Hopp til innhold

Denne mannen utfordrar Telenor og Telia

– Det er ikkje pengane som er drivkrafta. Det er berre så utruleg morosamt å kapre kundar frå dei store.

Christian Pritchard

PÅ'N IGJEN: For andre gong vil Christian Pritchard prøve å stele kundar frå telegigantane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ålesundsmannen Christian Pritchard har ikkje akkurat dårleg sjølvtillit. No går han ut og seier at han vil ta marknadsdelar frå Telenor og Telia i bedriftsmarknaden.

Minibedrift mot megakjemper

Nortel er eit miniselskap. I kunnskapsparken i Ålesund har dei bygd opp ein organisasjon på rekordfart. Sunnmørske investorar er med på laget.

Frå fleire hald blir det hevda at Telenor og Telia treng konkurranse. NRK fortalde nyleg at nordmenn betaler meir for samtalar utanfor EU enn svenskar og danskar.

Styresmaktene er glade for at små aktørar vil gå til kamp mot dei to storkonserna.

Elisabeth Aarsæther i Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet i Lillesand.

HEIAR PÅ DEI SMÅ: Direktør Elisabeth Aarsæther i NKOM meiner det er bra at små aktørar kjem inn, særleg i bedriftsmarknaden.

Foto: NKOM

– Utfordrarar er bra, særleg i bedriftsmarknaden. Der er ikkje konkurransen god nok, seier Elisabeth Aarsæther. Ho er direktør i NKOM, den nasjonale kommunikasjonsstyresmakta.

– Dei små aktørane bygger ofte opp nye og billegare tenester. Vi får dermed betre konkurranse, seier NKOM-direktøren.

Satsar for andre gong

Gründeren Christian Pritchard bygde på 2000-talet opp Mobitalk, eit telekomselskap som vart selt til Phonero i 2016. Året etter vart Phonero selt til Telia for 2,3 milliardar kroner.

Nortel

I GANG: Med lokale investorar i ryggen er Nortel-gjengen i gang med arbeidet med å skaffe seg bedriftskundar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

No er det andre gongen Pritchard utfordrar gigantane. Når NRK kjem inn i lokala sit han saman med kollegaer rundt eit bord og diskuterer strategien. Dei skal kapre så mange som råd av 73 000 aktuelle bedriftskundar rundt om i heile landet.

Mobiltelefon

SIKTAR HØGT: Nortel trur dei i løpet av kort tid kan få tak i ein stor del av bedriftsmarknaden på mobil.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Han er ikkje med på at det er vel optimistisk å tru at dei skal konkurrere med dei to store frå nokre små kontorlokale i Ålesund.

– I dag må vi tenke stort om vi skal vinne. Vi går inn i ein veldig traust marknad. Målet er å skape utvikling i ein bransje som verkeleg treng det, seier 45-åringen.

Ellen Torset

STJERNEEKSEMPEL: Nortel-satsinga har blitt til i Ålesund kunnskapspark, der Ellen Torset er leiar for marknadsavdelinga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Dette er eit stjerneeksempel på korleis dyktige folk får til noko svært bra i løpet av kort tid, seier Ellen Torset i Ålesund kunnskapspark.

Ålesundsgründeren gler seg til å setje i gang for fullt.

Han snakkar engasjert om innføringa av 5G, som vil skape behov for nye, raskare og billegare løysingar.

– Vi gjorde ein del feil i 2009. Dei skal vi ikkje gjenta. Dette blir gøy!