Olja som lekker frå skipet har nådd den søraustlege sida av øya. Både styresmaktene og miljøforkjemparar fryktar store konsekvensar.
– Vi er i ein miljøkrisesituasjon, sa miljøminister Kavy Ramano på ein pressekonferanse.
Oljelekkasjen har drepe mykje av det økologiske mangfaldet i lagunen.
Foto: Mokshanand Sunil Dowarkasing / Greenpeace AfricaForsøk på å stabilisere skipet var mislykka grunna uroleg sjø. Olja kunne heller ikkje bli pumpa ut av skipet. Området skipet står fast i er lista i Våtmarkskonvensjonen, ein global konvensjon for å ta vare på våtmarkar.
Katastrofale miljøskadar
Lekkasjen er truleg den verste miljøkrisa Mauritius har hatt, skriv Greenpeace Africa i ei pressemelding.
Lokalbefolkninga i området og frivillige organisasjonar har bidratt med å rydde opp i lagunen.
– Det er fire store økosystem her som er unike til Mauritius. Oljelekkasjen har drepe alle korallane og fiskane i området, seier Mokshanand Sunil Dowarkasing, som arbeidar for Greenpeace i Mauritius til NRK.
Frivillige frå lokalsamfunnet har stått på for å rydde så mykje av olja som mogleg.
Foto: Mokshanand Sunil Dowarkasing / Greenpeace AfricaØkologar fryktar at skipet kan gå i stykkar. Det vil føre til eit større utslepp og potensielt katastrofal skade på Mauritius si kystlinje.
– Dette er første gong vi møter ein slik katastrofe, og vi er ikkje godt nok utstyrt til å handtere dette problemet, seier fiskeriminister Sudheer Maudhoo. Styresmaktene har spurt naboøya La Reunion om bistand.
Her er det grunnstøtte skipet torsdag, før det har begynt å lekke ut store mengder olje.
Skipet MV Wakashio gjekk på grunn utanfor Mauritius 25 juli og har sete fast sidan. Lekkasjen er godt synleg på dette satellittbildet som blei tatt fredag.
Foto: HANDOUTAvhengig av fiske
Mauritius er avhengig av sjøen for både fiske og turisme. Øynasjonen har også eit av verdas mest imponerande korallrev.
– Det er 400 registrerte fiskarar i regionen, dei har no tapt inntektskjelda si for godt, seier Dowarkasing.
Området huser fleire gamle fort frå kolonitida som er populære turistattraksjonar. Turguidar som opererer i området har ikkje lenger korallrev å vise fram.
– Dei siste femten åra har vi jobba med det biologiske mangfaldet i lagunen. Det at oljen ikkje vart teke hand om tidlegare er eit økologisk sjølvmord, seier aktivisten.
Økologar er redde for at skipet som står fast kan gå i stykkar og forureine sjøen enda meir.
Foto: Mokshanand Sunil Dowarkasing / Greenpeace AfricaSkipet MV Wakashio eigast av eit japansk selskap, men er registrert i Panama. Skipet frakta 4000 tonn med drivstoff, seier lokale medium.
MV Wakashio gjekk på grunn utanfor Pointe d'Esny 25. juli og mannskapet vart trygt berga. Skipet vart bygd i 2007 og er 299,95 meter langt.