Hopp til innhold

Det luraste Høgre-smilet på ni år

Erna Solbergs blå side vinkar farvel til regjeringspartia og dei raudgrøne. Forspranget for høgresida er det største etter stortingsvalet og Høgre har ikkje vore større sidan 2013.

Høgre-leiar Erna Solberg.

BLÅTT I FRONT: Erna Solberg og Høgre er klart i tet på siste måling. Raudgrøne partifargar kan ein knapt skimte i bakgrunnen.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Eitt år er lang tid i politikken.

13. september 2021 var det ingen tvil. Folket ville bytte ut Erna Solbergs blåe fleirtal med noko anna. Dei raude og grøne partia fekk 100 av dei 169 mandata på Stortinget. Ein knusande siger.

Men vinden snudde. Etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet danna regjering, mista dei raskt støtte.

Og avstanden berre aukar

For Høgre har halde fram med å vekse. Dei er det partiet som går mest fram denne månaden også, sjølv om endringa er innanfor feilmarginen.

Dersom Arbeidarpartiet og Senterpartiet var eitt parti, ville dei vore langt mindre enn Høgre er no, viser septembermålinga som Norstat har gjort for NRK og Aftenposten.

Partibarometer september

Periode 30/8–4/9. 940 intervjuer. Feilmarginer fra 1,2–3,8 pp.
R
6,8 %
+1,0
SV
7,4 %
−1,5
AP
19,6 %
+0,2
SP
6,4 %
+0,5
MDG
3,4 %
−0,3
KRF
3,1 %
−0,7
V
5,3 %
+0,7
H
32,4 %
+2,4
FRP
12,6 %
−1,8
Andre
3,0 %
−0,5
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Sjølv om regjeringspartia faktisk går nokre desimalar fram frå august, så har blå sides forsprang ikkje vore større i denne stortingsperioden enn det er no.

Høgre-hygge

Dermed er det duka for Høgre-leiar Erna Solbergs bergenske signaturkommentar:

– Det er hyggeleg!

Det har faktisk ikkje vore så hyggeleg på over ni år. Mai 2013 var sist gong Høgre var større i ei NRK-måling. Det var før Solberg i det heile tatt hadde vore statsminister i landet. No trur ho mange ønskjer seg blå regjering.

– Når vi går så mykje fram er det nok også fordi folk meiner vi prioriterte riktigare i regjering.

Til dagens regjering har ho følgande dom:

– Eg trur kanskje ein opplever at regjeringa har litt feil fokus i enkelte saker. Slik som fritt behandlingsvalg og endringar i skulen. Men på toppen av det er jo straumsaka den store saka. Eg trur mange er redd for privatøkonomien sin framover.

– Men det er jo ikkje så stor forskjell på Høgre og Ap i kraftpolitikken?

– Ein forskjell er at vi har vore tydeleg på at vi må gje straumstøtte til dei små og mellomstore bedriftene. Når vi møter konsekvensane av ein krig i Europa kan vi ikkje seie at dei skal betale rekninga. Då må vi ha eit spleiselag.

Veljarane peikar på straumen

Dagny Sten

VELJAR: Dagny Sten.

Foto: Alexander Nordby

Veljarar NRK treff på Strandtorget på Lillehammer tysdag, peikar på krig og straumkrise som forklaringar på det politiske bildet.

Vi spurde dei kvifor dei trur regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjer det så dårleg.

Eg trur det er fordi straumprisane er så høge og dei ikkje gjer noko konkret for å få dei ned.

Dagny Sten

Det har sikkert med straumprisar og energi å gjere.

Rune Tømte
Stenbakken

VELJAR: Stig Stenbakken.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Det har skjedd mykje etter regjeringsskiftet. Eg trur auka prisar og straum er mykje av årsaka.

Stig Stenbakken

Ville flytta inn i regjeringskontora

Omgjort til stortingsrepresentantar ser ein kor enorme endringane er på det året som har gått sidan valet.

Mandatfordeling septembermåling

Samanlikna med mandat i stortingsvalet 2021

Raudt

12 mandater
4 opp fra 2013

Sosialistisk vensterparti

13 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeidarpartiet

37 mandater
11 ned fra 2013

Senterpartiet

13 mandater
15 ned fra 2013

Miljøpartiet Dei Grøne

2 mandater
1 ned fra 2013

Kristeleg Folkeparti

2 mandater
1 ned fra 2013

Venstre

9 mandater
1 opp fra 2013

Høgre

58 mandater
22 opp fra 2013

Framstegspartiet

23 mandater
2 opp fra 2013

Andre

0 mandater
1 ned fra 2013
Norstat for NRK og Aftenposten

Slik partilandskapet ser ut no, er det ikkje ein gong noko problem for høgresida at KrF slit under sperregrensa på fire prosent - den som er avgjerande for å få inn mange representantar.

Høgre, Frp og Venstre ville åleine fått 90 representantar om dette var eit val. På Stortinget trengst 85 for å få fleirtal.

Det er inga gladmelding for statsminister Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre på besøk i Lillehammer.

MØRKT: Å køyre svart bil betaler seg ikkje nødvendigvis på målingane.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

NRK møter han på besøk hos IT-bedrifta Ikomm på Lillehammer.

– Kvifor går det så dårleg med Ap og Sp?

– Eg trur det heng saman med at vi sit i regjering. Då vi gjekk til val var det ei heilt anna tid. Det var ikkje krig i Europa. Det var inga djup europeisk kraftkrise. Det var ikkje inflasjon i verda på dette nivået.

Han trøstar seg med at han ikkje er åleine.

Jonas Gahr Støre på besøk i Lillehammer.

RUNDREISE: Jonas Gahr Støre på bedriftsbesøk på Lillehammer.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Dei låge tala stadfestar det vi ser i Europa no. Regjeringar som står i krisa med høge straumprisar, inflasjon og vanskelege levekår, har det tøft på meiningsmålingane. For det finst inga løysing som fiksar dette på kort sikt.

Han meiner regjeringa har eit dilemma overfor veljarane.

– Vi kan ikkje berre kaste pengar på dette, det vil vere veldig skadeleg for økonomien. Det må vi vere tydelege på, og det er nok litt vanskeleg å svelgje for mange.

Men han trur det finst ein veg til å vinne meir tillit frå folket.

– Vi må gjere det som er riktig no. Trygg økonomisk styring og ta vare på dei mest sårbare slik at vi kjem oss gjennom denne krisa.

AKTUELT NÅ