Hopp til innhold

Solberg: – Det vil vere vanskeleg å vere høgreleiar med ei sikting

Høgreleiaren snakka i dag ut om aksjesaka. Erna Solberg seier at å ta ansvar ikkje berre betyr at ein skal gå av, og at Høgre får avgjere statsministerkandidaturet hennar.

Erna Solberg

ØNSKJER Å BLI: Solberg seier det er opp til Høgre å avgjere om ho vert statsministerkandidat i 2025.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Erna Solberg møtte pressa for første gang sidan pressekonferansen førre fredag. I denne saka kan du lese om:

– Det er mitt ansvar å sikre habilitet. Eg har ikkje halde orden i habiliteten min.

Det seier Erna Solberg i eit intervju med Høgreleiaren.

Held du fram som høgreleiar og er du Høgre sin statsministerkandidat i 2025?

– Det er eit spørsmål det er opp til Høgre å avgjere. Så meiner eg at vi ikkje skal ta forhasta avgjersler i vanskelege tider.

– Brukt dagar på å finne fotfeste

På spørsmål om Høgre har kasta Sindre under bussen svarar ho:

– Nei, det er ikkje ei ansvarsfråskriving. Eg meiner veldig tydeleg at eg hadde ansvar.

Solberg seier at det er for langt fram i tid til å svare på om Sindre Finnes kan flytte inn i statsministerbustaden igjen.

Erna Solberg

Erna Solberg blir intervjua av NRK.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Han kan ikkje drive med aksjehandel i framtida om eg blir statsminister igjen.

– Sindre har beklaga det han har gjort, og brote tilliten.

Solberg og Finnes har brukt nokre dagar på «å finne fotfeste», seier Solberg.

– Det er ein vanskeleg sak, og vil ta tid. Så vil tida vise om vi klarar å bygge opp eit godt samliv framover.

Solberg seier til NRK at det ikkje er aktuelt med permisjon akkurat no.

– Akkurat no er det ein roleg periode i rikspolitikken, men skulle det kome ein situasjon seinare, må vi ta stilling til det då.

Utelukkar ikkje fleire saker

Høgreleiaren seier at dei ikkje har funne nye saker der ho kan ha vore inhabil.

– Men det kan vere fleire, legg Solberg til.

– Til Hydro vil eg vere inhabil på grunn av storleiken og kortsiktig handel. I 2014 var eigardelen så låg at vi meinte det ikkje utløyste inhabilitet.

Solberg seier det nesten er umogleg å gå gjennom alle saker dei hadde i regjering.

– Men vi må sjå kva vi kan få gjort. Lovavdelinga sa i samband med Huitfeldt-saka at vedtak ikkje er ugyldige dersom ein ikkje visste om det då vedtaket blei gjort.

Erna Solberg
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Hadde du gått av om dette kom fram då du var statsminister?

– Det er vanskeleg å svare på kva som ville skjedd i så fall. Det ville vore avgjerande om stortingsfleirtalet bak regjeringa hadde hatt tillit.

Kontrollkomiteen på Stortinget vil be om ei skriftleg utgreiing frå Erna.

Sindre Finnes' aksjekjøp

Tidslinjen går bakover i tid.

Vanskeleg å vere partileiar med ei sikting

Økokrim har tidlegare sagt at dei vurderer å etterforske saka.

Advokaten til Finnes sa onsdag at dei ikkje fryktar ei etterforsking, fordi Finnes ikkje har gjort noko gale.

Les også Advokaten til Finnes fryktar ikkje Økokrim-etterforsking

Sindre Finnes

Solberg seier at ho ikkje trur Finnes har handla med innsideinformasjon.

– Eg sa også på fredag at om han har oppfatta noko, sett noko, reagert på noko, kan eg ikkje vere sikker på det.

– Påtalemakta skal alltid vurdere om det er grunnlag for etterforsking. Det skal vere likt for alle, seier Solberg.

I samband med Huitfeldt-saka sa Solberg at det ville vore vanskeleg for utanriksministeren å bli sittande om økokrim hadde teke ut ei sikting. Det seier ho også gjelder si eiga sak.

– Det vil vere vanskeleg å vere partileiar for Høgre om det blir teke ut sikting av Økokrim.

Høgreleiaren snakka ut om aksjesaka. Sjå intervjuet.

Ville ha fullstendig aksjeliste

Då ho bad ektemannen legge fram ei liste med aksjehandlane sine, spurte Finnes om det var mogleg å legge fram berre dei største aksjane. Det avviste Solberg, og bad om ei fullstendig og korrekt liste.

Ho frykta spørsmål frå journalistar dersom dei berre la fram ei delvis liste fredagen før valet.

– Det ville vore ein håplaus situasjon for meg å berre gi delvis informasjon. Alle journalistar ville spurt – kva er det du skjuler? Difor var eg tydeleg ovanfor Sindre: Alt må fram.

Erna Solberg

Erna Solberg stiller til første intervju sidan pressekonferansen førre fredag.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Sindre sa at han trong tid for å hente ut informasjonen og lage ei komplett og korrekt liste. Når Sindre seier at han trong tid, valde eg å tru på dette.

Ho seier det var Sindre som arbeida med lista over aksjar som blei lagt fram førre fredag, og at det var han som sa han trong tid.

– Han søkte råd hos vennar. Det var han som måtte hente ut denne informasjonen. Det var ikkje staben til Høgre sitt ansvar og som kunne gjere dette.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger