Hopp til innhold

E-sjefen fryktar påverknad av stortingsvalet

Dataangrepet mot Stortinget kan vere ein del av ei større kampanje mot fleire land, meiner etterretningssjef Moten Haga Lunde. Han fryktar framande makter kan forsøke å påverke valet neste haust.

Sjef for Etterretningstjenesten Morten Haga Lunde

Eg var ikkje så veldig overraska over angrepet mot Stortinget, men eg syns det er trist, seier Lunde.

Foto: Ole Berg-Rusten

For første gong kommenterer sjefen for E-tenesta, Morten Haga Lunde, IT-angrepet mot Stortinget som blei kjend førre veke. Det blei registrert innbrot på e-post-kontoane hjå fleire stortingsrepresentantar og tilsette.

– Vi trur dette kan vere ein kampanje som dreier seg om fleire land. Der dette angrepet er ein del av ein større kampanje som nokon står bak, seier Lunde.

Statleg aktør

Angrepet mot Stortinget blir etterforska av PST og Lunde vil ikkje konkludere før deira etterforsking er klar. Men seier likevel at e-tenesta si opne trugselvurdering peikar på statlege aktørar som blant anna Russland og Kina som driv med denne type aktivitet.

– Det er nærliggande å tru at det er ein statleg aktør, men det er vanskeleg å finne ut kven det kan vere, seier Lunde.

  • Les meir om e-tenesta si trugselvurdering for 2020 her.

Fryktar påverknad av valet

Lunde seier han ventar at stortingsvalet neste haust kan føre til auka interesse.

– Det blir eit spennande val, kor det heilt sikker er andre makter som kunne ønskt seg den eine eller andre utviklinga i Noreg.

– Du fryktar at nokon vil ønske å påverke valet?

– Ja, det kan eg ikkje utelukke, seier Lunde, som trur område som nordområdepolitikk, Arktis og forsvarspolitikk er spesielt utsette.

Ver på vakt

– Kven kan ønskje å påverke valet i Noreg?

– Russland gjev jo uttrykk for at dei ønskjer ei reorientering av Noreg i opne pressekonferansar. Det kan vere ein moglegheit. Det er eit av fleire eksempel, seier Lunde som ber norske politikarar vere på vakt og ber dei ha god datahygiene.

Morten Haga Lunde går av med pensjon i løpet av hausten. Nils Andreas Stensønes blir ny sjef for Etterretningstenesta.

AKTUELT NÅ