Hopp til innhold

Drillo inspirerer seniorene

Drillo-comebacket inspirerer seniorane, meiner organisasjonen Seniorsaken. Dei vil at folk over 60 skal få sleppe til og vise at dei duger.

Bye Rise, Egil Drillo Olsen og Jon Mørland
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Er fotballtrenaren Egil "Drillo" Olsen utgått på dato?

Det var fleire som sa det då Drillo tok over som landslagstrenar i fotball. Men då Noreg slo Tyskland 1-0 denne veka, vart Drillo geniforklart og rost opp i skyene.

Les og hør hos Norgesglasset: Frelseren Drillo

Organisasjonen Seniorsaken er svært nøgd med at ein senior som Drillo gjer det så godt.

- Inspirasjon for oss alle

Tore Henning Larsen

Tore Henning Larsen, dagleg leiar i Seniorsaken

Foto: Seniorsaken

- Eg syns det er fantastisk korleis vi vann kampen, og att han er attende på banen. Han er til inspirasjon for oss alle saman, seier dagleg leiar Tore Henning Larsen i Seniorsaken.

- Er Drillo eit døme på at folk over ein viss alder feilaktig blir sett på som utgått på dato?

- Ja, i høgste grad, for vi har desse vanvittige aldersgrensene. At ein på lik linje med biffen i frysedisken skal bli stempla som utgått på dato fordi om ein tilfeldigvis har hatt bursdag er jo riv ruskande gale, både når det gjeld sertifikat til å køyre bil, for ikkje å snakke om domorganisten i Bergen som vart pælma ut av den norske kyrkja fordi han fylte 70 år, seier Larsen.

Seniorsaken meiner Drillo-comebacket er eit teikn på at folk som når ein viss alder må bevise at dei faktisk duger. Drillo sjølv meiner folk tek feil viss dei trur han ikkje klarer å henge med.

- Eg har jo følgd med då, eg har jo sett fotball og gjort ting etter 1998. Dei som trur eg har lagt meg ned og ikkje har gjort noko oppe i hovudet mitt etter '98, dei tek feil, sa Drillo til NRK etter Tysklands-kampen.

- Ikkje utgått på dato

Folk NRK møter på gata i Oslo meiner Drillo framleis har mykje å fare med.

- Det viser jo at han ikkje har gått ut på dato viss han greier å føre Noreg til siger. Det er ikkje noko sjølvfølgje at ein er gått ut på dato fordi om ein er 66 år, seier Roar Bye Blåsmo (21).

Les også: - Gi Drillo livstidskontrakt

- Han er vel utgått på dato sånn sett, han har jo ikkje trent eit lag på mange, mange år. Men han har jo følgd godt med på det som skjer, så han har sikkert veldig stor erfaring, seier Sven Andreassen (63).

Men Seniorsaken meiner Drillo-comebacket viser at det bur mykje meir i seniorane enn vi trur.

- Vi blir sett på som små kosedyr som du må snakke HØGT OG TYDELEG TIL, og vi blir sett på som ei belastning for samfunnet. Tenk kva vi kunne ha gjort viss ein heller såg på oss som ein ressurs. Dessverre har vi sjukeleggjort alderdommen. Den må vi friskmelde, seier Tore Henning Larsen.

Alderdommen endrar seg

Seniorsaken trur likevel at synet på eldre er i ferd med å endre seg, og at sekstiåttarane kjem til å oppføre seg heilt annleis i alderdommen enn tidlegare generasjonar.

- Mick Jagger, skal vi sjå, han er vel 65 per i dag. Men han er i aller høgste grad framleis aktuell på musikkfronten. Og det er litt beteiknande at veldig mykje av dagens musikk appellerer både til mi og di aldersgruppe. Det er jo Mamma Mia! eit stjerneeksempel på, musikk som eg digga for tjue år sidan og fortsatt diggar, og som du diggar like mykje per i dag, seier Larsen.

Sjølv er leiaren i Seniorsaken fødd i 1950, og har kravlista for alderdommen klar.

- Eg diggar Dire Straits, "money for nothing and the chicks for free". Og eg skal ha med meg min eigen ønskekonsert den dagen eg kjem på sjukeheim med beskjed om kva musikk eg vil ha på og kva eg vil drikke til maten, seier Larsen.

- Barnebillett og shopping i Arvika

Også assosiasjonane til alderdom og pensjonistar må endre seg, meiner Larsen.

- Ordet pensjonist får meg til å tenkje på barnebillett på trikken og shoppingtur til Arvika med buss. Det er ikkje alle av dagens pensjonistar som syns det er det einaste saliggjerande, seier Larsen

Befolkninga blir eldre. Alt no er halve Noreg over 50 år, og heile oppfatninga vår av kva det inneber å vere gammal kjem til å endre seg.

- Det er jo uhøfleg å spørje ei dame om alder?
- Mannfolk er jo alltid uhøflege. Eg kan ikkje hugse om eg blir 74 eller 47 neste gong, spøker Elin Horn Rasmussen, som vi møter utanfor ein butikk i Oslo sentrum.

- Kva ord vil du bruke om deg sjølv? Ein brukar ord som gammal og eldre, kva seier du?
- Eg brukar å seie at eg er i den andre puberteten, svarer Rasmussen.

Drillo har "restarbeidsevne"

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Senter for seniorpolitikk har gitt ut eit hefte om korleis ein bør omtale eldre. Forfattaren av heftet er journalist og språkekspert i Aftenposten Per Egil Hegge. Han meiner det finst aldersdiskriminering i språket. Eitt døme er ordet "restarbeidsevne" som det offentlege ofte brukar.

- Det ser jo ut til at Egil Olsen, Drillo, hadde restarbeidsevne. Ein kan like gjerne finne eit betre ord, seier Hegge.

Les også: Åpner for mer Drillo

Men han meiner også at det kan gå for langt i å skåne grupper i samfunnet frå merkelappar.

- Eg syns det er ein risiko som ein bør komme seg unna. Ingen skal vere ufine, ekle eller diskriminerande, det har med vanleg folkeskikk å gjere. Men av og til må det vere rett å seie ting som dei er, seier Hegge.

Etterlyser positivitet

Drillo fekk suksess sjølv om han er 66 år. Og Tore Henning Larsen i Seniorsaken håper Drillo aldri taper med landslaget igjen, slik at positiviteten overfor seniorane våre kanskje held seg.

- Han gjer jo ikkje det! La oss inderleg håpe på positiviteten, det er den eg etterlyser, seier Larsen.

Og positiv i alderdommen, det er Elin Horn Rasmussen, som alt har begynt å drøyme om våren.

- Eg elskar livet! Og så ventar eg berre på at eg kan gå ned i kjellaren å ta opp kjæresten min. Han har to hjul. Så kan eg ligge på to hjul i svingane, ta trikken til Frognerseteren og sykle nedover. Å, då er eg så lukkeleg. Eg er nyforelska kvar vår, seier Rasmussen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger