Hopp til innhold

Ei av siktingane mot Skårderud er lagt vekk

Påtalemakta har lagt vekk siktinga mot Finn Skårderud som gjeld uforsvarleg behandling av ein pasient med anoreksi.

Finn Skårderud

POPULÆR: Finn Skårderud har i mange år vore ein mykje brukt fagmann. No har politiet lagt vekk politmeldingane mot han.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

POPULÆR: Finn Skårderud har i mange år vore ein mykje brukt fagmann. No har politiet lagt vekk politmeldingane mot han.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Men han er enno sikta for å ha kravd pengar for behandling som ikkje blei gjort.

Skårderud har i fleire tiår vore ein av dei mest profilerte legane og psykiatrane i Noreg.

Men før jul i fjor mista Finn Skårderud autorisasjonen og retten til å praktisere som lege og psykiater, etter fleire varsel mot han frå tidlegare pasientar.

7. desember i fjor tok påtalemakta ut sikting mot Skårderud for to forhold. Det er den eine av desse sakene politiet no legg vekk. Ho vert lagt bort på grunn av bevisets stilling.

Skårderud var opphaveleg sikta for å ikkje ha gitt fagleg forsvarleg behandling av pasienten Victoria Nordberg.

Nordberg melde Skårderud for brot på kravet om det som er forsvarleg i helsepersonellova § 4. Det stadfestar politiet overfor NRK.

Det er dette påtalemakta no har lagt vekk.

– Dette var som venta, seier Skårderud sin advokat, Halvard Helle.

Nordberg sin advokat, Mette Yvonne Larsen, seier at dei ikkje er samde i avgjerda frå statsadvokaten. Dei vurderer no om dei skal gå til sivilt søksmål.

Helle svarar til dette at det ikkje er noko han kjenner til.

Larsen og klienten vil følgje opp dette og meiner at politiet må etterforske Skårderud for dokumentfalsk.

Victoria Nordberg

PASIENT: Victoria Nordberg var Finn Skårderud sin pasient i over 20 år.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Var pasient i mange år

I ein SMS viser statsadvokat Johan Øverberg til straffeprosesslova § 62a som grunnlag for at saka vart lagt bort: «ettersom forholdet anses bagatellmessig og berørte interesser ikke i avgjørende grad taler for strafforfølging».

– Dette er og i lys av at autorisasjonen er tilbakekalt frå tilsynsmyndigheita, skriv Øverberg.

Tilsynsmyndigheita er Helsetilsynet.

Skårderud har motsett seg skuldingane heile tida.

Han held fast på at han ikkje har drive behandling i strid med helsepersonellova, eller trakka over etiske grenser som psykiater.

Det var i februar 2023 at Skårderud blei meld til politiet. Bak sakene var dei to varslarane Hilde Rød-Larsen og Victoria Nordberg.

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen representerer Nordberg i saka. Ho representerte også Rød-Larsen.

Mellom Rød-Larsen og Skårderud har det aldri vore ein behandlar-pasient-relasjon. Nordberg var derimot pasient hjå psykiateren i over 20 år.

Skal ha endra pasientnotat

Skårderud er framleis sikta for å ha sendt 24 refusjonskrav til Helfo utan å ha gjennomført behandling. I alt dreier dette seg om litt over 17.000 kroner.

Dette gjeld behandlingar som Victoria Nordberg ikkje skal ha fått i perioden frå 2018 til 2022.

Fram til november 2023 kunne Skårderud få refusjonar frå staten for behandling av pasientar.

Helfo – organet som disponerer staten sine pasientpengar – har også oppretta etterkontroll av utbetalingar til Skårderud.

Om dei finn at han har fått pengar utbetalt på feil grunnlag, kan han få krav om å betale tilbake til staten.

I desember i fjor sa Halvard Helle til NRK at Skårderud skal ha teke kontakt med Helfo fleire månadar tidlegare.

Dette for å rydde opp i eventuelle feilbetalingar.

Mangla journalar

I tilsynssaka konkluderte Helsetilsynet med at journalføringa til psykiateren har vore mangelfull.

For åra 2003 til 2014 finst det ikkje journalnotat. Skårderud har opplyst til statsforvaltaren at årsaka er at eit journalsystem braut saman.

– Samla meiner Statens helsetilsyn at brota på krava til journalføring er omfattande, gjentakande og alvorlege, står det i vedtaket.

Finn Skårderud mista i desember 2023 autorisasjonen som lege og psykiater.

Helsetilsynet meiner Skårderud har opptredd i strid med det som er forsvarleg i helsepersonellova for totalt 11 pasientar.

Han får difor ikkje lenger praktisere som lege, og skal ikkje lenger behandle pasientar.

Skårderud har klaga på vedtaket frå Helsetilsynet. Behandlinga av klagen er enno ikkje i gang, opplyser Nasjonalt klageorgan for helsetenesta til NRK.

Les også Vars­larar vart høyrde: – Dette skjer ikkje ein dag for tidleg

Finn Skårderud

AKTUELT NÅ