Det er uvisst om årsaka til vektreduksjonen blant borna dei siste to åra er at foreldra har snurpa saman godteposane, eller om auken for to år sidan var tilfeldig.

– Det kan jo henda at den merksemda som har vore rundt overvekt inkludert fedme i barnefolkesetnaden vår har bidrege til at foreldra tenkjer seg meir om. . Det er mindre brus og godteri. Alle born er no veldig klare over kva som er sunn mat, seier Ragnhild Hovengen, prosjektleiar ved Folkehelseinstituttet.

Ein av dei som har eit klart svar på kva som skal til for å halda seg sunn og frisk er tredjeklassingen Sondre Slettemark på Sørli skule i Nittedal i Akershus.

– Trena og eta sunn mat og ha det moro, som barn i alle fall, seier Slettemark.

Flest tjukke born i nord

Selma Gudim Karlsen

Selma Gudim Larsen, tredjeklasseelev ved Sørli skule i Nittedal.

Foto: Geirr Larsen / NRK

Framleis er det flest overvektige born i Nord-Noreg. Færrast tjukke ungar er det på sør- og austlandet. Men totalt har det altså blitt færre overvektige tredjeklassingar dei to siste åra.

Det er fleire overvektige jenter enn gutar på dette alderstrinnet. Nesten kvar femte jente er overvektig, og kvar sjuande gut.

Selma Gudim Karlsen på Sørli skule i Nittedal har fått grei beskjed frå foreldra sine:

– At me ikkje berre kan eta godteri og usunn mat. For då kan me bli litt feite, seier Karlsen.

Haldningskampanjane held fram

Ragnhild Hovengen, Folkehelseinstituttet (FHI)

Ragnhild Hovengen, prosjektleiar ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Foto: FHI

Sjølv om mykje av sjokoladen no er byta ut med frukt, er framleis 16 prosent av tredjeklassingaene overvektige. Det er dermed ingen grunn til å avslutta haldningsarbeidet meiner FHI.

– Eg trur det er veldig viktig at me ser dette som ei utfordring no, at me faktisk kanskje greier å stabilisera, seier Hovengen ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Barnevekststudien er ein landsomfattande studie som starta i 2008. Målet med undersøkinga er å følgja med på korleis høgde, vekt og livvidde utviklar seg over tid blant norske 3. klassingar,.

Les hele rapporten her

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger