Hopp til innhold

Døde delfinar utanfor Mauritius

Minst 27 delfinar er funne døde på strendene ved oljelekkasjen utanfor Mauritius. Miljøforkjemparar ønsker ei forklaring på dødsfalla.

Ein daud delfin på stranda i Mauritius.

IKKJE OPPKLART: Styresmaktene på Mauritius meiner oljelekkasjen utanfor øya ikkje har nokon samanheng med dei døde delfinane som har hamna på strendene. Miljøforkjemparar ønsker ein grundigare gjennomgang av kroppane.

Foto: Shav / Greenpeace Africa

Styresmaktene avviser at oljelekkasjen som starta 6. august har noko å gjere med dei døde delfinane.

– Det var ikkje spor av olje i luftvegane deira, sa fiskeriminister Sudheer Maudhoo på ei pressekonferanse.

Rapporten til regjeringa seier at det ikkje var spor av hydrokarbon i luftvegane, huda, halsen eller magen på delfinane, skriv Reuters.

Må undersøkast nærmare

Sjølv om styresmaktene meiner lekkasjen ikkje har ein samanheng med dødsfalla møter dei motstand blant befolkninga, skriv avisa L'express. Så langt har to delfinar vorte undersøkte.

Folk på Mauritius tar hand om fleire av dei daude delfinane som har hamna på strendene.

Frivillige har hjelpt til med å ta hand om delfinane som har hamna på strendene nært oljelekkasjen.

Foto: Eshan Juman / Greenpeace Africa

– Ein bør ikkje skunde seg å seie at det ikkje har ein samanheng med skipet. For å konkludere bør ein gjennomføre ein full obduksjon av fleire delfinar. To er for få, seier veterinær Noémie Hofman til den lokale avisa.

Også Owen Griffiths frå gruppa Mauritius Marine Conservation Society meiner det er for tidleg å seie kvifor delfinane har døydd.

– Det er mogleg dei følgde ein straum med fisk inn i lagunen og ikkje kom seg ut i sjøen igjen. Då prøvde dei å svømme over korallrevet vart dei stressa og fekk panikk. Dei trefte korallane og vart utslite og døydde, seier Griffiths til Franceinfo.

Han seier at innhaldet i magen og lungene på delfinane kan seie noko om kva som er dødsårsaka.

Ein daud delfin på stranda i Mauritius

Til no har 27 delfinar vorte funne på strendene i Mauritius. Styresmaktene meiner dødsfalla ikkje kjem av oljelekkasjen i området.

Foto: Shav / Greenpeace Africa

Stoler ikkje på rapporten

Fleire miljøorganisasjonar på Mauritius krev ein nøye gjennomgang av årsaka til dødsfalla.

Munnen på ein daud delfin som er funne på Mauritius

Styresmaktene meiner oljesølet ikkje har noko med dei 27 døde delfinane å gjere. Miljøaktivistar som har rydda strendene har funne delfinar som er svarte i munnen.

Foto: Abhishek Sumessur / Greenpeace Africa

– Dette er ein trist dag for folket på Mauritius og for det eineståande biologiske mangfaldet som er kjent verda over. Greenpeace ber styresmaktene om å gjennomføre ein rask og offentleg obduksjon av dei innsamla kroppane, seier Happy Khambule i Greenpeace Afrika.

Den lokale miljøgruppa Eco-Sud etterlyser at rapporten frå styresmaktene blir offentleggjort. Den lokale Greenpeace-gruppa ønsker å gjere si eiga undersøking.

– Ingen her på øya stolar på rapporten frå styresmaktene. Det er bilete av delfinar som er svarte i munnen. Regjeringa prøver å dysse ned alle fylgjene av oljesølet, seier aktivisten Mokshanand Sunil Dowarkasing til Al Jazeera.

Tankskipet MV Wakashio har gått på grunn utanfor Mauritius og lekk olje ut i sjøen

Skipet MV Wakashio gjekk på grunn utanfor Mauritius 25. juli og har sete fast sidan. 6. august begynte skipet å lekke olje.

Foto: Greenpeace Africa

«MV Wakashio» gjekk på grunn utanfor Pointe d'Esny 25. juli, og mannskapet vart trygt berga. Over 1000 tonn med olje lekte ut av skipet før resten vart pumpa ut.

Oljeutsleppet er omtala som ei miljøkrise og råkar det biologiske mangfaldet i området hardt. Kapteinen på skipet er arrestert og sikta for brot på dei maritime lovene som krev at skip navigerast på sikkert vis.

AKTUELT NÅ