Hopp til innhold

Dyrare å ringe til utlandet enn å ringe heim til Noreg

Nye EU-reglar gjer at du kan få ei ubehageleg overraskning om du ringer til utlandet. Norske mobilselskap tar seg godt betalt, meiner Forbrukarrådet.

En kvinne tar et bilde med mobiltelefonen på en strand på Kaninøya, utenfor Lampedusa i Italia.

Dei siste åra har det kome ordningar som skal gjere det mogleg å bruke mobilen på same måte anten ein er i Noreg eller på reise i EU. Men ordninga gjeld ikkje om du ringer til eit utanlandsk nummer innanfor EU.

Foto: Alberto Pizzoli / AFP

I mai fekk EU nye prisreglar som gjer at norske teleoperatørar ikkje kan ta seg betalt som ein vil, men må rette seg etter ein maksimalpris på teljarskritt. Maksimalprisen er sett til 2,31 kroner per minutt, medan prisen i Noreg er 0,98 kroner per ringeminutt.

Inger Lise Blyverket er direktør i Forbrukerrådet

Direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket, meiner mobilselskapa utnyttar eit smotthol i EUs regelverk når dei legg seg på maksprisen for mobiltelefonering.

Foto: Forbrukerrådet

Mobilselskapa står fritt til å velje ein pris som ligg under maksimalprisen, men svært få gjer det. Direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet seier nordmenn kan få ei ubehageleg overrasking om dei ikkje er klar over dette.

– Vi som forbrukarar må vere klar over at det er ei slik forskjellsbehandling. Ein kan spekulere i kva som er grunnen, men det kan verke som om selskapa få eit type smotthol slik at det mogleg for dei å framleis mjølke oss forbrukarar, seier ho til NRK.

Skuldar på liten konkurranse

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom, har ansvaret for å følgje opp EU-reglementet overfor operatørane. Fagsjef Kenneth Olsen seier teleselskapa ikkje er bundne maksprisen som EU har sett.

Fagsjef i Nkom Kenneth Olsen

Fagsjef Kenneth Olsen i Nkom meiner liten konkurranse mellom norske mobiloperatørar pressar ringeprisane opp.

Foto: NKOM

– Operatørane står fritt til å setje prisen lågare enn maksimalprisane, så dersom spørsmålet er kven som avgjer teleprisane, er svaret at det gjer teleoperatørane og fastnettilbydarane sjølve, så lenge dei ikkje tek meir enn maksimalprisen.

Både Telenor, Telia og Ice tek maksimalpris for å ringe til EU-telefonar. Olsen meiner for liten konkurranse mellom norske mobiloperatørar påverkar prisnivået.

– Vi ser at det både for bruk av mobiltelefon i utlandet og for samtalar frå Noreg til utlandet, så er konkurransen avgrensa. Det har ført til at prisane for desse tenestene her høgare enn dei burde ha vore, seier Olsen.

Oppmodar til databruk

EU har lansert prinsippet «roam like home» som skal gjere det mogleg å bruke data på mobilen på same måte innan EU som i Noreg. Men ringeprisane er ifølgje Nkom forskjellige fordi det blir sett på som to ulike marknadar.

NRK har vore i kontakt med Telia Noreg som ikkje ønsker å stille til intervju. Men informasjonsdirektør Henning Lunde svarar i ein e-post.

– Telia opererer i ein gjennomregulert marknad, og følgjer dei reglane som gjeld til ei kvar tid. Når kundane våre ringer gratis mellom EU-land på reise i Europa, har det ein kostnad for Telia fordi vi må betale for å leige mobilnettet i andre land.

Direktøren i Forbrukarrådet meiner forbrukarane må bruke den makta dei har overfor mobilselskapa, og då er det enklaste å slutte å ringe.

– Vi kan bruke chattefunksjonar, Skype, og rett og slett utnytte den gratis datatrafikken. Og så må vi halde fram å legge press på dei store gigantane i Noreg, og seie at dette er vi ikkje villige til å betale for.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger