Dødsbrann i Arendal: Ennå ikkje identifisert

Ein mann er omkommen etter brann i ei leilegheit i Arendal sentrum.

Dødsbrann Arendal

Leiligheten der en mann omkom i en brann i Arendal ligger i dette bygget.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Brannvesenet rykka i 00.30-tida ut på ein automatisk brannalarm ved kjøpesenteret Amfi Arendal.

Der oppdaga dei at det var røykutvikling frå den eine leilegheita på toppen av kjøpesenteret. Det rann også vatn frå fjerde til tredje etasje, skriv brannvesenet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Erklært død

Inne i leilegheita fann røykdykkarar ein mann som dei henta ut. Han blei frakta til sjukehus med alvorlege skadar, men livet stod ikkje til å redde.

– Mannen er så langt ikkje identifisert, og det er for tidleg å seie noko om dødsårsaka, seier operasjonsleiar Therese Weisser i Agder politidistrikt til NRK søndag føremiddag.

Mannen vart seinare erklært død på sjukehuset i Arendal, noko politiet opplyste til NRK klokka 03.40.

Laster Twitter-innhold

Naboar evakuert

Det blei evakuert personar frå naboleilegheitene, men dei har fått kome tilbake att.

Sprinklaranlegg på bygget vart utløyst og har ført til ein del vasskadar på kontor og butikkar. Senterleiinga er varsla. Det skal ikkje ha vore spreiingsfare for brannen.

Forseglet dør etter dødsbrann i Arendal.

Politiet har forseglet døra til leiligheten der en mann ble funnet omkommet.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger