Hopp til innhold

Massiv nedgang: Mange fleire enn før gjer som Hilde

Stadig fleire svarar eit tydeleg «nei» når dei blir spurt om dei skal ha pose i butikken. Forbruket har gått kraftig ned etter at plastposeavgifta auka til to kroner i august.

Stadig fleire gjer som Hilde Lund, brukar plastposar på nytt.

OMBRUK: Hilde Lund er ein av mange som har blitt bevisste på at plastposar kan brukast på nytt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Medan kvar innbyggar i Norge i fjor kjøpte i snitt 132 plastposar årleg, ligg snittet dei siste månadane an til at vi kjøper 85 posar i året.

Eit fall på 38 prosent på kort tid – noko som berre dei tre siste månadane tilsvarar ein nedgang på 1000 tonn jomfrueleg plast som verken har blitt produsert eller brukt.

I reine tal betyr det over 52 millionar færre bæreposar inn i marknaden sidan august.

Om utviklinga held fram i same tempo, så vil forbruket av plastbæreposar gå ned frå 722 millionar til 471 millionar på eitt år.

Ei av dei som heller brukar ryggsekk eller plastposar på nytt, er Hilde Lund som vi møter på Storosenteret i Oslo.

– Det er praktisk, det er økonomisk og det er fornuftig. Vi skal ikkje bruke så mykje plast, seier Lund til NRK.

Ryddar Norge med pengane

At stadig fleire gjer miljøvenlege val, blir stadfesta av Cecilie Lind i Handelens miljøfond.

– Salet har stupt i dei ulike kjedene og butikkane

For kvar plastpose du kjøper i butikken går no 2 kroner til miljøfondet. Eit fond som kvart år delar ut millionar til ulike miljøprosjekt.

Blant anna gjennom fondets eige «Rydd Norge»-program og støtte til frivillige tiltak, blant anna i Oslofjorden.

– Effekten av kontingenten på plastposar er veldig målbar og konkret, meiner Lind.

Black friday, salg

XXL er ikkje med i Handelens miljøfond, dei brukar inntekt frå plastposane til sitt eige barnefond, XXL Childrens Foundation.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fleire kjeder står utanfor

Men det er framleis fleire store aktørar innan handel og næring som ikkje er medlem av fondet – og som dermed ikkje gir pengar frå plastposane dei sel.

Ein av desse er sportskjeda XXL.

Pressekontakt Jan Christian Thommesen opplyser at dei valde ein annan veg enn mange av dei andre kjedene då miljøfondet blei starta i 2017.

– Vi er opptekne av berekraft, men i dette tilfellet så valde vi at pengar frå sal av plastposar skal gå til vårt eige fond som hjelper barn i utviklingsland, opplyser Thommesen.

Cecilie Lind vil ikkje kommentere direkte på dei som ikkje er medlemer i Handelens miljøfond.

Generelt seier ho at både dei og styresmaktene ønskjer heile handelsnæringa med i fondet.

– Det at næringa samlar seg om eit felles løft er veldig effektivt og gjer at ein størst mogleg del av pengane blir brukt til miljøføremål og minst mogleg på administrasjon, seier Lind.

Cecilie Lind i Handelens miljøfond

Cecilie Lind i Handelens miljøfond oppmodar folk om ombruk når dei skal ut og handle, både til vanleg og på svarte fredagar.

Foto: Handelens miljøfond / pressebilde

Brukar mykje pengar

Tal syner også ein stor auke i salet av handlenett og avfallsposar på rull, nokon stader fleire hundre prosent.

Handelens miljøfond er det største private fondet av sitt slag i Noreg og blei starta for å oppfylle nye EU-reglar om plastposebruk.

– Mange har fått med seg bodskapen om at ombruk er best for miljøet, seier Cecilie Lind.

Sidan 2018 har fondet brukt over 1 milliard kroner på ulike miljøprosjekt. Det gjeld både eigne aktivitetar og fleire hundre frivillige prosjekt dei støttar.

– Bruk handlenett

Ho oppmodar folk om å bruke handlenett eller å bruke opp att gamle plastposar no når handelshøgtida nærmar seg med stormskritt.

– Legg netta i veska, sekken og bilen med ein gong, så sparar du litt på det også.

På Storosenteret i Oslo pakkar Hilde Lund ned dagens handel i ein pose ho hadde med seg til butikken.

For ho er miljøspørsmålet viktigare enn prisen.

– At dei har blitt dyrare har eg ikkje tenkt så mykje over, seier ho og smiler.

Les også Posesalget har stupt: – Nå koster det så mye at folk tenker seg om

Vigdis Stock handler med gjenbrukspose

AKTUELT NÅ