Hopp til innhold

Lærdal: Stengt. Lofoten: 107 fødslar

Regjeringa la ned fleire fødestover fordi dei meinte dei ikkje var trygge nok. Men i Lofoten driv dei som før.

baby Gravdal

Lille Aida kom til verda på ei fødestove i Gravdal i Lofoten.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Til stor misnøye vedtok regjeringa å avvikle forsterka fødestover i vår.

Det ville bety redusert tilbod til fødande i Odda, Lærdal og Lofoten.

Men eit halv år seinare er situasjonen i Lofoten og Lærdal som natt og dag.

Slutt på fødslar

For i Liv Signe Navarsetes heimbygd Lærdal i Sogn har fødestova i praksis allereie vore stengt frå juni. På fødestova på Gravdal i Lofoten har det vore 107 fødslar til no i år. Det er like mange som i fjor. Dette trass i at dei to fødestovene var råka av akkurat det same vedtaket.

– Her er det lenge sidan det har vore fødslar, seier jordmora som viser NRK rundt ved fødestova i Lærdal.

Tomt Føderom

Her er det tomme føderommet ved Lærdal sjukehus si jordmorstyrte fødestove.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sengene er dekte av tynne plastdukar slik at dei ikkje skal støve ned. I sommar var fødestova sommarstengt, og i praksis har den vore det etterpå også ,opplyser helseføretaket til NRK.

Ansvarleg for fødestova er Direktør for Kirurgisk klinikk i Helse Førde, Tore Dvergsdal.

Han seier til NRK at han meiner dei har gjort det dei vart bedne om av regjeringa.

Farlig

Det skal vere trygt å føde her i landet.

Det var bakgrunnen for at Stortinget, regjeringa og Helsedirektoratet i vår endra retningslinene for fødselsomsorga og dei forsterka fødestovene vart avvikla.

– Eg registerer jo at føretaka tolkar dette ulikt. Og i praksis vil det føre til to vidt forskjellege tilbod på dei to forskjellege plassane, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet til Politisk Kvarter.

Ho vedgår at begge fødestovene har det samme politiske vedtaket mot seg.

Dei forsterka fødestovene skilte seg frå dei jordmorstyrte fødestovene nettopp ved at dei hadde gynekologberedskap og kunne ta naud-keisarsnitt.

Men Helsedirektoratet meinte risikoen var for stor ved slike keisarsnitt og at desse fødestovene tok imot fødande som burde vore sendt til større sjukehus med betre fagbemanning.

Som før Lofoten

Men på fødestova på Gravdal i Lofoten kan einingsleiar May Vollnes Johansen slå fast at mykje eigentlig er som før vedtaket. Helse Nord har sikra ein gynekologberedskap ved fødestova slik at det fortsatt er mogleg å ta keisarsnitt dersom situasjonen krev det.

Fødestova på Gravdal, Lofoten

Denne lista frå fødestova på Gravdal i Lofoten viser at jordmødrene har nok å gjære.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Dermed held eigentlig fødestova i stor grad fram på same måten som då dei var ei forsterka fødestove. Sjølv om dei i namnet er ei jordmorstyrt fødestove.

– Det er vanskelig å seie, men eg trur nok fødselstalet her hadde vore lågare dersom vi ikkje hadde hatt gynekologberedskapen her, seier Vollnes Johansen til NRK.

Til no i år er det fødd 107 barn på avdelinga. Det er like mange som i fjor – før dei omstridde vedtaka.

– Fortsatt trygt å føde

Einingsleiar May Vollnes Johansen

Einingsleiar May Vollnes Johansen i Lofoten.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Jordmora får støtte av nybakt trebarnsmor Henriette Berg. Ho vurderte å føde i Bodø for å vere på den sikre sida dersom det skulle oppstå komplikasjonar. Men ho kom til at tilbodet i Lofoten var trygt. Og då var det mange gode grunnar til å føde ein liten biltur unna.

– Det var vel kanskje det at det er gynekologstilling her fortsatt som gjorde at eg valde Lofoten. Ein veit jo aldri kva som kan skje under ein fødsel, seier Berg til NRK akkurat i det to stolte storesøstre bankar på døra for å møte 20 timar gamle lillesøster for første gang.

Akkurat som i vest, meiner Helse Nord at dei har gjort det dei har fått beskjed om.

– Dette er i samsvar med det regjeringa ba om, seier Lars Vorland, administrerande direktør i Helse Nord.

– Vi skal ha ei jordmorstyrt fødestove i Lofoten, og det har vi når det gjeld kva for nokre kvinner som blir utvalt til å reise til Bodø. Men så har vi ei naudløysing i bakhand dersom veret er for dårlig til å frakte dei.

– Urettferdig

Utviklinga dei høyrer om frå Lærdal uroar kvinner som slår ring om fødestova i Lofoten. For sjølv om situasjonen på mange måtar er god no, er det mange som er usikre på kor sikra fødetilbodet i Lofoten eigentlig er.

– Det er skremmande det som skjer i Lærdal, seier Desirée Skjerpen Høgmo. Ho har nylig vore med på oppstarten av ein folkeaksjon for fødestova i Lofoten.

– Vi er jo redde for at det skal gå her som i Lærdal, men førebels er vi nok tross alt heldige, seier ho.

Stortingsrepresentant Toppe er i utgangspunktet positiv til ordninga i Lofoten, men forstår at folk i Lærdal kjenner seg snytt.

– Eg kjenner Sogn og Fjordane såpass at eg veit at folk synest dette virkar urettvist.

Men Robin Kåss, statssekretær i helse- og omsorgsdepartementet, er ikkje einig.

– Begge fødestovene følgjer kvalitetskrava. Det som er viktig er at rett kvinne kjem til rett stad, seier han.

AKTUELT NÅ