Hopp til innhold

Blinde Cathrine (32): – No har eg meir eller mindre gitt opp!

Cathrine (32) har søkt mange jobbar, men er i ferd med å gi opp. Ho tapar kampen om jobbane fordi IT-selskap ikkje leverer det som krevst for at blinde kan arbeide digitalt.

Cathrine Ravnanger, søkjer på jobbar, men får avslag på avslag.

Cathrine Ravnanger er fortvila over å få avslag etter avslag på søknader om jobb.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

– No har eg meir eller mindre gitt opp! Det er vanskeleg å få jobb som synshemma når du ikkje har fullført utdanning og ikkje har arbeidserfaring. Då er ikkje folk interessert i å ha deg på arbeidsplassen.

Cathrine Ravnanger frå Moss opplever sjeldan å bli innkalla til intervju. Ho har søktpå over 25 jobbar dei siste par åra, men får berre avslag.

– Eg informerer på CV og i søknad at eg er synshemma. Det synest eg er rett og rimeleg, slik at eg ikkje dukkar plutseleg opp på intervju og så «å, ja, der står ho med stokk, ja - ho er nok stokk blind».

Negative haldningar

Dei gongane ho har vore på intervju, kjenner ho haldninga i etterkant med svar som «Det har gått bra, men takk. Du er synshemma, kanskje ikkje her».

Fleire produsentar av IT-system avviser å levere det som er nødvendig for at blinde og svaksynte kan jobbe digitalt. Universell utforming av IKT skal hjelpe blinde på same måte som funksjonshemma elles kan fungere i samfunnet ved hjelp av terskelfri inngang for rullestolbrukarar, trappeheis og andre fysiske tiltak.

Opp i Stortinget

Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar krev ikkje at leverandørar må tilby dette. Men Likestillingsombodet og Barneombodet har bedt om eit møte med utdanningskomiteen på Stortinget for å drøfte manglande universell utforming av digitale læremiddel, og konsekvensane dette har for blinde og sterkt svaksynte barn.

Anita Bjerknæs, seksjonsleder i Norges Blindeforbund.

Anita Bjerknæs, seksjonsleiar i Norges Blindeforbund.

Avdelingssjef i Blindeforbundet, Anita Bjerknæs, har sidan 2018 forsøkt å få på plass digitale HR- og rekrutteringssystem, i tillegg til eit e-læringsprogram for tilsette og medlemmer i forbundet.

– Den gongen møtte vi eit postivt leverandørkorps som sa at dette skulle dei få til. Men då vi byrja prate litt meir teknisk, trekte dei seg. Og når vi no tar kontakt igjen, når dei berre høyrer kor eg ringjer frå, seier dei «Nei, vi kan ikkje hjelpe deg».

Ho opplever ei svært negativ haldning til å påta seg slike oppdrag.

– Det er veldig trist!

Utolmodig

Forbundsleiar i Norges Blindeforbund, Terje André Olsen.

Terje Andre Olsen, forbundsleiar i Norges Blindeforbund.

Foto: Tom-Egil Jensen / Tom-Egil Jensen

Også forbundsleiar Terje Andre Olsen er utolmodig med tanke på dei mange medlemene som kunne vore ute i arbeidlivet.

– Det er dag 100.000 funksjonshemma i Noreg som vil jobbe, og eg synest vi burde ta tak i dei som faktisk vil, for her har vi eit uutnytta potensial, seier han.

Han meiner eitt av grepa er å få med krav om universell utforming av IKT på interne system på arbeidsplassen.

Oslo kommune felt

Diskrimineringsnemnda avgjer klager om diskriminering, trakassering og gjengjelding. 3.mai fatta nemnda dette vedtaket i ei sak om universell utforming av IKT: Utdanningsetaten i Oslo kommune diskriminerer A på grunn av manglende universell utforming av IKT.

To veker seinare fatta nemnda eit nytt vedtak, også då mot utdanningsetaten i Oslo kommune.

Kjartan Almenning, leder "Ideell og velferdspolitikk" i Abelia.

Kjartan Almenning leiar avdelinga «Ideell og velferdspolitikk» i Abelia, NHO-foreininga for teknologi- og kunnskapsverksemdene i Noreg.

Foto: Ilja C. Hendel

Abelia er foreininga for teknologi- og kunnskapsverksemdene i Noreg, og representerer omlag 2.700 bedrifter, mellom dei er leverandørarar av IT-system.

På Abelia si heimeside står det: «Sammen skaper vi et bærekraftig kunnskapssamfunn ved å realisere det digitale Norge, styrke forsknings- og innovasjonstakten og øke konkurransekraften til våre medlemmer gjennom å posisjonere dem i det internasjonale kunnskapssamfunnet

Internasjonal utfordring

Kjartan Almenning i Abelia innser at det ikkje er bra at ingen av desse verksemdene kan levere IT-system tilpassa blinde i arbeid.

Det står neppe på viljen, men hadde dette vore ein lukrativ marknad, så ville fleire utviklarar stått klare til å tilby løysingar. Når ein ikke gjer det, skuldast det nok at det er store utviklingskostnader i ein relativt liten norsk marknad. Løysinga er at fleire, ikkje minst offentleg sektor, må etterspørja universell utforming i digitale verkty, eller det må løysast politisk gjennom tiltak i ein større europeisk marknad.

Han forstår at både blinde og Blindeforbundet er oppgitt.

– Det er problematisk, ikkje berre for Blindeforbundet, men for samfunnet. Vi er tilhengjararar av universell utforming, og må diskutere korleis vi kan få til det på ein god måte for dei som har behov for det.

Han er meir usikker på korleis dei skal få det til.

– Løysinga er ikkje nødvendigvis å stille krav i Noreg, men å gå eit hakk opp på europeisk nivå, og det gjer vi også gjennom vår europeiske partnar «Digitale Europe».

Han understrekar at universell utforming er eit krav for programvare som er tilgjengeleg i det offentlege, men dette kravet gjeld ikkje for programvare som ein har som arbeidsgjevar.

– Og det er den utfordringa vi er nøydde til å sjå på, seier Almenning.

Litt lys og lyd hjelper

Etter å ha gitt opp å søkje jobb, brukar Cathrine no mykje av tida si til frivilleg arbeid.

Cathrine Ravnanger håpar universell utfoming av IT-system kan gi henne arbeid.

Cathrine Ravnanger håpar ho ein dag får jobb ein stad der IT-systema er universelt utforma slik at blinde kan arbeide der.

Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK

– Eg ønskjer jo å vera til nytte i samfunnet. Eg vil gjera noko.

– Om du skulle gått inn på ein arbeidsplass i dag, kva tilpassing treng du?

– For min del er det praktisk med riktig lyssetjing i kontorlandskapet, og tilpassing på datamaskin som zoom og lyd som passar med systemet arbeidsplassen brukar. Det skal ikkje mykje til.

Og ho har likevel ikkje gitt heilt opp håpet om å koma seg i arbeid.

– Eg kjem nok til å fortsetja å søkje på arbeid, det gjer deg, seier Cathrine.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger