Dette er Frp sine bompengekrav: KrF meiner tre av seks er avtalebrot

Dei neste vekene skal dei fire regjeringspartia diskutere Frp sine nye bompengekrav. Allereie no seier KrF at halvparten av krava er uaktuelle å diskutere.

Ekstraordinært landsmøte i FrP om bomepenger

Siv Jensen og Sylvi Listhaug (i bakgrunnen) etter Frp sitt ekstraordinære landsstyremøte om bompengar onsdag.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Onsdag kveld kom Siv Jensen ut frå Frp sitt landsstyremøte med seks ferske krav som partiet vil prøve å få innfridd i forhandlingar med dei andre regjeringspartia.

Fleire i Frp meiner partiet bør gå ut av regjering om dei ikkje får store sigrar i forhandlingane.

KrF var tidleg ute med å slå fast at dei seks krava var eit klart avtalebrot, medan Venstre på si side har vore meir forsiktige.

Dei fire partia skal setje seg ned om kort tid, men KrF er klare på det ikkje er aktuelt for dei å forhandle om punkt som bryt med den fem månadar gamle regjeringserklæringa frå Granavolden.

1. Frp vil endre nullvekstmålet

I Nasjonal transportplan for 2018–2029 vart dei fire regjeringspartia samde om det såkalla nullvekstmålet. Det tyder at i byområda skal veksten i trafikken kome i form av kollektivtransport, syklande eller gåande. Sjølv om byane veks, skal altså ikkje biltrafikken auke.

Til dømes har folketalet i Oslo auka frå 554.000 i 2007, til 683.000 i 2018. Likevel har talet på bilar som køyrer igjennom bomringane i byen gått ned.

I Granavolden-erklæringa står det:

  • Regjeringa har som mål at all vekst i persontrafikken i byane skal kome frå kollektivtransport, sykkel og gange
  • Nullvekstmålet skal vidareutviklast i samband med neste NTP, i tråd med teknologiutviklinga med vekt på å redusere utsleppa.

No vil Framstegspartiet opne for at regjeringa skal gå vekk frå dette målet om null vekst i biltrafikken.

I staden vil dei ha eit mål om at utsleppa frå biltrafikken ikkje skal auke. I praksis betyr det at ein vil tillate ein vekst i talet på elbilar som køyrer i byane.

Dette får KrF og Venstre til å steile, for elbilar kan jo gje like mykje trafikkork som fossile bilar.

– Dette er absolutt eit brot med regjeringsplattforma. Nullvekstmålet handlar om utslepp, men det handlar også om kor mykje plass bilane tek. Det er ikkje aktuelt for oss å reforhandle dette punktet, seier Hans Fredrik Grøvan i KrF.

Hans Fredrik Grøvan på Gardermoen før plattformen legges frem

KLART BROT: Hans Fredrik Grøvan i KrF meiner at

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Venstre er heilt einige.

– Om vi går vekk frå nullvekstmålet så er det ei reforhandling av regjeringsplattforma, seier statssekretær Jan-Christian Kolstø i Venstre.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) er ikkje samd i det. Han meiner at regjeringsplattforma opnar for å diskutere nullvekstmålet på nytt.

– Det står jo ordrett i Granavolden-erklæringa at vi skal vidareutvikle nullvekstmålet i tråd med tekologiutviklinga, og då meiner eg at det er rom for å diskutere ei endring av dette målet med meir fokus på utslepp, seier Dale.

2. Stoppe ny bypakkar

Framstegspartiet meiner at det no må bli slutt på nye bypakkar rundt om i landet.

Bypakkane er store samferdsleavtalar der lokale myndigheiter og staten spleiser på ei pakke av store utbyggingar, og der bompengar gjerne står for ein betydeleg del av finansieringa.

I Granavolden-erklæringa står det:

  • Regjeringa legg til grunn større satsing på bymiljøavtalar og byvekstavtalar.

Slike bypakkar som Oslopakke 1 og 2 har vore avgjerande for å byggje ut sykkelvegar og kollektivtransport i eit slik tempo at biltrafikken ikkje aukar. Difor heng det nøye saman med punktet om nullvekstmålet.

Det som gjer dette punktet vanskeleg for dei andre regjeringspartia, er at bypakkane ikkje kjem på initiativ frå staten, men frå lokale politikarar.

– At staten skal gå inn å avgrense byane sin moglegheit til å setje i gang slike prosessar, det ligg heilt klart utanfor det vi har blitt einige om i Granavolden-plattforma, seier Grøvan.

Samferdsleminister Jon Georg Dale er ikkje samd.

– Det er for stor lokal iver etter å finansiere andre ting enn veg med bypakkar, og eg meiner at det er rom for å diskutere dette nærare med basis i Granavolden-plattforma, seier Dale.

3. Kutte kostnadane i eksisterande bypakkar

Framstegspartiet meiner også at dei bypakkane som allereie er i gang må bli billegare, slik at bompengetrykket kan gå ned.

Granavolden-erklæringa går ikkje inn på dette punktet.

For KrF og Venstre sit det langt inne å redusere kollektivsatsinga i byane, men dette punktet kan truleg løysast på fleire måtar som ikkje står i konflikt med regjeringserklæringa.

Til dømes kan staten gå inn og bidra med ferske milliardar slik at bompengedelen kan gå ned, samstundes som prosjekta ikkje blir mindre ambisiøse.

Torsdag antyda likevel statsministeren at det ikkje er så enkelt det heller.

– Vi har hatt ein massiv auke i løyvingar til samferdsle i vår regjeringstid, og det gjer jo at vi har brukt mykje pengar på dette allereie. Det finst nokre grenser økonomisk for kor mykje meir vi kan bruke.

4. Halde fram med slettinga av bompengegjeld

Dette er eit krav Framstegspartiet vann fram med også i regjeringsforhandlingane på Granavolden, og partia er samde om at dette er mogleg å få til utan å bryte regjeringserklæringa.

Dette står i Granavolden-erklæringa:

  • «Halde fram reduksjonen av takstar i eksisterande bomprosjekt gjennom å doble løyvingane til tilskotsordninga for å redusere bompengebelastninga ».

5. Frp vil vere tydlege på at dei seier nei til vegprising

Vegprising tyder at ein går vekk ifrå bompengar, og i staden let folk betale ein ny avgift basert på kor og kor mykje dei køyrer. Ny GPS-teknologi gjer dette lettare enn nokon gong, og fleire partia har ivra for ei slik løysing.

KrF meiner at regjeringserklæringa legg opp til at dette er ei utvikling ein ønskjer, og at dette punktet til Frp difor er eit brot med erklæringa.

– I plattforma skriv vi at vi vil ta i bruk ny teknologi for å avløyse bompengeordninga, og det all ny teknologi på dette feltet handlar om vegprising. Det er heilt klart at vi har blitt samde om at vegprising er eit alternativ, seier Grøvan.

6. Stille strengare krav til eigendel frå lokale myndigheiter når staten bidrar med pengar til byområda

Dette punktet er ikkje nemnt i regjeringsplattforma, og det ser ikkje ut til å vere eit brot med noko av det partia har blitt samde om.

Det tyder at det er upløyd mark, og dei fire partia kanskje kan bli samde om slike krav utan at regjeringsplattforma vert brote.

Kva er problemet med å bryte regjeringsplattforma?

Problemet med å bryte avtalen frå Granavolden er at plattforma er eit nøye balansert dokument for korleis landet skal bli styrt, og om ein bryt eit punkt, kan heile korthuset rase saman.

– Dersom ein bryt eit punkt i erklæringa, så set ein heile plattforma på spel. Frp var strålande fornøgde for fem månadar sidan, og dersom dei vil reforhandle eitt punkt no, så kan det hende vi har saker vi også vil reforhandle, seier Grøvan i KrF.

Difor er KrF sitt utgangspunkt at tre av desse krava ikkje ein gong kan bli diskuterte når partia no skal setje seg ned.

Dei fire partia er klare på at dei no skal diskutere, men der stoppar semja. Frp seier at dei no skal i forhandlingar, men Venstre og KrF kallar det heller for samtalar.

SISTE NYTT

Siste meldinger