Hopp til innhold

Elbilforeininga: – Regjeringa forstår ikkje ladebehovet

Regjeringa er tyst om kor mykje pengar dei vil gje til ladestasjonar og om kva som skjer med elbilfordelane frå 2017. Eit skuffande statsbudsjett, meiner Elbilforeininga.

Elbilar til lading nær Holbergs plass i Oslo

Det skortar på ladestasjonane til elbilar i heile landet, og særleg i Oslo og Akershus. Statsbudsjettet som kom onsdag fredar elbilfordelane fram til 2017, men seier ingenting om pengar til ladeinfrastruktur eller om framtidig elbilpolitikk.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Christina Bu

Christina Bu i Norsk Elbilforeining saknar meir konkrete elbiltiltak i Statsbudsjettet som blei lagt fram onsdag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Statsbudsjettet som blei lagt fram onsdag seier ingenting om kor mykje staten gir i tilskot til ladestasjonar for elbil.

Elbilforeininga sa i forkant at dei forventa ei kjempesatsing på ladeinfrastruktur. Etterslepet er så stort at det trengst løyvingar i 200-millionarsklassen i løpet av dei neste åra for å unngå at bruken og salet av elbil stoppar opp, meiner generalsekretær Christina Bu.

Elbilforeininga er skuffa over statsbudsjettet og fryktar at satsinga på elbil står for fall utan betre starthjelp frå staten.

– Satsinga på ladeinfrastruktur er dytta ut i det blå. Det er på sin plass å satsa meir på infrastruktur når elbilsalet har vore så høgt. Me er skuffa over at regjeringa ikkje forstår behovet for ei sterkare satsing, seier Bu.

Solvik-Olsen: – Ei usunn tilnærming

Elbilforeininga organiserer over halvparten av elbilistane i Noreg. Tilgang til ladestasjonar er noko av det medlemene er aller mest opptatt av og uroa over, ifølgje Bu:

– Me får ein del negative tilbakemeldingar rundt nedetid og mangel på hurtigladestasjonar. Medlemmene våre er frustrerte over at lademoglegheitene ikkje er betre. Det vil særleg kunne bli ei utfordring når det no går mot vinter. Då er behovet for lading særleg stort.

Talet på elbilar har nær dobla seg kvart år dei siste åra. Det finst no nærare 38.000 elbilar på norske vegar. Heile éin av ti nordmenn som kjøper seg ny bil, går for elbil.

Staten skal bidra til utbygging av ladestasjonar også neste år, men med kor mykje vil ikkje samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) gje svar på no.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner elbilsatsinga er viktig, men meiner det er 'usunt' at staten åleine skal finansiera ladeinfrastrukturen.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Statsråden meiner at Elbilforeininga har ei usunn tilnærming og tek sorgene på forskot.

– Det er ingenting som tyder på at elbilsalet er i ferd med å stoppa opp. God ladeinfrastruktur er viktig, men Elbilforeininga si tilnærming betyr større avhengigheit av staten i staden for ein velfungerande marknad. Me må leggja press på kraftselskap og på elbilbransjen. Ulike kommersielle aktørar må bidra, seier Solvik-Olsen til NRK.

– Staten tek jo ikkje ansvar for at det er bensinstasjonar alle stader i landet, legg statsråden til.

– Bør ha éin hurtigladar per 200 elbilar

Målet er å ha éin hurtigladestasjon per 200 elbilar i Noreg, ifølgje Transnova, det statlege organet som forvaltar regjeringa sine løyvingar til ladestasjonar.

I dag er man ikkje i nærleiken av å ha ei slik dekning. Aller dårlegast stilt er Oslo og Akershus med heile 521 elbilar per ladestasjonar (sjå tabell nedst i artikkelen).

Transnova har difor etterlyst 130 millionar kroner til ladeinfrastruktur i løpet av dei to neste åra.

Hittil i år har Transnova delt ut om lag 25 millionar i statleg støtte til ulike prosjekt for utbygging av ladeinfrastruktur.

– Me reknar med å få ein tilsvarande sum neste år. 130 millionar kroner får me garantert ikkje, seier Transnova-leiar Eirik Skjetne til NRK.

Får svar om elbilfordelar i mai

Det som blir slått fast i det nye statsbudsjettet er at

  • Transnova skal ikkje lenger forvalta pengane staten gir til miljøvenleg transport. Frå og med 2015 blir dette ansvaret flytta til Enova under Olje- og energidepartementet
  • momsfritaket på leasing av elbil skal på plass så snart som mogleg
  • elbilfordelane blir ståande

Dermed får elbilistane framleis nyta godt av null avgift, fritak for moms, tilgang til kollektivfeltet og gratis parkering, bompassering og ferje - iallefall fram til 2017.

Kva som skjer etter det er det ingen som veit. Elbilforeininga saknar eit tydelegare signal.

Samferdselsministeren lovar klare svar om elbilfordelane i mai neste år, når den fullstendige gjennomgangen av bilavgiftene blir presentert i revidert budsjett.

Elbilar per hurtigladestasjon i fylka med høgast folktal

Fylke

Elbilar per hurtigladestasjon

Hurtigladestasjonar totalt

Under planlegging

Oslo og Akershus

521

27

4

Hordaland

362

14

8

Rogaland

396

8

3

Trøndelag

355

9

7

Totalt:

 

58

22

Kjelde:

Transnova

AKTUELT NÅ