Hopp til innhold

EU-borgarane må punge ut

Klimaplanen til EU vil koste kvar einaste innbyggjar 3 euro i veka, seier presidenten i EU-kommisjonen José Manuel Barroso.

José Manuel Barroso

Presidenten i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, kunne onsdag endeleg leggje fram forslag til korleis EU skal kutte ein femdel av drivhusgassane innan 2020.

Foto: FRANCOIS LENOIR / SCANPIX

EU-kommisjonen vedtok den omfattande planen onsdag. Planen skal bremse den globale oppvarminga.

Alle dei 27 medlemslanda og EU-parlamentet må godkjenne klimaplanen før den trer i kraft. Forslaget frå kommisjonen skulle eigentleg ha vore lagt fram før klimamøtet på Bali før jul.

Kuttar med ein femdel

EU vil kutte utsleppa av drivhusgassar, auke bruken av fornybar energi og satse meir på biodrivstoff. Målet er å kutte drivhusgassane med 20 prosent innan 2020.

Sentralt i planen er ei oppdatering av EU sitt kvotehandelsystem for bedrifter og eit direktiv for fornybar energi.

Forslaget er ei konkretisering av dei politiske måla EU-landa vart samde om i fjor. Barrosso har på førehand sagt at han ventar kritikk for planen.

– Vi er førebudd på kritikk frå nasjonale politikarar, slik er det berre, seier han.

Kritikk frå Noreg

Kritikken let ikkje vente på seg. Klimaplanen inneber at den kraftkrevjande industrien får gratis utsleppskvotar frå 2013. Dette blir svært dårleg motteke av Gunnar Kvassheim (V) som er leiar for energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

- Forslaget fra EU-kommisjonen om at den kraftkrevjande industrien skal få gratis utsleppskvotar bryt med prinsippet om at forureinaren skal betale, seier han.

I Noreg vart dette lagt vekt på i klimaforliket mellom opposisjonen og regjeringspartia.

- Eg legg til grunn at regjeringa fylgjer dette opp og gir uttrykk for haldninga i Noreg når klimaplanen til EU-kommisjonen blir endeleg vedteken, seier Kvassheim.

Ros frå Stoltenberg

Miljøpakka inneheld krav om kor stor grad kvart enkelt EU-land må kutte i utslepp og leggje om energiproduksjon.

Statsminister Jens Stoltenberg meiner forslaget til EU-kommisjonen viser at Europa står fram som ein leiar i internasjonal klimapolitikk.

– Forslaget til EU-kommisjonen viser at Noreg og EU har mange felles mål og interesser i den internasjonale klimapolitikken. Dette forslaget gir eit godt grunnlag for vidare samarbeid på viktige satsingsområder som kvotehandel, CO2-fangst og lagring, og fornybar energi, seier han.

Sverige tapar

EU-kommisjonen har fått kamp til døra om miljøpakka både frå medlemslanda i EU og europeisk industri. Direktivet om fornybar energi har vore kontroversielt blant EU-landa. Direktivet inneheld forplikta mål for kor mykje kvart enkelt land skal auke produksjonen av fornybar energi basert på korleis situasjonen var i 2005.

Dermed vil land som var gode på fornybar energi i 2005 få liten kreditt for arbeidet dei allereie har gjort. Det vil vere langt lettare for meir bakstreverske land å nå måla. Sverige har mykje vasskraft og har vore gode på alternativ energiproduksjon. Landet må dermed streve ekstra for å fylgje dei nye reglane.

Samtidig vert er det stilt krav om at dei rike EU-landa må gjere meir enn dei fattigaste.

AKTUELT NÅ